Lærlingar kjenner seg ikkje godt nok førebudde til læretida i bedrift
2 av 10 lærlingar meiner dei ikkje hadde det grunnlaget dei trengde då dei kom ut i bedrift. Mange peikar på mangel på utstyr som eit problem.
– Det er brei politisk semje om at det skal satsast på yrkesfag, men likevel viser undersøkingar framleis at det manglar både utstyr og nødvendig kompetanse i skulane for at elevane skal vere godt nok førebudde på læretida ute i verksemdene, seier Ingeborg Lovise Tyse, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet.
Denne veka publiserte Utdanningsdirektoratet den årlege lærlingundersøkinga. Ho viser at mange trivst på arbeidsplassen og er motiverte for å lære. Fleirtalet seier òg at dei var godt førebudde på læretida, men 2 av 10 svarer at dei ikkje hadde fått opplæringa dei trengde på skulen, og at utstyret der ikkje var godt nok.
I 2024 konkluderte Riksrevisjonen med det same: «Kommunar og fylkeskommunar kjøper ikkje inn læremiddel og utstyr som dekkjer skulane sine behov», skreiv dei i si rapport.
I spørjeundersøkinga revisjonen gjennomførte, svarte 23 prosent av yrkesfaglærarane at det er mangel på utstyr og materiell som hindrar opplæringa.
Meir pengar og vidareutdanning
Utdanningsforbundet gjennomførte ei liknande undersøking i 2020. Der kjem det fram at 4 av 10 yrkesfaglærarar mangla utstyr dei treng for å gjennomføre undervisninga i tråd med læreplanen.
I den ferske lærlingundersøkinga svarer òg 14 prosent av lærlingane at lærarane mangla innsikt i det dei skulle møte i læretida. 24 prosent svarer «verken einig eller ueinig» på det spørsmålet.
Tyse etterlyser fleire tiltak:
– Det er mange fine ord, men for lite pengar og for lite handling. Det må kjøpast inn meir utstyr, og ein må få på plass fleire avtalar med verksemder om lån av utstyr frå dei, seier ho.
– Dessutan må fleire yrkesfaglærarar få tilbod om etter- og vidareutdanning og hospitering i verksemder. Det er krevjande å halde seg oppdatert, særleg i fag der den teknologiske utviklinga skjer raskt.
I dag kan yrkesfaglærarar få etter- og vidareutdanning både ved universitet og høgskular, eller ved fagskular. Men det er berre det førstnemnde som gir lønsmessig utteljing. Det finst òg ei ordning der yrkesfaglærarar kan hospitere i verksemder, men det finst ingen oversikt over kor mange lærarar som får nyttegjere seg av eit slikt tilbod.
– Det er ei ordning som må vidareutviklast. Hospitering må bli tilgjengeleg for alle yrkesfaglærarar som ønskjer det, seier Ingeborg Lovise Tyse.
Ho peikar òg på kor viktig YFF-faget er.
– Eit nasjonalt senter løyser ikkje problema
YFF står for yrkesfagleg fordjuping. I YFF får elevane prøve ut fagområde dei er nysgjerrige på, og ha delar av opplæringa i ei verksemd. Lærarane følgjer opp elevane medan dei er utplasserte. Forsking har vist at faget fører til betre samarbeid mellom lærarar og verksemder.
– Men mange stader ser vi at fylkeskommunen dessverre kuttar i talet på timar lærarane får til å følgje opp YFF-elevane. Det svekkjer ein viktig kontakt mellom skulane og verksemdene og tek frå lærarane eit viktig innblikk i korleis verksemdene jobbar, seier Tyse.
Ho håpar statsbudsjettet, som forhåpentlegvis ikkje er langt unna, vil by på gode nyheiter.
– Eg håpar politikarane gjer alvor av løfta dei har gitt om satsing på yrkesfagleg opplæring, seier ho.
– Det er fint og flott at ein har fått oppretta eit nasjonalt senter for yrkesfag, men satsinga må skje med pengar til fylkeskommunane og i den daglege skuledrifta. Eit nasjonalt senter gir ikkje elevar og lærarar meir av det utstyret dei treng på verkstada.