Lesesirkel som lesestimulering
Debatt: Både skule og heim har ansvar for å få barna til å lese meir. Korleis kan vi få heim og skule til å samarbeide om dette?
Kan nye barnebøker presenterte i lesesirkel bli viktige i regjeringas leselyststrategi? Kan skulens lesestrategi for første trinn føre til at barn blir lesne for og blir glade i å lese?
For fem år sidan var det nære på politisk semje om at nettbrett og skjermlesing var positivt for lesestimuleringa. Språkvitar Helene Uri har nettopp i Aftenposten gått sterkt ut mot overdriven bruk av skjermlesing i skulen. Ho «tror det er lettere å finne kjærligheten til litteratur gjennom en bok, en gammeldags bok av papir, som man kan holde i, bla i, lukte på, bla tilbake i, kjenne på.»
Skjermbrukutvalget peikar i si innstilling frå 2024 at «-digitale enheter kan bidra til å forstyrre elevenes læring, og at de kan utfordre konsentrasjonen deres. Forskning viser også at elever har dårligere leseforståelse etter å ha lest en tekst på skjerm, enn når de leser tekst på papir. Utvalget peker på at skjerm ikke er egnet til å lese lengre, sammenhengende informasjonstekster.»
Regjeringas leselyststrategi for 2024–2030 tek utgangspunkt i PISA-undersøkingane frå 2018 og 2022 der det går fram at norske barn og unges leselyst og leseferdigheiter er det lågaste dei har målt. Leselyststrategien er difor ein del av ei kraftfull satsing på lesing for å snu denne negative utviklinga.
Frå skjerm til bok
Men er det skulen eller heimen sitt ansvar å få barn til å lese meir? Sjølvsagt har båe eit ansvar, men det viktigaste no er å få heim og skule til å samarbeide om dette. Det har vore gjort før og med godt resultat. Går det an å ta opp att nokre av desse gjennomprøva metodane?
For mange år sidan hadde det som då heitte Telemark lærerhøgskole forskingsorganet Telemarksforsking-Notodden (TFN) Der førte samarbeidet med det dåverande Grunnskolerådet til forsking på bruk av tekstbehandling i norskundervisninga. Dette er dokumentert i rapportane «Prosess og produkt på skjermen» (1991) og «Skrivelyst og revisjon» (1994).
Fanden vil nok gje denne forskinga litt av skulda for auka bruk av data og skjerm i skulen. Men det viktigaste var likevel å gje dei som hadde vanskar med å skrive eit godt verktøy.
Men hjå TFN blei det også satsa stort på lesing av bøker – på papir. Eit lesestimuleringsprosjekt «Førsteklasses lesesirkel» blei gjennomført på mange prosjektskular med godt resultat og vart formidla til alle landets skular i Norsk Skoleblad i 1989.
Barn pressar foreldra
Metodikken med denne lesesirkelen kan gjerne førast vidare no. Men då gjerne med å satse på den nyaste barnelitteraturen. Kravet til aktualitet i litteraturen er større no enn i 1989. Mange foreldre er med i lesesirkel, gjerne for å bli kjent med ny litteratur. Dersom vi støttar oss til at barn gjerne vil herme etter det dei vaksne gjer, så kan det gagne barns lesesirkel.
Lesesirkelen til TFN vart gjennomført etter planen som nemnt under, men nyare idear er her fletta inn:
Ved skulestart sender skulane brev til foreldra i den aktuelle fyrsteklassa. Der får dei informasjon om lesesirkelen og blir bedne om å svare på om dei ynskjer å vere med på dette. Dersom dei svarar ja, må dei forplikte seg til å lese ei bok høgt for barnet kvar veke, eller i løpet av to veker dersom det er ei lang forteljande bok. Det forunderlege skjedde i prosjektet: Alle svarte ja, anten for di dei ikkje ville skilje seg ut, eller rett og slett etter enormt press frå barnet.
Kvar prosjektskule kan fritt velje korleis dei finn fram til bøkene.
