Undervisning i grunnskolen. Foto: Katja Kircher/Mostphotos.

Ein elevvennleg kunnskapsskule

Debatt: Den «nye» medisinen for å oppnå gode læringsresultat er meir ro i skulen med meir varierte fag og aktivitetar.

Publisert

I eit innlegg i Sunnmørsposten 14. februar i år slår Ole Gerhard Steen fast at kunnskapsskulen er i fritt fall. Elevane når stadig mindre kunnskapar i sentrale skulefag. Han byggjer mellom anna på PISA, som undersøker korleis eit representativt internasjonalt utval 14-år gamle elevar presterer i faga norsk, matematikk og naturfag. Dei norske resultata på denne undersøkinga er lågare i 2022 enn noko gong sidan prosjektet starta i 2000. Det er i seg sjølv ei trasig utvikling. Resultata i skulen er elles meir urovekkjande enn dei Steen legg til grunn.

Meir undervisning og lågare prestasjonar

Elevane som deltok i den første PISA-undersøkinga i 2000, tok til i 9-årig skule i 1993. Då dei tok undersøkinga, hadde dei eitt år mindre skule enn dagens 14-åringar. Den obligatoriske skuletida vart utvida frå ni til ti år i 1997 med skulestart det året barnet fylte seks. 

Ei anna side er at i perioden 1987 til 2008 vaks timetalet frå 8664 til 10525 skuletimar på 45 minutt, ein auke på 1861 skuletimar. Vel halvparten av desse timane gjeld den senka alderen for skulestart. Resten svarar til to tredels skuleår og vart mest lagd til småskulesteget der det var størst rom for utviding. Denne auken har elevane som tok PISA 2022 vore med på. Dei har såleis fått knappe 2 år meir undervisning på skulen, enn dei som var informantar på PISA 2000. 

Fasiten er at med snart to år meir undervisning har 14-åringane på PISA-studien i 2022 nådd lågare resultat enn dei i 2000. Utdanningsdirektoratet fann nyleg ut at statistikkprogrammet dei i fleire år har nytta for å analysere nasjonale prøver, ikkje hadde fanga opp nedgangen i resultata der. Då dei analyserte prøvene om att, kunne også dei stadfeste at det har vore nedgang, lenge.

Politikk som forklaring

Å forklare denne uventa og særs negative utviklinga, er ikkje lett. Steen kjem med fleire litt oppsiktsvekkjande synspunkt på dette som burde vore drøfta kritisk, dei legg eg til side. Og trekkjer i staden fram forklaringane hans om skulepolitikken. Han påstår at dei trasige resultata er ein konsekvens av at Arbeidarpartiet har dominert denne politikken, og at andre synspunkt ikkje har hatt ein sjanse for å kome til. Steen er på villspor, og kjem med klart misvisande og feilaktige opplysningar.

Arbeidarpartiet dominerte utdanningspolitikken fram til 1970-talet. Då kunne ein møte dei som meinte at å lære fag i skulen ikkje var så viktig, berre ein treivst. På 1970 talet starta motkreftene sitt arbeid for kunnskapsskulen, og dei fekk gradvis tilslutning. Ap-statsråden Gudmund Hernes var ein av dei fremste på 1980 og 90-talet.

Etter tusenårsskiftet har det vore borgarlege regjeringar lenger enn det har vore regjering med Arbeidarpartiet. Kven som har hatt regjeringsmakt har heller ikkje vore avgjerande for skulepolitikken i dei siste tiåra. I Stortinget har det vore nesten samrøystes tilslutningar til dei tre store og grunnleggande reformene i grunnskulen sidan 1997 (Reform 97, Kunnskapsløfta 2006 og 2020). 

Hovudmålet og felles for alle dei tre reformene har vore å betre dei faglege elevprestasjonane. Ein bakgrunn for denne retninga er internasjonalt press frå t.d. OECD. Den enkle bodskapen derifrå har vore at ein må få meir kompetanse i folket for betre kunne å konkurrere i internasjonal økonomi og handel. Der ligg også mykje av forklaringa på etableringa av PISA-studiane i 2000 og nasjonale prøver (2004),

Feil medisin

Den «medisinen» ein har nytta i fleire tiår for å få fram gode skuleprestasjonar, har ikkje fungert. Assosiasjonen til Hamlet er nær: «Something is rotten in Denmark», utlagt som: «Noko er rote i skulepolitikken.» Steen er oppteken av at skulen som læringsarena må gjenopprettast og kunnskapsformidlinga må prioriterast. Læraren må vere einaste sjefen i klasserommet, prega av disiplin og tydeleg klasseleiing. Dette er dagens politikk, som altså ikkje har fungert. Å sjefe meir hjelper ikkje.

Fagleg teoretisering

I ein interessant artikkel i Nytt Norsk Tidsskrift (2022) skriv Elise Farstad Djupedal om ei anna mogleg forklaring på tilhøva. Ho har studert auken i det samla undervisningstimetalet i grunnskulen og kva følgjer dei kan ha fått. Det meste av auken ut over eit tiande år er i småskulen (1.-4. trinn), og i hovudsak nytta til faga norsk (dvs. lesing og skriving) og matematikk. Det er fag som krev at elevane sit i ro, med bokleg skolerte lærarar og i tradisjonelle klasserom. 

Det er gitt liten plass til praktiske, fysiske, estetiske, kreative og leikeprega aktivitetar, og det gjeld heile skuleløpet. Med det har også behovet for lærarar med slik orientering og interesse vorte langt mindre. Det kan leggast til at fag som forming, musikk og kroppsøving no har vorte langt meir teoretiske enn før, med meir vekt på det boklege som kunsthistorie, treningslære og musikkteori. Leiken i skulen har hatt dårlege vilkår.

Smal skule

Medisinen i skulen har lenge vore tidlegare og meir teoretisering og akademisering. Det gir ikkje berre nokre fag ei dominerande stilling og status. Det gir også bestemte typar kunnskapar og forståingar eit herredøme som pregar heile skulen. Skulen har vorte smalare. Det har skapt ein skule som ikkje utfordrar heile eleven og ein skule som ikkje tek omsyn til eller veit kva føresetnader elevar flest har for å møte desse utfordringane. Det bryt klart med kravet i paragraf 1-3 i opplæringslova om tilpassa opplæring. Ein ekstrem konsekvens av denne orienteringa ser vi i det aukande omfanget av diagnosar som ADHD og autisme. Symptoma som er typiske for desse diagnosane kan vere måtar elevar tilpassar seg krav dei ikkje meistrar eller forstår.

Den «nye» medisinen

Forskinga er nokså klar på kva som skal til: Den «nye» medisinen for gode læringsresultat er meir ro i skulen, med varierte fag og aktivitetar, der kunnskapslæringa er for elevane, prega av at heile personen skal utfordrast med varierte, krevjande og utfordrande aktivitetar og av lærarar som er engasjerte, tett på, har tid og ser alle.

 * Dette innlegget var først publisert i Sunnmørsposten 1. mars i år. 

 

 

Powered by Labrador CMS