Når læraren druknar, druknar også elevane si læring

Debatt: Vil vi styrkje dei grunnleggjande ferdigheitene, må lærarane få bruke meir av tida si på det som faktisk betyr noko, undervisning og tett oppfølging av elevane.

Publisert

Riksrevisjonen slår i si ferske gransking fast det mange i skulen har visst lenge. Altfor mange elevar går ut av grunnskulen utan tilstrekkelege ferdigheiter i lesing, skriving og rekning. Nærare ein av tre elevar ligg lågt på meistringsnivå. Konklusjonen er hard. Måloppnåinga i norsk skule er kritikkverdig.

Det er alvorleg. Men rapporten manglar noko avgjerande. Han seier lite om kvardagen til lærarane, dei som står i dette kvar einaste dag. Riksrevisjonen slår fast at staten manglar kunnskap om kva som faktisk gir resultat i opplæringa. Når kunnskapsgrunnlaget er svakt, blir det desto viktigare å lytte til erfaringane frå skulen sjølv. Lærarar og skuleleiarar står i dette kvar dag og ser korleis rammevilkår, tidspress og elevgrupper påverkar læringa i praksis.

Det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor utviklinga går feil veg. Elevgruppa har endra seg. Klassane er meir samansette. Fleire elevar treng tett oppfølging, både fagleg og sosialt. Samstundes er forventningane høge, og med rette. Utfordringa er at rammevilkåra ikkje har følgt med.

Riksrevisjonen viser at det blir brukt mykje pengar på skulen, men at det samtidig er uklart kva effekt tiltaka faktisk har hatt. Vi bruker ressursar, men veit for lite om dei verkar der det tel mest, i klasserommet.

I skulen melder lærarar om ein kvardag der stadig meir tid går til dokumentasjon, rapportering og systemarbeid. Intensjonen er god, betre kvalitet og betre styring. Konsekvensen er likevel tydeleg. Tid som skulle vore brukt på undervisning, relasjonar og fagleg oppfølging, blir pressa. Dette blir eit paradoks. Når vi manglar kunnskap om kva som verkar, aukar vi krava til system og dokumentasjon, i staden for å frigjere tid til det vi veit verkar, god undervisning.

Lærarrolla endra seg. Oppgåver som tidlegare låg til andre, har gradvis blitt ein del av skulen sitt ansvar. Dette skjer parallelt med aukande krav og eit meir komplekst elevbilete. Summen er enkel, fleire oppgåver, større ansvar, og mindre tid. Riksrevisjonen peikar også på at elevane sine behov er blitt meir samansette.
Då held det ikkje å late som om læraren åleine kan løyse alt. Skal skulen handtere både læring, psykisk helse og sosiale utfordringar, må det følgje med fleire fagpersonar. Vi treng eit lag rundt eleven.

Samstundes melder mange skular om tronge økonomiske rammer. Når skulane må prioritere hardt, går det utover grunnleggjande føresetnader for læring. Lesing blir ikkje betre av færre bøker. Rekning blir ikkje betre utan gode oppgåver og verktøy.

Riksrevisjonen har rett i at mykje ikkje fungerer godt nok. Men løysinga ligg ikkje berre i betre styring, fleire evalueringar eller nye reformer. Ho ligg i å ta på alvor det som skjer i klasserommet.

Vil vi styrkje dei grunnleggjande ferdigheitene, må lærarane få bruke meir av tida si på det som faktisk betyr noko, undervisning og tett oppfølging av elevane. Samstundes må forventningane til skulen vere realistiske. Lærarar er pedagogar. Dei kan ikkje bere ansvaret for alle oppgåvene som etter kvart er lagde til skulen. For når læraren druknar i oppgåver, system og krav, då druknar til slutt også elevane si læring.