Regjeringa vil ha lesekvart – forskarar tvilar på at 15 minutt er nok

Lesekvart er allereie ein del av kvardagen mange stader. Men kor mykje verkar det eigentleg? Nye erfaringar frå klasserommet viser både effekt – og avgrensingar.

Elev sitter i klasserom på Hjelteryggen skole og leser en stor billedbok under lesekvart.
Publisert Sist oppdatert

På Hjelteryggen skule i Øygarden i Vestland fylke er det siste time ein fredag. Frå naborommet kjem det nokre lydar, og utanfor glaset står ein skulekamerat frå ein annan klasse og vinkar inn. Han blir ståande ved glaset og prøver å få merksemd.

Inne er det heilt stille. 20 elevar sit med ei bok i nevane og les. Lærarstudentane som har ansvaret for klassen, les òg. Nokre ser forsiktig rundt seg, før dei ser ned att i boka.

Etter eit kvarter ser studentane på kvarandre og gjer teikn til at dei held på leseroa i fem minutt til.

Ei studentgruppe på fire har hospitert på Hjelteryggen den siste veka. Dei er med på eit forskingsprosjekt ved NLA Høgskolen og Høgskulen på Vestlandet (HVL) om lesing og konsentrasjon blant born. Veka er blitt brukt til å prøve ut ulike tilnærmingar til lesekvart.

– Det har vore spennande å vere her og få teste ut ting saman med elevar og faglærarar, seier NLA-student Ingeborg Dyrøy-Johnsen.

Heidi Riis Haukelisæter er einig.

– Lesing er ekstremt viktig. Eg kjem til å bruke det me har lært denne veka når eg skal ut i jobb som lærar, seier ho.

Set pris på ro

Studentane har hatt daglege lesestunder med 7. klasse, i tillegg til å observere andre klassar i timar med litteraturformidling og lesestunder. Nokre av tilbakemeldingane frå 7.-klassingane har overraska dei.

To kvinner sit i ein blå sofa på Hjelteryggen skole med vinterlandskap synleg gjennom vindauget bak.
Høgsulelektor Eline Margrete Hjellum

– Veldig mange peikar på at dei likar godt den roa som kjem med lesekvart. Dei ber sjølve om at det skal vere heilt stille. Det er tydeleg at den pausen frå skjerm og lydar har vore positiv for mange, seier høgskulelektor Eline Margrete Hjellum ved NLA.

Ho har vore på skulen og observert studentane og elevane gjennom veka.

– Kanskje er roleg og behageleg den nye trenden, seier ho.

Forskar på lesekvart

Praksisveka er tredje del i forskingsprosjektet, og Hjelteryggen er ein av to skular i Bergensområdet som har vore med. Tidlegare har forskingsgruppa, lærarar frå skulane og studentane møttest under seminar om lesing og konsentrasjon og ein workshop om det å få elevar til å halde på konsentrasjonen medan dei les. Når dei no er ute for å setje ting ut i praksis, har lesekvart vore i fokus.

Synne Ytre Arne står smilende i et lyst møterom ved NLA Høgskolen.
Førsteamanuensis Synne Ytre Arne.

– Lesekvart er ein praksis mange er kjende med, og som regjeringa ynskjer å gjere obligatorisk, seier Synne Ytre Arne, fyrsteamanuensis i norsk ved NLA og ein av initiativtakarane til prosjektet.

Dei involverte studentane har blitt rettleia i utarbeidinga av praksisplanane, og gjennom veka har faglærarar frå høgskulane dessutan vore på skulen for å observere.

– I neste omgang skal me forske på resultata me har sett, seier Ytre Arne.

Fallande evne og glede

Utgangspunktet for prosjektet var å få betre kunnskap om lesing og merksemdsutfordringane elevane står ovanfor.

– Me vert alle utsette for ei rekke forstyrringar som utfordrar konsentrasjonen vår, og me ville sjå på det i samanheng med lesinga, seier ho.

