Blåtinden barnehage i Ulstein er en av barnehagene som nå kan få økonomisk støtte.

Fikk penger til økt bemanning – gir dem i krisestøtte til private barnehager

Politikerne i Ulstein vil støtte private barnehager som sliter økonomisk. Pengene, 874 000 kroner, har de fått av staten for å øke bemanningen i sektoren. 

Publisert

Tidlegare i år tikka det inn 874 000 kroner på kontoen til Ulstein kommune i Møre og Romsdal. Pengane kom frå staten, som eit resultat av budsjettforliket mellom Arbeidarpartiet og SV. I forliket blei det sett av 1,1 milliardar kroner til styrkt bemanning i barnehagar og SFO.

Men pengane er ikkje øyremerkte. Det betyr at kvar enkelt kommune i praksis kan velje kva dei vil bruke midlane til.

I Bergen, til dømes, har kommunen brukt dei 55 millionane dei fekk til å tette hol i kommunekassa.

I Ulstein har det vore diskusjon om korleis dei ekstra midlane skal brukast, skriv lokalavisa Vikebladet.

Opphavleg foreslo administrasjonen å fordele pengane mellom barnehagane etter talet på barn. Men levekårsutvalet gjekk i staden inn for at midlane skal gå til private barnehagar med økonomiske utfordringar.

No skal saka opp i kommunestyret.

Må dokumenterast

I saksframlegget heiter det at føremålet er å sikre barnehagetilbodet for borna, oppretthalde ein mangfaldig barnehagestruktur i kommunen med geografisk spreiing, og sikre stabilitet i sektoren.

Ulstein kommune har fem private barnehagar.

Ifølgje sakspapira slit fleire av dei økonomisk, og enkelte står i fare for å måtte leggje ned. No kan dei søkje støtte frå kommunen. 

Kommunen har laga eit sett retningslinjer for støtteordninga. 

For å få støtte må barnehagane oppfylle dei grunnleggjande krava i barnehagelova. Den økonomiske situasjonen ha vore kritisk dei siste to åra, og barnehagen må ha levert negativt resultat i same periode. Barnehagar som har overført utbytte, gitt konsernbidrag eller bygd opp eigenkapital dei siste to åra, kan ikkje få krisestøtte frå kommunen.

Barnehagane må òg leggje fram budsjett som viser korleis dei ekstra midlane skal brukast.

Dei private barnehagane jublar over forslaget.

– Vi er glade for at denne ordninga kjem på plass, og for at vi som private barnehagar blir sette i den økonomiske situasjonen vi står i, skriv styrarane i ei samla fråsegn til kommunen.

Powered by Labrador CMS