Urolege hender og føter har ein viktig beskjed til oss
Når elevar trommar på pulten, bit på blyanten, eller stadig vekk tek på seg hette – kva er det eigentleg som føregår? Korleis forstår vi slikt?
Vi har lenge sagt «all åtferd har ein grunn». No seier vi
litt klokare: Sansesøking eller sanseunngåing er ofte et forsøk på å møte et
nevrologisk behov (Warner et al, 2021).
Det er noko barnet ubevisst prøver å få til med den hetta
eller den capsen. Kva då? Jo, den snevrar inn synsfeltet, skjermar deg for
inntrykk. Det er sanseunngåing, som har ei regulerande effekt. Og den blyantknaskinga?
Den er ei form for sansesøking, som har ei regulerande effekt. Og den som er
regulert, er mykje betre i stand til å ta til seg ny kunnskap.
Eit grunnleggjande behov for balanse
I boka «Fra uro til ro», skriv Næss Johannessen og Bakken
(2020) følgjande: «Sansemotorisk stimulering er et grunnleggende behov –
likevel forsøker vi ofte å overstyre dette behovet. Dersom vi tvinges til å
sitte stille over lengre tid og bruke av vår kognitive kapasitet, vil vi enten
kjenne et sterkt behov for å røre på oss, eller vi vil dissosiere». Kva betyr
dette? Vi blir rastlause, eller vi koplar ut og blir fjerne og slappe.
Vidare forklarer Næss Johannessen og Bakken: «I et klasserom
vil vi lett kunne se hvem av barna som forsøker å hjelpe sin egen hjerne på den
ene eller den andre måten. Problemet er at voksne har ein tendens til å stoppe
denne selvhjelpen».
Desse handlingane som blir stempla som uro, er mange gongar
hjernen sitt forsøk å kome i balanse. Vi vaksne må difor vere klar over at når
vi ber elevar om å slutte å bite på blyanten, fikle med ting, eller sprelle med
beina gjer vi det vanskelegare for dei å halde seg i «læringsvindauget» (Næss
Johannessen og Bakken, 2020). Vi trur vi hjelper dei til ro og konsentrasjon,
men sannsynlegvis er det det stikk motsette som skjer.
Oppgåva blir difor å heller spørje seg: Kva er det
barnehjernen forsøker å få til no? Denne eleven som brettar papirfly av alt han
ser, har openbert eit behov for taktil stimulering. Kva kan vi gjere for at ein
får dekt dette behovet utan at det skal suse papirfly rundt i rommet? Kan han
få ein klump plastilina i staden for? Og desse urolege beina, kan dei få ein
strikk på stolen, slik at dei kan få sprelle litt utan at klasserommet blir
reine friidrettsbana?
Nye reglar for caps og matboks
Det er heilt avgjerande, både for læring og trivsel, å lage
skolekvardagar for barn som er på lag med biologien. Kva drøymer eg om? At det
kjem ein dag, kor vi ber alle elevar om å ta på hettegenser når det er tid for
nasjonale prøvar. Så ber vi alle ta med ekstra niste, slik at vi kan fylle opp
lagra før vi startar. Tenk om resultata hadde gjort eit hopp?
Men skal vi ikkje ha nokre rammer og reglar då? Jo,
absolutt. Eg trur på ein skole der vi har klare rutinar, reglar og
forventningar. Eg trur på ein skole der vi er knalltydelege på at alle former
for krenkingar er heilt uakseptabelt. Samstundes trur eg på at vi tek ein ny
kikk på reglar for slikt som capsen, matboksen og vannflaska. For den vaksne
som tviheld på at du ikkje får ta ein bit frå matboksen før kl. 11:00, den køyrer
utdanningsløp med handbrekket på.
Kjelder:
«Frå uro til ro» (Næss Johannessen og Bakken, 2020)
«Transforming trauma in children and adolescents» (Warner
et al, 2021)
Ingrid Kristine Aspli
er barnepsykolog. Hun brenner for barndommens egenverdi, hvordan vi kan lage helsefremmende hverdager for barn, lek som helende kraft, både for voksne og barn.