Regjeringa vil styrke skulebiblioteka med 12 millionar

– Med desse midlane sørgjer vi for at skulebibliotek over heile landet kan kjøpe inn ny, variert og engasjerande litteratur, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Publisert Sist oppdatert

Dei 12 millionane kjem i samband med revidert nasjonalbudsjett og er ein del av regjeringa sine tiltak for meir lesing og auka leselyst. Pengane går til kommunane slik at dei kan kjøpe inn fleire bøker til skulebiblioteka.

I opplæringslova står det at kommunane og fylkeskommunane skal sørgje for at elevane har tilgang til eit skulebibliotek.

Arbeidarparti-regjeringa har i denne perioden auka tilskotet til skulebibliotek i fleire budsjett. Sidan 2021 har tilskotet til personalressursar og kompetanseutvikling i skulebiblioteka auka frå 14 millionar kroner i 2021 til 50 millionar kroner i 2025. Tilskotet på 12 millionar til bøker kjem i tillegg til desse midlane.

– Når vi veit at norske barn og unge les dårlegare enn før, og at dei har mindre leseglede, må vi ta grep. Eg vonar at desse midlane, saman med lokale prioriteringar, vil gje mange fleire bøker i skulebiblioteka rundt om i landet vårt, seier Nordtun.

Powered by Labrador CMS