klasserom lærer elever

Skroting av lærarnorma betyr rasering av den offentlege velferda

Debatt: – Fleksibilitet og meir effektivisering er ikkje løysinga når det allereie er skore til beinet i dei fleste tenestene.

Publisert

 Underfinansiering av kommunane fører til rasering av den offentlege velferda. I ein håplaus kamp for å få kommunebudsjetta i balanse, vert velferdstenestene og offentleg velferd salderingspost. Like fullt har mange kommunar kronisk underskot. Krav om stadig meir effektivitet har ført dårlegare tenester, stress mellom dei tilsette, rekrutteringsproblem og arbeidsmiljøproblem, noko som igjen har ført til store meirutgifter, mellom anna til å dekkja ledige stillingar og vakter.

Resultatet av kommunekommisjonen sitt arbeid viser at kommisjonen ikkje forstår situasjonen i Kommune-Noreg. Fleksibilitet og meir effektivisering er ikkje løysinga når det allereie er skore til beinet i dei fleste tenestene. Fleksibiliteten i mange kommunar består stort sett i å kunne velja mellom kutt, nedskjering, effektivisering, nedlegging, omlegging eller omstilling – alternativ som alle går ut på det same. 

Då er det absurd at kommisjonen ikkje har anna å tilby enn endå meir å kutta i! Det vert jamvel framstilt som eit gode at kommunane sjølve skal kunne velja å skrota lærarnorma eller at dei sjølve skal kunne velja å sjå vekk frå kompetansekrav i helse og omsorg. Dei kallar det handlingsfridom! Men i kommunar med kronisk underskott betyr det i praksis sjølvsagt berre vidare avvikling av den offentlege velferda som generasjonane før oss har bygd opp. Det er trist, tragisk og skremmande. 

Det skulle vera sjølvsagt i eit rikt land som Noreg at utgangspunktet for fordeling av ressursar er folk sine behov. Når kommisjonen og regjeringa ikkje forstår det, må me fortelja dei det!