Tyske politikarar diskuterer å senke krava i lærarutdanninga

Politikarane erkjenner at lærarmangel vil vekse seg til eit stort problem. Nå diskuterer dei om lågare krav i lærarutdanninga kan føre til fleire lærarar.

Publisert

Under ein konferanse for utdanningsministrar i Forbundsrepublikken nyleg tok utdanningsminister Dorothee Feller i Nordrhein-Westfalen til orde for lågare krav for å kome inn på lærarutdanninga. Det er fjernsynsstasjonen ZDF som melder dette.

Ho får støtte frå utdanningsforskar Klaus Klemm. Han meiner det er mange unge kvinner som gjerne vil undervise i dei lågaste klassetrinna. Men dei har for dårleg karakterar frå vidaregåande til å kome inn på lærarutdanninga.

-Ingen skal fortelje meg at ein må ha toppkarakterar frå vidaregåande for å undervise i dei første skoleåra, blir han sitert av ZDF.

Kortare utdanning

Utdanningsminister i Thüringen Helmut Holter gjorde framlegg om å gjere utdanninga kortare, og med det meir attraktiv. Han meiner og at ein ikkje skal vere så streng med å hindre at folk kjem inn i læraryrket «gjennom bakdøra», men sjå større på det.

-Uansett må vi gjere læraryrket meir attraktivt, understreka Holter.

Søkt utafor Tyskland

Skolestyremaktene i Sachsen-Anhalt har søkt etter lærarar i Europa utafor Tyskland. Etter eitt år har det ført til 34 interesserte, dei fleste utan vanleg formell lærarutdanning.

På konferansen vart det spådd at i 2035 ville det vere 35 000 for få lærarar i Tyskland.

Det er den tyske lærarorganisasjonen VBE, "forbund for utdanning og oppseiing", ueinig i. Dei meiner lærarmanglen i 2035 vil vere på 127.000 stillingar.

Powered by Labrador CMS