Ifølgje PIRLS og andre undersøkingar har konsentrasjonsevna, leseevne og leseglede gått ned hos norske born. Regjeringa har kome med leselyft, og det er lesesatsingar ei rekke stader.

Forskingsgruppa ved HVL og NLA valde å forske på lesekvart, sidan det allereie er ein etablert praksis for mange lærarar.

– Samstundes er det ikkje forska så mykje på det, seier Ytre Arne.

Etter praksisveka på dei to skulane skal forskargruppa, lærarar og studentar samlast igjen for ein oppsummerande workshop, før resultata vert jobba vidare med på forskingsinstitusjonane.

Vande med å lese

Manha Rashid og Lycke Holvik Theivendrand sit med nasen i kvar si bok. Manha les «Hunger Games» på engelsk, Lycke har lånt «Evig midnatt» på museet.

– Det er viktig at bøkene er spennande, meiner dei.

Dei er nøgde med å ha ei veke på skulen med meir fokus på lesing enn vanleg. Begge tykkjer det hjelper på konsentrasjonsevna.

– Det har vore ei kjekk veke med meir lesing og ulike lesekvart. Eg synest eg klarar å konsentrere meg godt, også elles, og det hjelper å lese, seier Theivendrand.

Dei to jentene fortel begge at dei les ein del heime, og svarar enkelt på kva medium dei føretrekker å lese på.

– Det er best å lese på papir.

Fiksjon gir best lesetrening

Talet på elevar i 5. klasse som svarar at dei aldri eller nesten aldri les heime, auka frå 23 til 31 prosent frå 2016 til 2021. I tillegg er Noreg landet med minst rapportert leseglede av alle i PIRLS 2021.

Mediebarometeret viser at ungdom les mindre bøker, samstundes som forsking viser at det er akkurat lesing av fiksjon og litteratur som tek meir tid og krev meir fordjuping, som gir den mest effektive lesetreninga.

Dette er noko av teorien som ligg til grunn for forskingsprosjektet på korleis konsentrasjon og lesing heng saman, og på Hjelteryggen starta dei praksisveka med å besøke skulebiblioteket med klare mål. Dei involverte er veldig einige om at det er eit viktig steg å hjelpe elevane å finne riktig bok.

– Me såg fort at ein del valde enkle bøker med mykje bilde, kanskje for å gjere det enkelt for seg sjølv. Men det vart keisamt for dei. Difor sette me krav om at dei skulle finne bøker på sitt eige nivå. Skulebibliotekaren hjelpte oss mykje her, og me såg kor viktig det var å guide elevane til å finne rett bok til rett elev, og gjerne noko som er litt ambisiøst, fortel student Ingeborg Dyrøy-Johnsen.

Dette vart også ei aha-oppleving for kontaktlærar for trinnet, Steffen Johnsen.

– Eg har skjøna at me har brukt biblioteket for lite. Eg har synest det var litt vanskeleg med lesekvart tidlegare, og at elevane, særleg gutane, mangla fokus. No har eg fått ein del verktøy med små oppgåver dei skal løyse til lesinga, og sett at eg kan utfordre dei ein del på bokvalet, seier han.

Les også:  Elevene kunne ikke huske å ha lest en hel bok – nå sluker de fantasy og krim i skoletiden

Best å lese i starten av timen

Studentane har testa ut forskjellige tidspunkt for å ha lesekvart, og dessutan mindre oppgåver knytt til lesinga. No har dei med seg ny kunnskap om korleis lesekvarten kan strukturerast.

– Det har fungert best å ha lesing i starten av timen, og små oppgåver som gir dei noko å reflektere over og dele i klassen, har fungert bra, seier Dyrøy-Johnsen.

– Er det noko som ikkje har fungert?

– Me prøvde å la elevane sitje kvar dei ville, men det fungerte ikkje så bra. Då blei det fort store grupper saman, og vanskeleg å konsentrere seg, seier studentane.

