Det heiter ikkje eg – no lenger

Debatt: Det er ein skandale at elevar i norske klasserom lærer seg å skrive med retteprogram som gjev dei raude strekar under nynorske ord dei har skrive rett.

Publisert Sist oppdatert

Det heiter ikkje: eg - no lenger. På internett heiter det jeg.

Denne våren skal Stortinget vedta ei ny opplæringslov. Før Noreg finn påskeroen, skal Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) sende frå seg regjeringa sitt framlegg. Noregs Mållag forventar at det blir ei lov som sikrar nynorskelevane ein digital skulekvardag på nynorsk. I dag møter dei mest berre bokmål, fordi dei fleste digitale verktøy, skriveprogram, appar og læringsressursar verken finst på eller forstår nynorsk.

Det rokkar ved retten til opplæring på eige skriftspråk, og gjev dei ei dårlegare lese- og skriveopplæring enn bokmålselevane. Slik kan vi ikkje ha det. Det er ein skandale at det sit elevar i norske klasserom og lærer seg å skrive med retteprogram som gjev dei raude strekar (Mente du: streker?) under nynorske ord dei har skrive rett! Høgreregjeringa føreslo i høyringsutkastet til opplæringslova å lovfeste at skriveprogram skal kunne både bokmål og nynorsk, men dei la til atterhaldet “så langt som råd”. Fire små ord som slår beina under retten. Dette atterhaldet må bort.

Opplæringslova stiller krav til at læremiddel skal finnast på nynorsk, men definisjonen av kva som er eit læremiddel, er for snever. Det hjelper fint lite med eit nynorskkrav til berre nokre få, store læremiddel når nynorskkravet ikkje treffer dei læremidla, læringsressursane og digitale verktøya som faktisk blir brukte i klasseromma.

Læringsressursar må kome inn under definisjonen av eit læremiddel. Parallellitetskravet må gjelde for alle digitale og ikkje-digitale læringsressursar og verktøy som er laga for eller blir brukte i opplæringa.

Det kan ikkje vere avgrensa til om dei «blir brukt jamleg i opplæringa» eller kvar for seg «dekkjer vesentlege delar av læreplanen i faget». Heile poenget er jo at summen av alle små ressursar, appar, programvare, læremiddel og andre digitale verktøy gjer at nynorskelevane møter mest berre bokmål.

Les også: Mållaget: Nynorsk må med i kunnskapsministerens digitaliseringsplan

Departementet på si side meiner at dette «i for stor grad kan begrense skolenes pedagogiske og faglige handlingsrom». Som om skulane sitt «handlingsrom» er viktigare enn elevane sine individuelle språkrettar. Om berre éin av dei om lag 350 tilsette i Kunnskapsdepartementet hadde løfta blikket opp og vekk frå bokmålsperspektivet i Kirkegata i Oslo, ville dei høyrt det fortvila ropet frå rektorane på nynorskskulane. Dei vil ha lovfesta krav, fordi handlingsrommet dei i dag har, i praksis tvingar dei over til bokmål.

Med lov kjem endring

Dei store aktørane seier rett ut at med lov kjem endring. Fram til dess er skuleeigar sjanselaus når dei kjøper inn læremiddel i ein marknad på sjølvstyr. Språkopplæringa er styrt av private selskap, ikkje av styresmaktene. Då kjem dei på fleirtalsspråket bokmål. Den departementale ryggmargsrefleksen er å gjere dei praktiske motførestillingane større enn dei er, og fortelje politisk leiing at krava våre er for risikable å lovfeste.

Men høyringsrunden har tydeleg vist at framlegget vårt både kan gjennomførast og er tvingande naudsynt. Språkrådet er tydeleg på at dagens læremiddeldefinisjon har store konsekvensar, særleg for nynorskelevane. Dei skriv i høyringssvaret sitt at ubalansen mellom bokmål og nynorsk «samla sett bidreg til at elevane får mangelfull opplæring i sitt eige skriftspråk» og at det bidreg til å «gje inntrykk av at skriftspråket til elevane er underordna eit større språk og har lågare status». Det er som om Språkrådets direktør Åse Wetås står i gangane i departementet og viftar med verdas største raude flagg.

Ikkje urimelege krav

Det er ikkje urimelege krav vi stiller: Vi ber berre om at nynorskelevane skal ha dei same kåra som bokmålselevane. Det er ekte barn vi snakkar om. Nærare 75.000 sårbare nynorskelevar sit ved pulten sin og har ikkje tid til å vente lenger. Ei lang rekkje kunnskapsministrar har stillteiande akseptert og sementert eit A- og B-lag av norske elevar, basert på opplæringsspråk. Eg trur Tonje Brenna blir den som set eit punktum for det. Berre slik kan ho innfri løfta i programma begge regjeringspartia gjekk til val på, og den felles plattforma dei styrer på. Ho bør vise kven som er sjefen i departementet og sikre språkleg rettferdig i digitale klasserom.

Powered by Labrador CMS