Konrad Lillevevang.

Han skal leie nytt nasjonalt senter for yrkesfag

Konrad Lillevevang skal leie eit nytt nasjonalt senter for yrkesfaglege utdanningar i Molde.

Publisert

I år har 54 prosent av søkjarane til vidaregåande skular valt yrkesfag som sitt førsteval. Det viser tal frå Utdanningsdirektoratet.

Det same direktoratet etablerer no eit nytt nasjonalt senter for yrkesfaglege utdanningar i Molde. Dei skriv på heimesidene sine at senteret skal bidra til å vidareutvikle og styrkje fag- og yrkesopplæringa.

Målet er at fleire gjennomfører yrkesfagleg utdanning, og at utdanningane er i tråd med samfunnets og arbeidslivets behov.

Mannen som skal leie det heile heiter Konrad Lillevevang.

Lillevevang har bakgrunn fra offentleg og privat sektor og kjem frå stillinga som dagleg leiar for den tverrindustrielle næringsklynga NCE iKuben. 

– Å utdanne fleire fagarbeidarar er ei nøkkeloppgåve for å sikre at vi som samfunn kan løyse dei oppgåvene vi står overfor dei neste tiåra. Eg ser fram til å bidra med å bygge opp det nasjonale senteret, samarbeide med sentrale partar og å bidra til å utvikle fagopplæringa i Noreg, seier Lillevevang i ei pressemelding.

Senteret opnar i Molde i august 2025 og skal vere i normal drift frå 2026.

Powered by Labrador CMS