Høgskulelektor på NLA, Solveig Paulsen Ripegutu, meiner det er viktig å kunne noko om ungdomslitteratur også for lærarane.

– Då me var på biblioteket, rettleia me elevane til å finne bøker på sitt nivå, og som passa interessene deira. Somme enda med tjukke bøker, og med lesekvart der dei finn ro og konsentrasjon, hjelper det også på å takle den utfordringa det er å lese ei litt tyngre bok enn dei pleier. Det gir også meistring, seier ho.

Digg å roe seg ned

Det er ofte gutane som blir trekt fram som den viktigaste målgruppa å nå med lesesatsingar.

Filip Vonheim Olaisen og Julian Knarrevik Strønen har blitt glade i lesekvarten.

– Det er veldig avslappande, og det er digg å roe seg ned, seier Strønen.

To gutter sitter i et klasserom på Hjelteryggen skole i Bergen.
Filip Vonheim Olaisen (t.v.) og Julian Knarrevik Strønen

Han er ein av dei i statistikken som ikkje les veldig mykje heime, men brukar fritida på gaming, Tik tok og fotball. Han er litt uroa for konsentrasjonsevna til både sin eigen og generasjonane som kjem etter.

– Eg trur me er dårlegare til å konsentrere oss på grunn av smarttelefonen, og det kan jo bli eit problem.

Olaisen les i bibelen kvar dag heime, men elles mest på skulen. Han trur også at fellesskapen i å lese stille saman er viktig.

– Eg trur me treng å vere meir saman, og å ha den roen som lesekvarten gir saman, seier han.

Kva syns de om lesekvarten?

- Eit kvarter er perfekt. Eg likar best å lese om morgonen. Og så vil eg helst sitje på plassen min, då dei let oss sitte kvar me ville blei eg meir distrahert, seier Strønen.

Meiner eit kvarter er for lite

Kor mykje lesing som vert gjort i skulen, varierer. I sin nye lesestrategi vil regjeringa innføre 15 minuttar lesing på skulen kvar dag og grunngjev det med at skulen må kompensere for at unge les mindre heime. Synne Ytre Arne trur ikkje eit kvarter lesing er nok, men meiner det kan gje meirsmak for elevane.

Ein får nok ikkje nok lesing på skulen, men målet er å gje positive erfaringar, og å kultivere og utdanne lesarar vidare, seier fyrsteamanuensis Ytre Arne.

På Hjelteryggen har det til dømes vore ulike oppgåver der ein pratar om det ein les.

Synne Ytre Arne understrekar vidare at det er noko av motivasjonen for å forske på korleis lesing og merksemd heng saman, og å sjå på kor mykje lesing eit kvarters lesestund gir, og korleis ein legg til rette for at lesekvarten gir best utteljing.

Les også:  Har liten tro på regjeringens lese-kvarter

Konsentrasjon krev øving

Og her kjem konsentrasjonen og merksemda inn. Hjernen vår er nemleg lett å distrahere, og djup lesing krev ein type vedvarande merksemd som ikkje kjem av seg sjølv, og som er under press.

– Det er ikkje enkle svar på kvifor, men mediebruken er ein del av bildet.

Ytre Arne forklarar korleis det å halde på konsentrasjonen er eit arbeid.

– Me må trene på evna til djuplesing, og miljøet rundt oss påverkar evna til å både lære og halde ved like den evna, seier ho.

– Men treng me absolutt vere så flinke til å konsentrere oss over tid?

– Eg tenker at me treng konsentrasjonsevna til læring. Men spørsmålet er ikkje rett fram heller, då ulike kontekstar krev ulik form for konsentrasjon.

Ho minner om at i utgangspunktet er konsentrasjonsspennet vårt svært kort, og me må heile tida hente det inn når me jobbar.

– Å lese konsentrert er ikkje noko me er fødde med. Det er noko me må trene opp, seier Synne Ytre Arne.

Les også:  Lengre tekster og romaner er en utopi når mobiler florerer i klasserommet

© Utdanningsnytt