Praktisk læring krev færre elevar i gruppa
Debatt: Barn sin finmotorikk og sjølvstende er dårlegare enn for berre 5-10 år sidan, erfarer lærarar i faget kunst og handverk.
Å klippe langs ein strek, tre tråden gjennom nålauga, sage ein planke i to og teikne ein nitti graders vinkel med linjal. Dette er døme på praktiske oppgåver som var barnemat for dei fleste elevar for ein del år sidan, men som i dag er oppgåver stadig eldre elevar strever med å utføre.
I faget kunst og handverk skal elevane lære å bruke verktøy og dei skal arbeide med materiale som tre, tekstil, papir og leire. Tidlegare i år gjennomførte eg ei spørjeundersøking til lærarar som underviser i kunst og handverk i den norske offentlege grunnskulen. 910 lærarar frå 63 prosent av landets kommunar har svart. Temaet var gruppestørrelse og lærartettheit i faget. Relatert til dette rapporterer påfallande mange lærarar om svekka finmotorikk blant elevar. «Finmotorikken er mye svakere enn før», «oppgaver jeg før kunne gjøre med tredjeklassinger gjør jeg nå med åttendeklassinger» og «konsentrasjonen til elevene er kortvarig, i tillegg til at finmotorikken ikke er den samme lenger», er døme på kommentarer.
Finmotoriske ferdigheiter er sjølvsagt viktig for å meistre kvardagen, det kjennes bra å klare praktiske oppgåver. Fyrst er det utfordrande, det trengs øving og evne til å halde ut. Etterkvart kjennes den fyrst vanskelege oppgåva plutseleg enkel. Det skaper meistring og det gjer oss til litt meir sjølvstendige menneske.
Finmotorikk er sjølvsagt også ein heilt grunnleggande ferdigheit i svært mange yrke, enten du er tannlege, kokk, tømrar, frisør, kirurg eller elektrikar.
Ei meir praktisk og variert skule
Politikarar har i mange år vore einige om at skulen har blitt for teoretisk og stillesittande. Den må bli meir praktisk og variert. Alle ser nok det positive i meir praktisk matematikk, norsk og engelsk. Politikarane vil også styrke dei praktiske og estetiske faga musikk, mat og helse, kroppsøving og kunst og handverk – som er dei faga som i ei årrekke har stått for det praktiske og skapande innslaget i norsk skule.
Tid nok til den enkelte
Alle elevar har faget kunst og handverk gjennom dei ti åra i grunnskulen. Faget er ikkje nytt, men det har endra namn. Er du mellom 35 og 72 år hugsar du kanskje at forming stod på timeplanen, og er du over 73 år hugsar du nok at du hadde teikning, sløyd og tekstil. Det skal jobbast med tre, tekstil og teikning også i dag, men lærarar møter store utfordringar når ambisjonar skal omsetjast til undervisning. I spørjeundersøkinga eg gjennomførte svarer eit klart fleirtal at dei underviser i kunst og handverk aleine og har grupper på 16-21 elevar – og i fleire tilfelle eit høgare elevtal enn det. Det får konsekvensar.
Sløyd med 27 andreklassingar
Sjå for deg at du har 27 andreklassingar i sløydsalen. Du tar dei med dit fordi dei er sultefora på lukta av tre. Dei sitrar etter å bruke kroppen og hendene. Det står jo også i læreplanen at elevane skal jobbe med harde materiale. Du har bestemt at elevane skal øve på å sage. Dei er topp motiverte.
Etter kort tid treng alle hjelp, og alle skulle helst hatt hjelp samtidig. Saga sit fast. Det blir skeivt. Nokre syns det er skummelt, for dei har ikkje brukt sag før. Det blir ein lang kø med ventande elevar. Å vente er kjedeleg. Eit par elevar forsvinn ut på gangen, tre andre bruker sagene til å fekte med, ein sager seg i fingeren og ein gjeng elevar står og viskar i eit hjørne. Det som skulle vere fag og meistring blir kaos – både for elevane og for deg.
Skuleåret etter tar du ikkje med dei 27 elevane som no går i tredjeklasse med til sløydsalen. I staden blir du i klasserommet. Der lærer du dei å teikne og lage mønster på nettbrett. Då sit elevane i ro ved kvar sin pult, du har oversikt og kontroll, og elevane treng ikkje like mykje hjelp. Når dei treng hjelp kan du vise på tavla og alle elevane ser deg samtidig.
Når oppgåvene i kunst og handverk gjennomførast i klasserommet med mange elevar og enkelt utstyr, forsvinn variasjonen, utfordringa og motstanden.
Historia over er ikkje unik. Denne og liknande historier er realiteten på mange skular rundt om i landet, og det gjeld ikkje berre for dei yngste elevane. Det viser spørjeundersøkinga og intervju eg har utført med lærarar, der gruppestørrelse og lærartettheit i faget er tema. Kommentarar som dette går igjen: «Vi kan for eksempel ikke drive med tresløyd. 25 elever med én lærer på et sløydrom er ikke forsvarlig. Elevene synes faget er kjedelig og ensformig.»
Trygg og pedagogisk forsvarleg gruppestørrelse
Det finst ikkje eit tak på kor store klasser eller grupper i skulen kan vere. Det opplæringslova seier er at «ingen klasser eller grupper skal vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg». Dette gjeld all undervisning. Kva som er trygt og pedagogisk forsvarleg, avgjerast lokalt.
Dei kompetente lærarane i kunst og handverk vil. Dei brenn for å lære elevane praktiske ferdigheiter, og dei ser at elevane både har behov for og eit sterkt ønske om å bruke hendene. Men når elevgruppene er store blir lærarane tvinga til å flytte undervisninga til klasserommet for å gjere den trygg og så pedagogisk forsvarleg som mogleg.
«Lærarnormen» – det politiske svaret?
Norm for lærartettheit er forskriftsfesta og gjeld for alle offentlege grunnskular. Den gir eit forholdstal mellom talet på elevar og talet på lærarar, og skal sikre nok lærarar i skulen. Det norma ikkje seier noko om er korleis dei ekstra lærarane skal brukast. Dei kan brukast til å opprette fleire (og mindre) klasser, til å bruke to eller fleire lærarar inn i same klasse, eller til å dele klasser i mindre grupper i enkelte fag. Bruken avgjerast lokalt av kommunar og rektorar, ut frå der behovet synast å vere størst.
Det er mykje praktisk matematikk i å planlegge og snekre ei fuglekasse, å bygge modellar eller å sy pysjbukse. Ja til meir praktisk undervisning og læring i alle fag, men det krev at praktiske og estetisk fag får vere modellfag, ikkje salderingspost.
Eg er bekymra for tre ting: Korleis skal finmotorikken og sjølvstendigheita til elevane utviklast dersom saks, blyant og nettbrett er dei einaste verktøya dei får trening i å bruke? Korleis skal skulekvardagen bli meir praktisk og variert når rammene for å få dette til ikkje eingong er til stades i eit fag som kunst og handverk?
Eg er også bekymra for at dei kompetente lærarane i kunst og handverk heller finn på noko anna dersom dei ikkje får betre rammer. Gi lærarane i faget moglegheit til å bruke si kompetanse og lære bort praktiske ferdigheiter ved å gi dei færre elevar i gruppene. La oss måle kvalitet i sagflis, sting og bruk av kjøkkenkniv, ikkje berre i skjermtid og Pisa-poeng. Barn fortener lærarar som har tid til å sjå dei, og som står tett nok på til å seie: «Dette klarer du – la meg vise deg».