Scener frå ein dialog mellom skule og heim
Debatt: – Kven bestemmer over barna sin skjermbruk?
Er det foreldra som bestemmer over barna sin skjermbruk, eller er det skulen? Her følgjer ei historie frå verkelegheita, basert på ei e-postutveksling mellom ein forelder og rektor ved ein ungdomsskule:
Akt I: Digital kompetanse trumfar alt
Forelder: Hei! Eg er forelder til ein elev i 9. klasse og er gjort merksam på at ein del av leksene ho får er avhengig av tilgang til internett heime. Eg vil ikkje ho skal ha alt det internett har å tilby tilgjengeleg og utanfor vår kontroll. Då meiner eg ikkje berre på det som blir definert som «skadeleg innhald», men også mykje anna som ligg på internett som vi elles aldri hadde latt henne lese. I tillegg er det ei kjelde til distraksjon.
I dei timane ho er åleine heime kan vi ikkje kontrollere om hennar bruk av internett berre er knytt til lekser. Eg vil derfor at de konsentrerer bruken av slik opplæring til skuletida, og ikkje til lekser.
Rektor: Hei! Skulen sitt mandat er å gje elevane den digitale kompetansen dei treng for å delta i samfunnet. Det er ei av dei fem grunnleggande ferdigheitene. Å legge opp til kun manuelle prosessar på lekser vert svært begrensande for val av aktivitetar, og vere eit problem for dei mange som har stor nytte av lese- og skrivestøtta som dei digitale programma gir.
Eg vil råde deg til å legge inn tidsavgrensing på heimenettverket, slik at ho får nettilgang kun i perioder det er vaksne heime. Eit alternativ er å legge inn eit passord som ein av de vaksne skriv inn på maskina hennar når ho skal gjere lekser, og deretter loggar av nettet når ho er ferdig. Eg håper dette var oppklarande.
Forelder: Takk for svar! Eg synest ikkje dette er ei tilfredsstillande løysing. Lekser er arbeid som eleven skal ha for å øve seg i å jobbe sjølvstendig. Eleven skal derfor kunne jobbe med dette også når foreldre er på arbeid, og utan at foreldre skal stenge av internett eller sitje ved sidan av eleven for å sjå til at ein berre brukar internett til lekser. Opplæring i såkalla digital kompetanse kan foregå i sjølve skuletida, og retteprogram og liknande verktøy bør ein kunne ordne innanfor det ein kallar tilpassa opplæring for den enkelte elev.
Rektor: Eg vil be deg å ta opp dette spørsmålet i FAU. Det har ikkje kome noko signal frå FAU på at det er eit ynskje at elevane i ungdomsskulen ikkje skal utsettast for ope internett gjennom skulen si digitale eining i leksearbeidet. Ei endring av praksis må gjerast i felles drøfting med skuleeigar, skule og føresette og gjelde alle.
Forelder: Eg finn det naturleg å stille til deg desse spørsmåla som rektor og øvste pedagogiske leiar:
- Foreldre bestemmer sjølv kva dei vil ha inn i sin private heim, anten det er bøker, filmar el.l. Er chromebook utstyrt med filter som kan hindre elevane i å sjå videoar av td. Andrew Tate (for å bruke eit velkjent eksempel) eller liknande uønska innhald?
- Viss svaret på fyrste spørsmål er nei, kvifor skal foreldre godta at elevane som ein del av leksearbeidet skal kople seg til internett som også kan gjere denne type innhald tilgjengeleg?
- Korleis skal foreldre vere sikre på at chromebook berre blir brukt til lekser?
Akt II: Konsensus om konsensus
Rektor: Det er brei konsensus i samfunnet om at unge skal lære seg å nytte Internett, der målet er at dei vert kritiske og kloke brukarar. Internett er eit verktøy som nær sagt alle samfunnsdeltakarar må nytte seg av på ein eller annan måte. Så også elevane på ein ungdomsskule.
