Barnehagelærarar er ikkje blekksprutar – men pedagogar med ansvar

Debatt: Barnehagane må slutte å basere drifta på at tilsette strekkjer seg lenger enn det som er forsvarleg.

Publisert Sist oppdatert

Eg er pedagog i barnehage, og ønskjer å setje søkelys på behovet for meir kvalifisert bemanning, betre arbeidsvilkår og reelle livsfasetiltak i barnehage.

Vi omtalar oss ofte som blekksprutar. Det er kanskje meint som ein spøk, men det ligg eit alvor bak.

Ein blekksprut har åtte armar. Det kan vere nyttig, for bemanningsnorma i barnehagane i Øygarden ligg på minimumsnivå, og er ofte berre oppfylt nokre få timar om dagen. Resten av tida strekk vi oss langt – ofte for langt.

Kort levetid

Levetida til ein blekksprut er kort, berre 1–5 år. Det er tankevekkjande. I barnehagesektoren ser vi at mange kvalifiserte tilsette forlèt yrket altfor tidleg. Mangelen på gode livsfasetiltak gjer det vanskeleg å stå i jobben over tid.

Blekkspruten har godt syn, men er fargeblind. I vår kvardag handlar det om å halde oversikt over mange barn samstundes, ofte i hektiske situasjonar. Vi gjer vårt beste kvar dag.

Blekkspruten kan òg kamuflere seg og tilpasse seg omgjevnadene på sekund. Slik er det òg for oss. Vi møter store emosjonelle krav, skiftar raskt mellom roller og handterer alt frå konfliktar til foreldre som leitar etter ei forsvunnen lue, gjerne utan namn.

Dyktige problemløysarar

Blekkspruten er ein dyktig problemløysar. Det må vi òg vere. Når ressursane blir færre, tek vi på oss oppgåver som eigentleg høyrer til andre tenester. Det går ut over tida vi skulle brukt saman med barna.

I tillegg er den også ein rømmekunstnar. Kanskje er det ikkje så rart at mange i vår sektor til slutt finn ein veg ut.

Når blekkspruten kjenner seg truga, sprutar den blekk for å forvirre. Vi kunne sagt mykje om digitale system som for eksempel Vigilo, men vi nøyer oss med å stille spørsmålet: Har det eigentleg gjort kvardagen enklare?

Blekkspruten passar på egga sine så intenst at den ofte gløymer å ete. Mange tilsette i barnehagen kjenner seg att i dette. Arbeidsmengda aukar, pausane blir færre, og omsorga for andre kjem før ein sjølv.

Vi har berre eitt hovud og to armar

Vi er ikkje blekksprutar. Vi er profesjonelle pedagogar , med eitt hovud og to armar. Vi treng rammer3 som gjer det mogleg å bruke kompetansen vår til det beste for barna.

Barnehagane må slutte å basere drifta på at tilsette strekkjer seg lenger enn det som er forsvarleg. Det krev betre bemanning i barnehagane, ikkje berre på papiret, men gjennom heile dagen. Det krev reelle livsfasetiltak, som gjer det mogleg å stå i yrket. Og det krev meir berekraftige arbeidsvilkår, der fagkompetanse blir verdsett, og helse, arbeidsmiljø og kvalitet blir tekne på alvor. 

Barnehagelærarar gjer ein god jobb kvar einaste dag, men dei må sleppe å vere blekksprutar for å få det til.