Ikkje øydelegg eksamen i panikk for språkmodellane

Debatt: Om eksamen blir endra i den retninga Udir føreslår, blir avstanden mellom eksamensarbeid og føregåande fagarbeid farleg stor.

Publisert

Grunna KI, har vi i år ein eksamensform med mindre tilgang til digitale hjelpemiddel enn tidlegare. Medan elevane før hadde tilgang til mange sider på internett, er det no for norsken sin avgrensa, slik at det i praksis er digitale ordlister, ndla.no og snl.no som er til rådvelde. 

Den viktigaste endringa er likevel at det er slutt på å gje elevane tekstar på førehand. 

Før var eksamen basert på kjende tekstar (mottekne før eksamen) og ukjende tekstar (tekstar gjevne på sjølve eksamensdagen). Begge desse grepa er gode grep, som skjermar eksamenssituasjonen. Med gamal ordning med kjende tekstar kunne eleven ha kverna tekstane gjennom KI og fått fyldige analyser som dei kunne lagra lokalt på maskinen sin.

Kva går vegen vidare? Utdanningsdirektoratet har ute ei undersøking, der dei vil ha tilbakemelding på om ein skal ha eit totalt skjerma digitalt eksamensrom, utan tilgang på digital støtte, samt å forby å ta med hjelpemiddel i form av eigne notatar eller lærebøker. Dette blir å gå for langt.

Eg er sensor i norsk sidemål i år, og er so langt imponert over kva elevane har fått til. Dei har brukt kjeldene og vist sitatteknikk og kjeldebruk, og parafrasert og brukt læreboktekstar til å jobbe fram fyldige og gode fagrefleksjonar. Forma på eksamen har framleis eit visst organisk forhold til korleis dei har arbeidd fagleg i opplæringa.

Om eksamen blir endra i den retninga Udir føreslår, blir avstanden mellom eksamensarbeid og føregåande fagarbeid farleg stor, og vi kan risikere ein washback-effekt der vi må puste liv i gamle analoge undervisingsformer for å førebu dei best mogleg til eksamen. I vår digitale tidsalder vil det vere både pussig og reaksjonært. Dei rammene vi har for eksamen i år er gode, og eg trur at rammene har skjerma godt for bruk av KI.

Den store utfordringa ligg i sjølve eksamensutforminga, når elevane no skal gjere heile lese- og skrivebiten på same dag. Vi er difor nøydde til å endre innhaldet i , og dei faglege rammene må gjenspegle at lesebiten på eksamensdagen no tek meir tid. Vi kan ikkje berre ha ukjend tekst, og forvente at elevane skal produsere like mykje tekst som tidlegare.

Haldninga som bør ligge til grunn for utforminga av oppgåvene må vere at vi skal ha oppgåver som gjer det lettast mogleg for flest moglege å gjere det best mogleg. Eg kan i år berre snakke for eksamen i norsk sidemål på vidaregåande nivå, som eg trur har «naila» det heile.

Eg vonar det er likt for dei andre norskeksamenane. Her skal eleven skrive to oppgåver. Den eine (kortsvar) er obligatorisk, på den andre (langsvar) skal du velje ei av tre moglege. Oppgåvene har ulike tema og vinklingar, og går inn i ulike sjangrar. Kortsvaroppgåva er ein enkel retorisk analyse, medan dei to andre er litterær analyse, litterær samanlikning og fagartikkel om språkhistorie.

Sentrale område, der dei fleste sikkert har eit langsvar som passar dei betre enn dei to andre. Dette gjer ein styrka garanti for at eleven kan få til noko, og det at det berre er to oppgåver gjev større høve til fordjuping og vising av kompetanse.

Eg meiner som før, at lyrikk steller vi godt med i opplæringa, men at det er ein krevjande sjanger på eksamen. 

Eg ønskjer eit styrka fokus på lesing og skriving av gode fagtekstar. Vi skal vere med å utvikle gode lesarar av tekstane ein møter i den offentlege røynda, og det er diverre ikkje lyrikk. Eg elskar lyrikk og har ein god hyllemeter av nye og gamle lyrikkbøker i heimen, men eg tykkjer ikkje at lyrisk analyse er den beste indikasjonen på god språkkunne. Eg er glad i mykje av tradisjonen, men akkurat denne biten kan vi halde vekke frå eksamensdagen.

Tilgangen til eit par gode digitale kjelder, som elevane har brukt før og kan orientere seg i, gjer at tekstane vert meir varierte og i stil med tekstformat dei har arbeidd med i opplæringa. Å ta vekk desse kjeldene og basere seg utelukkande på det elevane huskar, vil skape eit unødig press og stille krav til memorering som dei ikkje er vande med. Elevane våre har ikkje råd til at vi skal diktere eksamensformatet med nostalgiske grep frå ei tid vi er ferdige med.

Om det blir slik at elevane berre skal ha tilgang til å skrive på maskinen, er vi tilbake til tidleg nittital. Elevane må ha nokre kunnskapskjelder til rådigheit. Vi som var i speidaren huskar gjerne «Kims lek», der vi skulle huske kva som låg på eit bord etter at det vart lagt eit teppe over alt. Vi kan ikkje gjere eksamenssituasjonen til ein moderne variant av denne leiken, der vi etter mange år med synlegheit og transparens dekkjer til alt dei har halde på med og legg all vår lit på den individuelle husken.

Med tilgang på NDLA og SLN har vi som sensorar høve til å gå inn i kjelda eleven har brukt, for å vurdere kvaliteten på bruken av kjeldematerialet. Eksamen skal måle ein so variert kompetanse som mogleg, og dette må vi ikkje innsnevre i angst for KI. Om eg veit at elevane kan bruke desse sidene under eksamen, gjev det også meining å bruke dei aktivt i undervisinga, som ei fagleg positiv førebuing til eksamen. Om ein i tillegg har tilgang på lærebøker og eigne notatar, er ein godt skodd til eksamen, utan at KI treng å vere eit usikkerheitsmoment.

Ikkje kast om på alt no, i angst for språkmodellane. Eksamen må ikkje frikoplast frå opplæringa, og innhaldet på eksamen må innehalde noko for alle.

Powered by Labrador CMS