SPALTIST Anita Cirotzki

Barnehagen treng ei sterk attraksjonskraft

Attraksjonskraft. Smak på ordet. Det osar av energi og framtidstru. Barnehagesektoren treng ei slik kraft, som får fleire til å velje å bli i barnehagelæraryrket.

Publisert Sist oppdatert

I Sverige bruker dei omgrepet attraksjonskraft om kor attraktivt eit yrke eller ein arbeidsplass framstår. Barnehagelæraryrket burde vere eit av dei mest attraktive yrka som finst.

Kvar dag får ein vere med på å skape trygge fellesskap, vekkje nysgjerrigheit og leggje grunnlaget for livslang læring. Det er eit yrke fullt av energi, kreativitet og meining.

Fleire søkarar

Likevel har debatten i barnehagesektoren dei siste åra vore prega av alt anna enn energi og framtidstru. Mangel på barnehagelærarar, høgt sjukefråvær og at mange forlèt yrket, er reelle utfordringar, men barnehageyrket er så mykje meir enn det. Difor er det gledeleg at fleire har søkt seg til barnehagelærarutdanninga i år.

Det gir grunn til optimisme og syner at fleire ser verdien av yrket. Men oppgangen må ikkje bli ei kvilepute.

Gode arbeidsplassar er attraktive arbeidsplassar. Skal vi få enda fleire til å velje yrket også i framtida, må ein halde fram å byggje arbeidsplassar som gir rom for å utøve yrket.

 

Vi treng framleis:

høgare bemanning og fleire med barnehagelærarkompetanse

Nok bemanning er grunnmuren for kvalitet og gir rom til å bruke kompetansen fullt ut.

tid til det pedagogiske arbeidet

Barnehagelærarar må ha tid til å planleggje, vurdere og utvikle det pedagogiske arbeidet.

tillit til profesjonen

Fagleg skjønn og profesjonelt handlingsrom er avgjerande for både kvalitet og arbeidsglede.

moglegheiter for fagleg utvikling

Utdanning, kompetanse og ansvar må verdsetjast og lønne seg gjennom heile yrkeslivet.

medverknad og partssamarbeid

Dei mest attraktive arbeidsplassane blir bygde saman med dei som arbeider der.

Det er eit politisk ansvar å gjere barnehagen til ein attraktiv arbeidsplass, fordi dette i stor grad handlar om politiske prioriteringar.

Difor treng vi politikarar som tar grep kring arbeidsvilkåra i barnehagen. Det vil vere ei investering i både barna, dei tilsette og framtida.



 LES
Barnehagelærere og lærere kan få slitertillegg på over 30 000 kroner i året