Du er den første som uttrykkjer eit ønskje om at ungdomen din ikkje skal ha tilgang til Internett utan tilsyn. Vi kan aldri vere sikker på at ungdomane nyttar digitale flater med nettilgang til det som er meininga, men er svaret å kontrollere ungdomen, eller gi god opplæring med tillit, og heller rettleie om ein oppdagar at ungdomen tek dårlege val? Ungdomstida er gjerne ei tid for prøving og feiling.
Når dei vert 18 år, må dei ha lært nok til å ta ansvar for eigne handlingar. Då er ungdomsskuletida er ei viktig tid for digital læring, og få til å få tillit frå oss vaksne rundt dei. Og konsekvens om tilliten vert broten.
Dette er ei sak du må ta opp i FAU . Mitt personlege syn er irrelevant så lenge både læreplanar og «folk flest» meiner ein skal gi ungdomar tillit, kunnskap og vit til å bruke Internett. Blir det ei endring i samfunnet, og FAU ynskjer ei revurdering av ein praksis som no er etablert i alle norske skular, vil eg sjølvsagt ta opp saka med skuleeigar og dei tilsette.
Forelder: Beklager, men eg klarer ikkje å følgje logikken i resonnementet ditt: For viss det verkeleg er slik at elevane skal få opplæring i internett utan kontroll og berre basert på tillit, ja då hadde det vel heller ikkje vore nødvendig med eit filter for «skadeleg innhald».? Dersom det skal vere ein konsekvens viss tilliten blir broten, då må det likevel også vere ei form for kontroll slik at foreldre kan oppdage eventuelle brot på denne tilliten?
Det er rett at det er brei einigheit om at unge skal lære seg bruk av internett, men det det er konsensus om er at denne opplæring skal skje innanfor trygge rammer, og då må det vere ein viss kontroll. Det at skulen sender med elevane ein chromebook som i tillegg til «læremiddel» også inneheld det meste som internett har å by på utan å be om løyve, er vel nærast ei form for innvadering av privatlivet? I delar av Oslo-skulen har elevane sine nettbrett kun tilgang til læremiddel laga for undervisning (lærar kan også opne for internett). Dette burde vere ei løysing også de kunne leve med?
Akt III: Systemet er rigga
Rektor: Løysinga du løftar fram her er ikkje mogleg slik systemet er rigga per no. Eg må anbefale deg å ta kontakt med kommunalsjef oppvekst når det gjeld systema som kommunen har vedtatt å bruke.
Forelder: Eg forstår at val av tekniske løysingar blir gjort på høgare nivå, men har du ikkje kommentarar til det andre eg skriv i e-posten? Har eg misforstått resonnementet ditt om tillit?
Rektor: IKT jobbar no med å få på plass ei snarleg løysing for eit endå tryggare digitalt miljø. Løysinga vil gje større moglegheiter for å sperre tilgang til skadeleg innhald. Når det gjeld resonnementet kring tillit og kontroll forstår eg at du ynskjer eit betre system for kontroll. Ein slik kontroll har ikkje skulen høve til å utføre på grunn av personvern og elevane sin alder. Vi får ikkje lov å utføre innsyn i elevane sine nettlesarloggar på grunn av elevane sin rett til privatliv. Føresette har derimot denne retten som ansvarlege for barnet.
Forelder: Då har eg tre korte og muligens siste spørsmål:
- Du skriv at den nye løysinga skal «gi større moglegheiter for å sperre tilgang til skadeleg innhald på nett.» Betyr det at dagens filter ikkje er bra nok til å skape trygge rammer for opplæringa?
- Er for eksempel ein video (eller liknande) med Andrew Tate definert som «skadeleg innhald» som noverande filter vil fange opp?
- Verkar dette «filteret» på heimenettverket?
Rektor: (…)
Forelder: Hallo?? Er det nokon der??