Vidaregåande skular: Frå nedbygging til forsterking

Debatt: – I staden for å satse på nedbygging som hovudstrategi må det leggast til rette for at dei vidaregåande skulane utvidar arbeidsfeltet sitt.

Publisert

Det blir litt færre i aldersgruppa 16 til19 år dei komande åra. Den vanlege budsjettlogikken i mange fylkeskommunar tilseier at det då må kuttast i klassar, studietilbod og skular. Dette er kortsiktig og kostbar politikk.

At det blir justeringar i fagtilbodet ved somme skular, er ikkje det største problemet. Men ofte ser vi at det blir kutta for hardt. Det rammar dei unge, og det rammar mange lokalsamfunn.

Enn om politikarar og administrasjon i staden spurde: Korleis kan vi å styrke og utvikle fylket vårt gjennom meir kunnskap til fleire? Korleis kan vi bruke skulane - bygningar, utstyr og lærarkrefter - til å bygge meir kompetanse?

I mange fylkeskommunar blir det sett for snevert og for tradisjonelt på kva dei vidaregåande skulane kan tilby. Skulane sitt potensial i til dømes etter- og vidareutdanning for vaksne blir undervurdert, ofte neglisjert.

Tankegangen i fylkeskommunane må snuast. I staden for å satse på nedbygging som hovudstrategi må det leggast til rette for at dei vidaregåande skulane utvidar arbeidsfeltet sitt. Ambisjonen må vere at dei fleste skulane blir lokale og regionale kompetansesenter som treffer fleire enn ungdom med rett til vidaregåande opplæring. Denne retten er dessutan utvida frå 2024, både for unge og vaksne.

Sjølvsagt skal ungdom alltid ha første prioritet i vidaregåande opplæring. Men samstundes har ei rekkje utgreiingar dei siste åra peika på behovet for nye strategiar og tiltak for at folk skal kunne «lære heile livet». For styresmaktene er det ikkje nødvendig å famle etter nye strukturar eller nye organisasjonsformer for å sette ei slik kompetansereform ut i livet. Grunnstrukturen er der allereie, gjennom vidaregåande skular. Dei har i stor grad kompetanse til å ta på seg fleire utdanningsoppgåver, også i samarbeid med andre utdanningsinstitusjonar.

Dei vidaregåande skulane kan til dømes:

  • gi opplæring og utdanning i samspel med lokalt og regionalt næringsliv, også offentleg sektor
  • syte for vidare- og etterutdanning for vaksne, i og utanfor arbeidslivet
  • gi tilbod til dei som treng å bli betre rusta for høgare utdanning
  • Somme skular driv med noko av dette allereie. Men det må satsast kraftigare og meir systematisk. Statsrådane i Kunnskapsdepartementet må ta initiativ til ein nasjonal strategi der vidaregåande skular får ei langt meir sentral rolle når det gjeld kompetanseutvikling i samspel med både offentleg og privat sektor. Då vil fleire skular vere liv laga.

Sentrale utdanningspolitikarar, enten det er på Stortinget eller i departementa, har ikkje brydd seg om å sjå kva dei vidaregåande skulane kan tilby. Og det må leggast til – skulen sine folk har heller ikkje vore særleg offensive.

Forventningane til fylkeskommunane når det gjeld etter- og vidareutdanning har blitt tydelegare dei seinare åra. Som vanleg har sentrale styresmakter svikta når det gjeld finansiering.

Landets fylkespolitikarar må samle seg om å krevje statelege endringar som styrker utdanningstilbodet i fylka. No ser vi i staden at nedbygging i eitt fylke blir grunngitt med at andre fylke driv med det same. Dette er ein defensiv strategi.

Det trengst kraftige tiltak for å hindre fråflytting i mange distrikt. Eit godt og breitt utdanningstilbod til ungdom og vaksne er eit opplagt verkemiddel i så måte. Både lærarar og elevar kan dra nytte av eit forsterka samspel mellom skulane og næringslivet, offentleg sektor og andre utdanningsinstitusjonar. Samstundes kan dette vere med på å oppretthalde eit desentralt tilbod innan vidaregåande opplæring.

 

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS