Klumpen i magen ved barnehageporten

Debatt: Det er stor forskjell på bemanning på papiret og i barnehagekvardagen.

Publisert

Det finst få saker som rører oss så sterkt som når det handlar om dei aller minste barna våre. For foreldre skal barnehagen vere ein stad prega av tryggleik, omsorg, leik og utvikling. Vi skal kunne levere frå oss det kjæraste vi har, med vissheit om at nokon har tid til å sjå, trøyste, oppmuntre og vere til stades. Men stadig fleire foreldre opplever det motsette.

Klumpen i magen

Eg har fått ei sterk skildring frå ei mor som for tredje gong skal sende eitt av barna sine i barnehagen. Ho fortel om gleda over alt det gode barnehagen kan gi – dyktige tilsette, tilrettelagde aktivitetar, leik, song og læring. Samstundes fortel ho om ein vond klump i magen som ikkje slepper taket.

Ikkje fordi ho tvilar på dei tilsette. Tvert imot. Ho veit at dei gjer alt dei kan. Problemet er at dei rett og slett er for få.

Bemanning på papiret

Dette er kjernen i utfordringa mange barnehagar står i: Dei kan oppfylle bemanningsnorma på papiret, men likevel vere underbemanna store delar av dagen.

Barnehagane held gjerne ope frå klokka 07.00 til 16.30. Arbeidsdagane til dei tilsette er kortare enn opningstida. Difor må den lovpålagde bemanninga strekkjast tynt utover heile dagen. Resultatet er at det ofte er svært få vaksne til stades om morgonen og om ettermiddagen – nett då mange barn blir leverte og henta. Samstundes har pedagogane planleggingstid, møte og andre lovpålagde oppgåver. Den bemanninga som på papiret ser god ut, blir i praksis langt tynnare.

Foreldra ser det. Dei tilsette kjenner på det – kvar einaste dag. Og barna merkar det.

Mora fortel om sonen sin. Han er litt sein motorisk, men tidleg utvikla språkleg. Nettopp derfor er ho redd for at omgivnadene overvurderer kor sjølvstendig han eigentleg er. Ho veit at han treng ein vaksen som har tid til å setje seg ned på golvet, leike med han, utfordre motorikken og vere tett på når han utforskar verda.

Ho veit òg at den tida ofte ikkje finst.

Han er på god veg til å slutte med bleie. Heime får han hjelp når han treng det. I barnehagen fryktar ho at ingen har høve til å følgje han på do når han treng det, fordi dei vaksne allereie spring mellom bleieskift, trøysting, konfliktløysing, måltid og alle dei andre oppgåvene som fyller ein heilt vanleg barnehagedag.

Ho veit at dei tilsette ønskjer å hjelpe. Men ho veit òg at dei kanskje ikkje rekk det.

Umoglege val kvar dag

Førestill deg korleis det må kjennast som mor å vite at barnet ditt kanskje må vente på hjelp. At du leverer barnet ditt til menneske du har full tillit til, men samstundes veit at dei ikkje har nok tid til å gi den omsorga dei sjølve ønskjer å gi.

Det er ei fortviling ingen foreldre burde kjenne på. Det er ei forStviling ingen tilsette burde stå i.

For dette handlar ikkje om enkeltpersonar. Det handlar om eit system som er dimensjonert for eit gjennomsnitt som ikkje finst i røynda. Bemanningsnorma tel talet på tilsette, men tek ikkje høgd for at barnehagen er open nesten ti timar kvar dag, at dei tilsette har ulike vakter, pausar, planleggingstid, møte, sjukefråvær og andre oppgåver som gjer at den faktiske bemanninga rundt barna ofte blir langt lågare enn tala gir inntrykk av.

Konsekvensen er at dei tilsette kvar dag må gjere umoglege val: Kven skal trøystast først? Kven skal få hjelp på do? Kven skal få sitje på fanget? Kven må vente litt til? Ingen burde måtte ta slike val. Den enklaste løysinga ville ofte vore éin ekstra vaksen. Éin som kunne teke imot barna om morgonen. Éin som kunne sett seg ned på golvet og leika. Éin som kunne teke det ekstra bleieskiftet utan at resten av avdelinga stoppa opp. Éin som kunne gitt dei tilsette litt meir rom til å vere dei varme og tilgjengelege omsorgspersonane dei ønskjer å vere.

Fleire vaksne rundt barna

Det er nettopp derfor Venstre har prioritert ekstra pengar til skular og barnehagar i våre budsjett. Vi har gjort det fordi vi ser at kvardagen er blitt for pressa. Vi veit at fleire hender ikkje løyser alle utfordringar, og vi skal vere ærlege på at det ikkje er sikkert det vi har prioritert er nok. Men vi veit også at dei yngste barna våre er det viktigaste vi har. Difor meiner vi at det er rett å prioritere dei. Målet er å bidra til litt meir tryggleik og litt meir ro – både for foreldra som leverer frå seg det kjæraste dei har kvar morgon, og for dei tilsette som kvar dag gjer ein formidabel jobb under stadig meir krevjande rammevilkår.

Når foreldre fortel om ein klump i magen før barnehagestart, er det eit varsku vi må ta på alvor. Dette er ikkje kritikk av dei tilsette. Det er eit rop om hjelp på vegne av både barna, foreldra og dei tilsette.

Bemanningsnorma åleine er ikkje nok dersom ho ikkje gir nok vaksne til stades gjennom heile den lange barnehagedagen. Skal vi sikre den trygge og gode barnehagen alle ønskjer seg, må vi tørre å innsjå at det er stor forskjell på å ha nok tilsette på papiret – og å ha nok vaksne saman med barna når dei faktisk treng dei.