Årlege og vårlege forhandlingar, vaksenopplæringa sitt kjipaste eventyr
Debatt: Dei som står i førstelinje for integreringa, blir knapt nemnde i lønsforhandlingane.
I vårhalvåret er det eit uttrykk som etter kvart har blitt ein klisjé, kor mange gonger har eg ikkje høyrt «vårens vakraste eventyr» brukt om hendingar som på ingen måte er eventyrlege. For oss som har slutta å tru på eventyr for lengst, kan eg til nød strekke meg til å kalle dei årvisse forhandlingane om løn og arbeidstid for eit ekstremt føreseieleg og kjedeleg eventyr for oss i vaksenopplæringa.
Sist oppslag på Utdanningsforbundet sine sider om årets oppgjer, blir lite nemnt ut over at ein vil ha styrka godtgjersle for arbeidstøy for barnehagetilsette og sjukepleiarar. Vel og bra. Kveldstillegg i vaksenopplæringa mellom 28 og 32 kroner i timen er på den andre sida heilt til å leve med for Utdanningsforbundet, KS og det som måtte vere av andre organisasjonar. Konsensusen om likesæle er monumental og stillheita til å ta og føle på.
Denne stillheita har organisasjonane og KS levd tilsynelatande godt med i 20 år, heilt sidan KS fekk arbeidsgjevaransvar. Gratulerer med jubileumsår til alle som ikkje bryr seg med urettvisa, og kondolerer til alle kveldsarbeidande lærarar som forsakar familieliv og anna sosialt liv for den svimlande nettosummen som ramlar inn på kontor kvar månad, på om lag 500 kroner etter skatt . Spør vi gjennom «linja» i organisasjonen om engasjement for dette er det som å kaste ein mynt i ein botnlaus brønn. Ikkje ein gong ekkoet svarar.
I tillegg gjer manglande kontaktlærargodtgjersle i kroner og øre at lærarar i vaksenopplæringa ligg minst eitt lønsoppgjer etter sine kontaktlærarkollegaer i vidaregåande og grunnskule. Deltakarar i vaksenopplæringa har òg behov for at vi hjelper dei og følgjer dei opp med saker som ikkje er direkte relevant for det faglege. Som ein kollega sa til meg: ordinære elevar er stort sett i ein normaltilstand, medan mange deltakarar sin normal er faktisk ein unntakstilstand, der dei har utfordringar med både byråkrati, å orientere seg i samfunnet, og den emosjonelle påkjenninga det er om ein er flyktning i nytt land. Mange norskfødde i vaksenopplæringa treng og at vi er tettare på, særleg dei som har droppa ut av opplæringa tidlegare i livet.
Det er vanleg med avsett tid, men ikkje pengar for å vere kontaktlærar i vaksenopplæringa. Både i grunnskule og ordinær vidaregåande er det tid OG pengar. Medan det vert kjempa for godtgjersle for arbeidstøy for barnehagetilsette og sjukepleiarane har vi det paradokset at sjukepleiarane har ei systematisk godtgjersle for overtid, helgearbeid og turnus som langt overgår lærarane sitt arbeid etter ordinær arbeidstid. Sjølv etter at dei har betalt for eige tøy, sit dei att med ein langt høgare netto for ugunstig arbeidstid enn lærarar som arbeider på kveld.
Det sjuke er at det er ikkje det store talet lærarar det er snakk om. Om ein ga kveldsarbeidande lærarar ei godtgjersle til og med på dei 30 prosent som dei får i Oslo som forhandlingsområde, ville det knapt laga eit hakk i total lønsmasse. Likevel får denne urettvisa tutle og gå. Lærarane i vaksenopplæringa er ignorert og underkjent, til trass for at det er vi som står i førstelina for landet sitt integreringsprosjekt, samt det å hjelpe vaksne som har falt av utdanningshesten tidlegare i livet, opp att i salen. I samfunnsrekneskapen ser vi dagleg konkret avkasting av arbeidet vårt, gjennom ny kompetanse, nye jobbhøve, styrka livskvalitet. Å vere «gagns menneske» er å vere nyttig og dermed å få brukt ressursane sine for seg sjølv og samfunnet, og vi i vaksenopplæringa er medhjelparar for å utvikle gagns menneske og strålande medborgarar dag etter dag.
Likevel er vi eit ikkje-tema i ordskiftet om skule og rundt forhandlingsbordet , og likevel får vi ikkje målbar anerkjenning på lik line med andre tilsette i skuleverket. Det er dryge saker dette, som gjer dei årlege forhandlingane til årets kjipaste eventyr for lærarar i vaksenopplæringa.