Vi kan ikkje slutte å fortelje om konsekvensane av låg bemanning
Fine ord kan bidra til positivt omdømme, men det er ikkje nok til å gje oss ein betre arbeidskvardag i barnehagen.
PublisertSist oppdatert
Annonse
Stadige artiklar om bemannings- og rekrutteringskrise har
fått nokre til å gå langt i å antyde at barnehagetilsette og deira
fagforeiningar kan takke seg sjølve for låge søkjartal og flukt frå yrket. Kan
vi ikkje heller fremje dei positive sidene?
Annonse
Klart vi kan! Barnehagen er ein
fantastisk arbeidsplass. Det er eit variert og spennande yrke. Fine ord kan
bidra til positivt omdømme, men det er ikkje nok til å gje oss ein betre
arbeidskvardag. Det er heller ikkje nok til å halde tilsette friske eller få folk
til å stå lenger i jobb.
Annonse
Vil ikkje uroe foreldre
Eg har sjølv stått i garderoben og fortalt foreldre om den
fine dagen vi har hatt, vel vitande om at vi ikkje har hatt moglegheit til å
følgje opp barna slik lov og forskrift krev, fordi vi mangla folk.
Eg burde
fortalt sanninga, men glatta i staden over det for ikkje å uroe eller snakke
ned eigen arbeidsplass. Eg veit om tilsette som av same grunn ikkje ein gong
vågar å trykke «liker» på innlegg som handlar om arbeidsvilkår i barnehage.
Anita Holm Cirotzki
er barnehagelærer fra Svelgen i Vestland, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og leder i kontaktforum for barnehage. Hun er også fast spaltist i Første Steg.
Modige tilsette
Det vert feil å rette skyts mot dei som er modige nok til å
belyse korleis knappe ressursar påverkar arbeidet. I staden bør ein takke
fagforeiningar, tilsette og andre som gong på gong lyftar utfordringane. Det
har resultert i fleire politiske vedtak om å auke grunnbemanninga kringom i
landet.
Kan vi takke oss sjølve for situasjonen vi står i? Vi kan
takke oss sjølve for at fleire veit om stoda i barnehagane, for at barnehage
endeleg er på sakskartet i mange politiske parti. Flukta frå yrket,
bemanningskrise og rekrutteringsvanskar må dei som har makt og midlar til å
gjere endringar, ta ansvar for. Der er det enno eit stykke att. Derfor kan vi
ikkje slutte å fortelje om konsekvensane av låg bemanning.
Annonse
Du skal ikkje teie
Eg kjem aldri til å oppmode barnehagelærarar til å teie om
arbeidskvardagen. Du skal ikkje vegre deg for å trykke «liker» på innlegg,
eller ha dårleg samvit for å fortelje foreldre om korleis dagen eigentleg har
vore.
Hald fram med å fortelje om dei gode opplevingane i verdas beste yrke. Ha
mot til også å fortelje om det som hindrar deg i å gjere ein god jobb, og kva
løysinga kan vere. Slik kan vi saman bidra til å komme eitt steg nærare ein
betre arbeidssituasjon i barnehagane, til det beste for både barn og tilsette.
Dette innlegget har òg vore på trykk i Første Steg nr. 1/2024.
Mari, også kjent som BokstavMari, er lærer og forfatter med særlig interesse for tidlig skriving i begynner-
opplæringen. Hun arbeider med opp-
dagende og meningsfull skriving og er opptatt av en balansert bruk av digitale og analoge verktøy.
Kenneth Bareksten
Kenneth er lektor i Osloskolen med en videreutd. i spesialpedagogikk. Bakgrunn som håndverker, men hoppet av og tok en master på Universitetet i Oslo i britisk poesi fra barokken. Opptatt av inkludering, språklige ferdigheter og ansvarlig bruk av teknologi i skolen. Han har gitt ut to bøker og driver Laererliv.no.
Kjersti Eggen Dahl
Kjersti har lektor-
utdanning og PhD i utdanningsvitenskap fra NTNU. Hun er førsteamanuensis i samfunnsfag ved samme universitet og er særlig opptatt av demokrati-
utdanning, unges samfunnsengasjement og klasserom med livlige diskusjoner.
Ola Buxrud
er familiemann, ved-entusiast og lektor i videregående skole i Oslo. På Utdanningsnytt skriver han primært om videregående opplæring.
Anita Holm Cirotzki
er barnehagelærer, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og leder i kontaktforum for barnehage. Hun er også fast spaltist i Første Steg.
Ingeborg Lovise Tyse
er fra Randaberg i Rogaland og har undervist på videregående siden 2004. Hun er sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og leder yrkesfaglig forum. Hun er også fast spaltist i Yrke.