Vi barnehagetilsette er så løysingsorienterte at vi nesten viskar ut oss sjølve. Det må vi slutte med.
Publisert
Annonse
Barnehagen fløymer over av oppgåver som har lite eller
ingenting med det pedagogiske arbeidet å gjere. Nokre tidstjuvar må vi leve
med, men ein del oppgåver kan med fordel kuttast ut eller reduserast.
Annonse
Det er på
høg tid å sjå på tidsbruk opp mot nytteverdi, og då kva nytteverdi oppgåvene
har med tanke på barna. Kva er det nyttig for barna at barnehagelærarane brukar
tid på?
Annonse
Lovpålagt eller sjølvpålagt?
Barnehagetilsette strør, skuffar snø, og nokre reparerer
møblar og skiftar filter i ventilasjonsanlegget. Barnehagetilsette rapporterer
meir, oppdaterer den digitale plattforma fleire gonger dagleg og utfører
oppgåver som reinhaldaren eller vaktmeisteren gjorde før, for å nemne noko.
Anita Holm Cirotzki
er barnehagelærer, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og leder i kontaktforum for barnehage.
Er alle oppgåvene som barnehagen utfører, naudsynte for å
oppfylle rammeplanen? Vi må sortere oppgåver og vurdere kva vi skal prioritere,
og vi må spørje oss sjølve om oppgåvene er lovpålagde eller pålagde av andre –
eller om dei kanskje er sjølvpålagde? Vi må òg vurdere om oppgåvene kan gjerast
på andre måtar, om vi bør redusere omfanget eller kutte dei ut? Og ikkje minst:
Er dette eigentleg vår oppgåve?
Plantid får skulda
Plantida får ofte skulda for at det er færre tilsette saman
med barnegruppa, men det er mykje anna som i større grad tek tilsette vekk frå
barn og barnegruppe, og dei tidstjuvane bør vi snakke mykje meir om. Plantid er
trass alt avtalefesta og viktig for det pedagogiske arbeidet. Ho må vernast.
Vi barnehagetilsette har ein tendens til å vere så
løysingsorienterte at vi nesten viskar ut oss sjølve. Det må vi slutte med,
både for vår eiga helse si skuld og for barna si skuld. Vi skal ikkje ta på oss
ansvaret for å måke snø fordi teknisk avdeling har det så travelt, eller kutte
planleggingstida fordi det var så mange andre gjeremål som måtte
utførast.
Dette innlegget har òg vore på trykk i Første Steg nr. 2/2025
Annonse
Må redusere oppgåver
Mange tilsette går heim med dårleg samvit for alt ein ikkje
fekk gjort eller følgt opp. Sjukefråværet er skyhøgt og pensjonsalderen låg, fordi ein ikkje klarer å stå i
arbeid til ordinær pensjonsalder. Barnehagetilsette brenn lyset i begge endar.
Dette kan ikkje halde fram. Tilsette, styrar og eigar må saman belyse og
redusere oppgåver som tek tid og merksemd vekk frå barnegruppa. Slik får vi
også ein meir helsefremmande arbeidsplass. Leiarar og eigarar har eit særleg
ansvar i dette arbeidet.
Mari, også kjent som BokstavMari, er lærer og forfatter med særlig interesse for tidlig skriving i begynner-
opplæringen. Hun arbeider med opp-
dagende og meningsfull skriving og er opptatt av en balansert bruk av digitale og analoge verktøy.
Kenneth Bareksten
Kenneth er lektor i Osloskolen med en videreutd. i spesialpedagogikk. Bakgrunn som håndverker, men hoppet av og tok en master på Universitetet i Oslo i britisk poesi fra barokken. Opptatt av inkludering, språklige ferdigheter og ansvarlig bruk av teknologi i skolen. Han har gitt ut to bøker og driver Laererliv.no.
Kjersti Eggen Dahl
Kjersti har lektor-
utdanning og PhD i utdanningsvitenskap fra NTNU. Hun er førsteamanuensis i samfunnsfag ved samme universitet og er særlig opptatt av demokrati-
utdanning, unges samfunnsengasjement og klasserom med livlige diskusjoner.
Ola Buxrud
er familiemann, ved-entusiast og lektor i videregående skole i Oslo. På Utdanningsnytt skriver han primært om videregående opplæring.
Anita Holm Cirotzki
er barnehagelærer, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og leder i kontaktforum for barnehage. Hun er også fast spaltist i Første Steg.
Ingeborg Lovise Tyse
er fra Randaberg i Rogaland og har undervist på videregående siden 2004. Hun er sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og leder yrkesfaglig forum. Hun er også fast spaltist i Yrke.