Får barnehagelærarane brukt kompetansen sin til det beste for barna? Mykje tyder på at det er behov for ei grundig opprydding i roller og ansvar.
Publisert
Annonse
Profesjonen må
ta eigarskap til utviklinga av barnehagen – særleg når kvardagen, oppgåvene og
behova endrar seg. Då må profesjonen vere ei tydeleg stemme – og profesjonen,
det er vi barnehagelærarar. Barnehagelærarar kjenner kvardagen, utfordringane
og moglegheitene – og det må få konsekvensar for korleis barnehagen blir
utvikla vidare.
Annonse
Opprydding i
roller og ansvar
Annonse
Utdanningsforbundet
inviterer medlemmene til debatt i lokallaga i heile landet om to
nøkkelspørsmål: kva barnehagelærarrolla skal romme, og korleis arbeidstida vår
må organiserast for å sikre kvalitet. Desse spørsmåla handlar ikkje berre om
struktur, men om barna, profesjonen og eit berekraftig yrkesliv.
Oppgåvene i
barnehagen har auka, medan tida ikkje strekk til. Når fleire ikkje-faglege
oppgåver også skal ha plass, går dette utover det pedagogiske arbeidet og tida
saman med barna. Spørsmålet er om barnehagelærarar får brukt kompetansen sin
til det beste for barna.
Mykje tyder på at det er behov for ei grundig
opprydding i roller og ansvar. Kva høyrer til i lærarrolla, og kva gjer det
ikkje? Og korleis kan vi sikre at barnehagen framleis vert ein pedagogisk
arena, og ikkje berre ei endelaus lang oppgåveliste?
Ei
arbeidstidsordning for framtida
Utdanningsforbundet
har òg starta eit utviklingsarbeid om framtidas arbeidstid. I mange år har
organisasjonen kravd meir tid til planlegging, utan at arbeidsgjevar har vore
villig til å lytte. Samstundes opplever barnehagelærarar at viktig
planleggingstid fell bort fordi ein må dekke sjukdom og låg bemanning.
Utan tid
til planlegging blir det vanskeleg å oppretthalde kvalitet. Dette kan ikkje
løysast ved at den enkelte strekkjer seg endå litt meir. Anten held vi fram med
å tilpasse oss rammer som svekkjer yrket – eller så set vi kursen sjølve.
Kva slags
arbeidstidsordning kan gje barna eit godt pedagogisk tilbod, men også vere
berekraftig for dei tilsette? Som får tilsette til å stå ut heile yrkeslivet,
og som i tillegg kan vere rekrutterande?
Møt opp på
medlemsmøte, del dine erfaringar og tankar med andre barnehagelærarar om kva
profesjonen treng vidare. Dersom vi ikkje set retninga for framtidas barnehage,
vil andre gjere det for oss.
Annonse
Denne artikkelen sto også på trykk i Første steg nr. 2/2026
Mari, også kjent som BokstavMari, er lærer og forfatter med særlig interesse for tidlig skriving i begynner-
opplæringen. Hun arbeider med opp-
dagende og meningsfull skriving og er opptatt av en balansert bruk av digitale og analoge verktøy.
Kenneth Bareksten
Kenneth er lektor i Osloskolen med en videreutd. i spesialpedagogikk. Bakgrunn som håndverker, men hoppet av og tok en master på Universitetet i Oslo i britisk poesi fra barokken. Opptatt av inkludering, språklige ferdigheter og ansvarlig bruk av teknologi i skolen. Han har gitt ut to bøker og driver Laererliv.no.
Kjersti Eggen Dahl
Kjersti har lektor-
utdanning og PhD i utdanningsvitenskap fra NTNU. Hun er førsteamanuensis i samfunnsfag ved samme universitet og er særlig opptatt av demokrati-
utdanning, unges samfunnsengasjement og klasserom med livlige diskusjoner.
Ola Buxrud
er familiemann, ved-entusiast og lektor i videregående skole i Oslo. På Utdanningsnytt skriver han primært om videregående opplæring.
Anita Holm Cirotzki
er barnehagelærer, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og leder i kontaktforum for barnehage. Hun er også fast spaltist i Første Steg.
Ingeborg Lovise Tyse
er fra Randaberg i Rogaland og har undervist på videregående siden 2004. Hun er sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og leder yrkesfaglig forum. Hun er også fast spaltist i Yrke.