Dei stiller masterkrav til politikarane

Dekanen ved lærarutdanninga i Volda let seg ikkje imponere av skulepolitikken til den tidlegare studiekameraten.

Publisert Sist oppdatert

Volda, Møre og Romsdal: – Studentane treng desse fem åra for å bli gode lærarar. Kompetansen til å reflektere og analysere får ein best gjennom eit mastergradsløp, seier dekan ved avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Silje Ims Lied.

Ho har merka seg at masterkravet er oppe til diskusjon. Senterpartiet vil dele utdanninga i to og gje studentane høve til å jobbe etter at bachelorgraden er fullførd. Rødt meiner søkertala vil gå opp om ein fjernar masterkravet. 

Men det kling ikkje godt hos dei som utdannar framtidas lærarar ved Høgskulen i Volda.

– Lærarar har ofte dårleg tid og må vite korleis dei tileignar seg kunnskap. Dersom dei skal undervise om til dømes holocaust, får dei lite hjelp i læreboka til ein niandeklassing, som har lite tekst. Det hjelper heller ikkje å google kvelden før, seier førstelektor Elisabeth Teige. 

– Sluttkompetansen som tel

Ho trur ikkje mastergraden er hovudårsaka til ledige studieplassar på lærarutdanningane. 

– Eitt ekstra år, samanlikna med dei fire åra før, kan ikkje skremme så mange, seier Teige. 

Årsaka ligg ein annan stad, meiner ho og får samtykkande nikk frå Lied:

– Det må gjerast noko med arbeidsvilkåra i skulen. Det er det som gjer at folk ikkje søkjer.

Høgskulen i Volda er ein av 12 studiestader som har dispensasjon frå opptakskrava til lærarutdanning. Dekan Silje Ims Lied skulle gjerne fjerna opptakskrava for godt. 

– Det er sluttkompetansen som tel, ikkje om dei har låg karakter i eit fag dei uansett ikkje skal undervise i, seier ho.

– Vi kan gå glipp av glimrande pedagogar.

Elisabeth Teige drøymer om at 23/5-ordninga blir innført i lærarutdanninga. Ordninga finst i barnehagelærarutdanninga. Der kan vaksne som oppfyller nokre krav, få studieplass utan å ha fullført vanlig vidaregåande skule. 

– Eg håper det finst politisk vilje til å finne andre vegar inn i læraryrket. Har du for eksempel jobba i skulefritidsordninga i fem år og har fagbrev, burde det vere mogleg å kome inn på lærarutdanninga utan full studiekompetanse, meiner Teige.

Saknar pedagogikken

I 2023 starta arbeidet med å samle 11 rammeplanar for lærarutdanningane til éin. Han skal gi høgskular og universitet mindre statleg styring.

Utdanningsforbundet vil helst halde på dagens rammeplanar, av frykt for at enkelte studium blir nedprioriterte. Lied, derimot, gleder seg over forslaget. Ho trur det å kunne vektleggje fag og tverrfaglege tema som er etterspurde i praksisfeltet, vil vere ein stor fordel. 

Eit anna innspel ho ofte høyrer frå skular og studentar, er at dei saknar allmennlæraren. Med overgangen til grunnskulelærarutdanninga, forsvann mykje av pedagogikken.

– Må kunne handtere alle typar elevar – Lærarar treng meir pedagogisk kompetanse enn utdanninga gjer i dag. Dei må kunne sjå og handtere alle typar elevar og takle krevjande foreldresamarbeid, seier ho. 

Lied meiner òg at altfor mange masteroppgåver blir for teoretiske: – Dei må vere praksisnære, slik at dei faktisk kjem til nytte. 

Utdanning besøker Høgskulen i Volda nettopp fordi Frp-leiar Sylvi Listhaug utdanna seg til allmennlærar her. 

I val-podkasten «Har du fasiten?» fortel ho om studietida og si skepsis mot det ho meiner er ei alt for teoretisk utdanning. 

Silje Ims Lied tok faktisk spesialpedagogikk saman med Frp-leiaren. Men ho har lite til overs for skulepolitikken til den tidlegare studiekameraten, spesielt ikkje forslaget om permanent nivåinndeling i skulen.

– Det utfordrar fellesskulen, der det skal vere plass til alle, seier ho og legg til at forsking viser at elevar som presterer dårleg, vil prestere endå dårlegare med nivådeling. 

– Og dei som presterer høgt, vil gjere det litt betre. Men ikkje nok til å forsvare at andre elevar får det verre på skulen, seier ho.

Opptaksstriden

I 2016 innførte Høgre i regjering eit krav om minst karakter 4 i matematikk for å kome inn på lærarutdanninga. Seks år seinare fjerna Ap–Sp-regjeringa kravet. Dei innførte i staden regelen om at det held med eit snitt på karakter 3 i matematikk og norsk, så lenge ein har minst 35 skulepoeng. 

Høgre meiner: 

  • Strenge krav gir betre lærarar. 
  • Fagleg nivå må sikrast ved opptak Dei vil innføre karakterkravet på nytt 

Ap meiner: 

  • Firarkravet fører til lærarmangel
  • Gode lærarar blir stengde ute unødig Betre rekruttering krev breiare inngang

Guri Melby sleit litt med å sitte stille da hun gikk i i Gjølme barnehage i Orkland. I dag mener Venstre-lederen at det beste med norske barnehager nettopp er at leken står så sterkt. Hør intervjuet med Melby i podkasten «Har du fasiten» her.

Leder for Miljøparti De Grønne, Arild Hermstad, forteller at alle elevene på Rolland skole i Bergen fikk med seg stjernehoppet hans den dagen. Nå er målet å vinne lærerhjertene også. Hør Hermstads løfter i podkasten «Har du fasiten» her.

– Jenny  sa det var et kall å bli lærer, forteller leder for Kristelig Folkeparti, Dag Inge Ulstein. Hans drøm er at enda flere vil gjøre som Jenny. – Men da må lønna opp, sier han i podkasten «Har du fasiten». Hør episoden her

Høyre-leder Erna Solberg er bekymret for at mange med lærevansker oppdages for sent. I podkasten «Har du fasiten» serverer hun sin løsning. Hør episoden her

Rødt-leder Marie Sneve Martinussen blir litt sentimental når hun snakker om tida i Prestøya barnehage i Kirkenes. Bedre bemanning står høyt på ønskelista hennes for norske barnehager. Hør intervjuet med henne her

Ap-leder Jonas Gahr Støre er glad for at han fikk gå i samme klasse på barne- og ungdomsskolen. Han frykter at Fremskrittspartiets politikk vil splitte opp skolen, klassen og til slutt samfunnet. Hør Støre i podkasten «Har du fasiten» her

– Det var mye teori, men vi lærte lite om hvordan vi skulle omsette kunnskapen til undervisning, sier Frp-leder Sylvi Listhaug om lærerutdanningen hun tok i Volda på 90-tallet. Hør henne i podkasten «Har du fasiten» her

Senterpartiets leder Trygve Slagsvold Vedum har bare gode minner fra naturbruklinja ved Jønsberg videregående skole. I podkasten «Har du fasiten» snakker han også om det å vokse opp med to lærerforeldre. Hør episoden her

SV-leder Kirsti Bergstø glemmer aldri favorittlæreren fra Rognan skole i Bodø. Eller alle barna og den store skolegården der. Hun mener hun vet hva som skal til for at de skal få en enda bedre skolehverdag. Hør det i podkasten «Har du fasiten» her.

© Utdanningsnytt