Svensk skuleleiar tiltalt for å krenkje lærarane sin ytringsfridom
Skuleleiaren i Stockholm risikerer fengsel i ei sak der han skal ha forsøkt å finne ut kva for tilsette som snakka med lærarane sitt fagblad om ei arbeidsmiljøsak på skulen.
Det skriv fagbladet Vi Lärare.
Leiaren av ein stor kommunal skule i sentrale Stockholm, Engelbrektsskolan, er tiltalt for å ha brote den svenske ytringsfridomsgrunnlova sitt etterforskings- og repressalieforbod.
Dette forbodet inneber at offentlege arbeidsgjevarar ikkje må prøve å finne ut kva for tilsette som har snakka med pressa eller straffe ein tilsett for å ytre seg til media.
Underbemanning og store arbeidsmiljøproblem kulminerte den 23. november 2023 i kaos med 180 elevar utan tilsyn, ifølgje arbeidsmiljørepräsentanten. Skuleleiaren avviste desse påstandane og kalla inn tilsette for å finne ut kven som hadde snakka med Vi Lärare.
Forbundet Sveriges Lärare stevna Stockholms Kommune, som gjekk med på å betale erstatning for brot på etterforskingsforbodet.
No risikerer skuleleiaren fengsel for brotet på ytringsfridomsgrunnlova.