Galina Merkulova, leder av den russiske lærerorganisasjonen ESEUR. Her fotografert på Education Internationals verdenskongress i Porto Alegre i Brasil i juli 2004.
Arkivfoto: Knut Hovland.
Internasjonal lærarorganisasjon vurderer framleis suspensjon av russisk lærarorganisasjon
Toppleiinga i den internasjonale lærarorganisasjonen, EI, har utsett å ta stilling til medlemskapen til den russiske lærarorganisasjonen.
Frå
sekretariatet til Education International (EI) får Utdanningsnytt vite at grunnen
til utsetjinga er at president, assisterande president og generalsekretær, som er
arbeidsutval i organisasjonen, meiner dei treng meir informasjon for å ta
stilling til spørsmålet. Det er særleg dei ukrainske lærarane sitt syn dei vil vite
meir om. Nytt møte vil finne stad i løpet av februar.
Den
russiske lærarorganisasjonen Eseur har støtta krigen i Ukraina. Eseur er medlem av Education International, der Utdanningsforbundet er sterkt involvert. 24. mai 2022 vektok EI at ekspertkomiteen skal vurdere suspensjon av Eseur, og at dette skal vere ei hastesak.
1. mars 2022 hadde Utdanningsnytt eit intervju med ein representant frå den
ukrainske lærarorganisasjonen Pon, som er medlem i Education International. Representanten
sat i eit bomberom og måtte av tryggingsomsyn vere anonym. Men oppfordringa til EI var klar: Ekskluder
den russiske lærarorganisasjonen Eseur.
Den ukrainske lærarorganisasjonen viste i mars i fjor til krava frå lærarorganisasjonane i Litauen, Latvia
og Polen om at den russiske lærarorganisasjonen eseur blir
ekskludert frå EI. 23. mars
seier representantar frå Pon igjen til Utdanningsnytt at EI må ekskludere den
russiske organisasjonen.
18. mai
etterlyste spesialrådgivar Christer Holmlund i den finske lærarorganisasjonen «Undervisningssektorns
Fackorganisasjon OAJ meir informasjon om dialogen mellom EI og Eseur. Holmlund er også
generalsekretær i Nordiske Lærerorganisasjoners Samråd, der både
Utdanningsforbundet og Skolenes Landsforbund er medlem. Medlemsorganisasjonane i Latvia, Litauen, Polen Tsjekkia, Slovakia og Finland har alle reist spørsmål om Eseurs medlemskap i EI etter at krigen braut ut.