Rektorer protesterer mot utvisningsforslag
Fleire rektorar i Rogaland går hardt ut mot regjeringas forslag om å kunne visa bort elevar i opptil åtte veker.
Regjeringa føreslår å endra opplæringslova slik at elevar som viser åtferd som går alvorleg ut over medelevar og tilsette, skal kunna visast bort i maksimalt fire veker om gongen, opptil to gonger. I dag er maksgrensa fem dagar i vidaregåande skule. Ni rektorar i Rogaland har signert ein protest mot framlegget, skriv Jærbladet.
– Me støttar ikkje framlegget til endringar i opplæringslova. Dette er eit feilspor. Me treng ikkje fleire verktøy for å ekskludera. Me treng betre system for å inkludera, meiner Trond Hoel, rektor ved Bryne vidar, til Jærbladet.
Rektoren ved Bryne vidaregåande skule har stått i spissen for protesten som også kollegaene hans ved dei vidaregåande skulane Godalen, Jåttå, Sandnes, Vågen, Gann, Øksnevad, Dalane og Fagskolen har signert.
Rektorane fryktar press frå foreldre som vil krevja at bestemte elevar blir viste bort, og peikar på at dei som blir råka, ofte er sårbare elevar med psykiske utfordringar, traume eller vanskelege heimesituasjonar. Dei meiner problemet heller er mangel på ressursar og støttesystem.
– Dette er eit framlegg som kjem etter ønske frå Oslo-skulen, der dei har heilt andre forhold som gjeld vald, truslar og kriminalitet. I mitt hovud handlar dette om ei form for segregering. Ein legg ansvaret over på eleven når systemet sviktar, seier Trond Hoel til Jærbladet.
Kunnskapsdepartementet grunngir framlegget med ein auke i vald, truslar og narkotikasal på skular. Departementet vedgår at bortvising har negative konsekvensar for den enkelte eleven, men peikar på at det kan vera positivt for dei som blir igjen. Framlegget inneber òg at bortviste elevar skal få rett til undervisning, noko rektorane meiner reiser mange ubesvarte spørsmål om gjennomføring og ressursar.
Høyringsrunden gjekk ut 17. juni, og Kunnskapsdepartementet går inn i sommaren med 148 innspel. Ganske mange av dei er positive. Norsk Lektorlag er mellom desse.
Utdanningsforbundet Stavanger usamd med rektorane
Lokallaget støtter framlegget frå Kunnskapsdepartementet. Dei skriv i sitt innspel at dei meiner det er behov for ei slik lovfesting. Omsynet til læringa til medelevar og tryggleiken til både elevar og tilsette skal kunne gi høve til tiltaket, meiner dei.
Og i motsetnad til rektorane, meiner Utdanningsforbundet Stavanger at terskelen bør vere lågare for å ta i bruk tiltaket raskare, når føremålet er å sikre tryggleiken til elevar og tilsette.
Men før eit vedtak blir fatta, må det liggje føre ei objektiv fagleg vurdering som viser at mindre inngripande tiltak ikkje har fungert. Alderen og modninga til eleven må òg inn i vurderingsgrunnlaget og kome tydeleg fram av lovteksten, skriv dei.
Lokallaget støttar at tiltaket skal vere tidsavgrensa, men meiner det bør vere mogleg å forlengje det utover to gonger fire veker i særskilde tilfelle der eleven viser progresjon.
Men lokallaget er usamde med departementet i at det ikkje trengst nærare krav til innhaldet i det mellombelse opplegget, og krev at det må liggje eit tydeleg mål om tilbakeføring til klassen. Dei meiner òg at det i spesielle tilfelle må kunne gjerast unntak frå spesifikke kompetansemål for å motivere eleven til å endre åtferd.
Utdanningsforbundet Stavanger peiker på at lovendringa vil få vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar, og dei krev at staten tilfører skuleeigarane midlar.
Det blir understreka at vedtaka må gjerast av kommunen eller fylkeskommunen, som òg må ta kostnadene, og ikkje av den enkelte skulen. Lokallaget peikar på at aukande utfordringar med uro, utagering, vald og truslar krev ressursar og samfunnsmessig vilje til å gjere noko med dei underliggjande strukturane.