- Kvar elev (altså foreldra) kjøper ei bok. Boka får eleven til eige etter lesesirkelen.
- Skulebiblioteket kjøper inn så mange bøker som det er elevar i klassa.
- Skulen overlet til kommunens bibliotek eller fylkesbiblioteket å skaffe bøkene.
- Læraren kan plukke ut alle bøkene, eller dei som manglar, i skulebiblioteket eller på kommunens bibliotek.
Det går fram av dette at lesesirkel ikkje treng koste stort. Regjeringa har også som ein del av lesestimuleringsprosjektet løyvd pengar til slike tiltak. Då er det biblioteket som søkjer. Det er viktig at det er ein pedagog eller bibliotekar som påverkar utvalet av bøker. Bøkene kan vere både faglitteratur og skjønlitteratur, biletbøker og forteljande bøker.
Det bør også vere ein del av opplegget at barnet skal kunne lese høgt for foreldra etter kvart som som det meistrar lesekunsten. Men aldri overta heilt, og ein av foreldra (eller besteforeldra) skal alltid vere med under lesinga. Under prosjektet vart det lagt vekt på at lesing av litteratur gav språklege førebilete. Både foreldra og skulen kan ta i bruk slike nye ord og omgrep i samtale med eleven.
Eleven gir terningkast
Gjennomføringa av lesesirkelen går ut på skulen fastset ein lengde på prosjektet. Det naturlege kan vere 16 veker. Etter at elevane har fått ei god innføring i prosjektet, kan dei velje kvar si bok, som dei kan ha ei eller to veker.
Klasselæraren må ha oversyn over kven som har valt kva for bok. Eleven varslar læraren om at ei bok er ferdiglesen heime. Då er det naturleg å la eleven få fortelje om eller bli intervjua om boka. Gjerne også gje ei vurdering og terningkast. Det kan seinare bli ei liste med «ti-på-topp-lister» etter ulike kriterium.
Vil ein gjere meir ut av dette, så kan eleven bruke lesinga til å lage ein reklameplakat for boka, eller skrive ein kritikk som kan bli med i eit eige kritikkhefte. Læraren bør også skrive litt om korleis det gjekk i dette heftet. Ved prosjektslutt bør alt dette bli til ei utstilling og lokalavisa bør inviterast.
Læraren bør etter prosjektet be foreldra fylle ut eit spørjeskjema, men også intervjue nokre av dei for å få vite korleis det har gått i heimen. Elevane bør også intervjuast av læraren
Avtale for travel far
Evalueringa av prosjektet til TFN synte at forsøket var nyttig på mange område. Kanskje ikkje overraskande, men for barnet var det å ha nærkontakt med ein vaksen viktigare enn innhaldet i bøkene, særleg det at lesestunda gjerne var på sengekanten og var avtalt på førehand.
Barna likte også godt å prate om bøkene med foreldra. Der bøkene tok opp kjensler, ville barna gjerne snakke om seg sjølv med foreldra. Foreldra rapporterte også glede over å bli kjende med moderne barnelitteratur. Dei kjende også på meir ansvar for barnets leseopplæring etter lesesirkelen.
På førehand meinte nokre foreldre at barnet hadde liten framgang i leseferdigheit. Men lesesirkelen gav dei høve til å følgje opp lesetreninga, og alle merka stor framgang. Hos ein elev var det reine leseeksplosjonen, som seinare førte til auka fritidslesing.
Lesesirkelen gav også ein far høve til å kokettere litt. Han var bedriftsleiar og hadde mange møteavtaler. Ein gong styret gjorde framlegg om eit møtetidspunkt, kunne han melde at det gjekk nok ikkje. For etter det han hadde notert i avtaleboka, skulle han då lese høgt for sonen sin.
Truleg kan dette tidlegare prosjektet no vekkjast til liv att. Det kan bli ein konkret del av lesestrategiprosjektet til regjeringa. Og nye barnebøker med ny verkelegheit kan bli aktuelle for mange.