I Rammeplan for barnehagens innhald er barnehagelærar nemnt ein gong medan personalet er nemnt 51 gongar.

Er barnehagelærarar gjort usynlege som profesjonsutøvarar?

Debatt. Det er på høg tid at barnehagelæraren vert synleggjort i styringsdokumenta.

Publisert Sist oppdatert

Frå august 2018 vart norma for pedagogar i barnehagen skjerpa, og Kunnskapsdepartementet gav tydeleg uttrykk for at barnehagelæraren vert sett på som fagleg ekspert og nøkkelen til å få til ein god barnehage.

Stadig fleire barnehagelærarar vert tilsett. Også barnehagelektoren er å finne i fleire barnehagar, noko som er eit tydeleg signal om at barnehagefagleg kunnskap er viktig i samfunnet.

Barnehagelærarane sitt profesjonelle skjønn bør verdsetjast i eit samfunn med aukande grad av instrumentalisme og inntog av «pakkar og program», men kvifor er barnehagelæraren så lite synleg i styringsdokumenta knytt til barnehagen?

Barnehagelæraren lite nemnt

I Rammeplan for barnehagens oppgåver og innhald finn vi barnehagelærar nemnt ein gong medan personalet er nemnt heile 51 gongar. Det kan vere tenkt at barnehagelæraren skal fungere som ein usynleg profesjonsutøvar, men det kan også vere ei bevisst svekking av barnehagelæraren sitt mandat og autonomi.

Rammeplanen framhevar at barnehagelæraren er utdanna spesielt for å ta i vare barnehagen sine oppgåver, men det er personalet som omgrep som er valt også når det gjeld kollektive refleksjonar om pedagogisk arbeid. Det står vidare at barnehagen regelmessig skal vurdere det pedagogiske arbeidet, bygd på felles refleksjonar der heile personalgruppa er involvert, og både faglege og etiske problemstillingar skal inngå i dette arbeidet. Slik kan personalet lære av eigen praksis og bidra til å utvikle barnehagen som pedagogisk verksemd.

Kvifor er ikkje barnehagelæraren nemnt eksplisitt når det er fokus på utvikling av barnehagen som pedagogisk verksemd? Tilsvarande er å finne i strategien for kompetanse og rekruttering. Også denne strategien framhevar at kompetanseutvikling skal gjelde heile personalgruppa medan den på same tid gir barnehagelærarane ei nøkkelrolle for å innfri krav og intensjonar i rammeplanen.

Undergrev barnehagelæraren

At barnehagelæraren nesten ikkje er å finne i styringsdokumenta kan vere eit politisk grep for å sosialisere barnehagelæraren inn i eit system av spelereglar bestemt av aktørar utan særleg barnehagefagleg kompetanse. Barnehagelæraren står slik i fare for å bli redusert til det Hellesnes kallar objekt for politiske prosessar, styring og kontroll, heller enn å bli framheva og verdsett som tenkjande, frigjorde og handlande profesjonsutøvarar.

Korleis kan vi elles forstå at ei så kunnskapsrik og dyktig profesjonsgruppe ikkje vert meir synleggjort for si komplekse og viktige profesjonsrolle?

Intensjonen kan sjølvsagt vere at barnehagelæraren sjølv skal gripe sitt ansvar, og strø om seg med sitt pedagogiske tryllestøv, utan støtte i styringsdokument og politiske rammer. Ei tilpassing til kulturar internt i barnehagen kan også stillast spørsmål ved i denne samanheng. Den «snille og vennlege» barnehagekulturen som kviler i ein sjølvtilfreds konsensus, der alle skal inkluderast på lik linje, er i beste fall misforstått «likeverd». Om barnehagen har ein symmetrikultur, der alle skal meine likt om alt, blir barnehagelæraren sin fagkunnskap usynleg og lite verdsett.

Kritiske røyster

Sjølv har eg blitt møtt med kritiske røyster fordi eg forskar på barnehagelæraren sitt fagfellesskap og ikkje inkluderer heile personalet, utan at eg heilt forstår kvifor.

Det er jo barnehagelæraren som har eit særleg ansvar, og ei nøkkelrolle, for pedagogisk kvalitet i barnehagen. Barnehagelæraren og den barnehagefaglege kompetansen må lyftast tydeleg fram i ulike og i fleire samanhengar, alt frå barnehagen sin årsplan til politiske styringsdokument. Slik blir fagkunnskapen anerkjent, og barnehagelærarane verdsett som autonome profesjonsutøvarar.

Barnehagelæraren har eit utvida profesjonsansvar ved å stille spørsmål ved innhald, mål og eiga utøving i profesjonen. Barnehagelærarane må både bli gitt, og sjølv ta, rom til kritiske refleksjonar kring eigen praksis.

Vanskelegare å kontrollere

Eit samfunn prega av aukande krav og styring treng barnehagelærarar som er kritisk vurderande til ulike problemstillingar, og til «pakkar og program» som ønskjer inntog i barnehagen og som kanskje ikkje er det beste for ungane våre.

Ekspertgruppa om barnehagelærarrolla framhevar i sin rapport at for å utvikle barnehagelærarrolla vidare må det etablerast profesjonelle læringsfellesskap som skal bidra til å styrke barnehagelærarane sitt fagspråk og kvaliteten i det pedagogiske arbeidet. Barnehagelærarane sitt profesjonelle læringsfellesskap er ein viktig arena for vurderingar og avgjersle som kviler på kunnskap og pedagogisk klokskap. Slik kan barnehagelærarane få tak i maktforhold og skjulte faktorar i handlingsfeltet deira, og bli vanskelegare å kontrollere.

Barnehagelærarane må unngå å bli sosialisert på plass i det sosiale systemet, og heller sette «spelet» og reglane på dagsorden for diskusjon og endring. Barnehagelærarane må som Hellesnes uttrykker det: Dei får klarlagt kva dei er bestemte av, og vert dermed vanskelegare å bestemme over!

La barnehagelæraren sin kunnskap bli synleg og verdsett!

Powered by Labrador CMS