Kor blir pengane til pensjon av?

Debatt: Det blir stadig vanskelegare å stille seg bak ein eigar som i staden for å vise forståing, vel å annonsere flytting til Sveits.

Publisert Sist oppdatert

Eg er glad i arbeidsplassen min og er omgitt av fine kollegaer. Ein imøtekommande styrar, gode barn og forståingsfulle foreldre. Det er særs vanskeleg å skulle stå utanfor porten og streike for rettighetane sine når ein veit at det er nettopp desse folka det går utover. Samtidig så er alt vi ber om, det same som alle andre får.

Det blir vanskelegare og vanskelegare å stille seg bak ein eigar som i staden for å vise forståing, heller vel å annonsere flytting til Sveits. Som sender ut melding til foreldra, men overser sine tilsette. Og som seier at dei er barnehagefolk som driv barnehagar for barna og yrket, men sjølv sit i styret til PBL og «nektar» sine tilsette anstendig pensjon.

Det er for meg veldig rart at dette vil vere ein stor kostnad som i verste fall kan bety at barnehagane går under økonomisk. Spesielt når det ligg forslag ute til høyring om at barnehagane skal få dekt alle utgiftene knytt til pensjon, krone for krone, øre for øre. I tillegg har vi som «jobbar under PBL» betalt inn 1 prosent meir av eigen pensjon for å dekke inn dei kostnadane. Så kor blir pengane av?

Så, kjære PBL og Læringsverkstedet: Det er selt tomter for milliardar av kroner. Det blir tatt ut store utbytte. Trass kutt på 600 millionar i pensjonsstøtte frå regjeringa, så skal det være meir enn nok støtte til å dekke utgiftene knytt til pensjon. Og vi som tilsette har til og med betalt ekstra av eigen pensjon nettopp for å dekke inn kostnadane som ein visste kom. Korleis kan de då seie at det ikkje finst pengar? At vi ikkje kan få det som alle andre får? Og legge ansvaret over på oss, dei tilsette, for at drifta ikkje går rundt om vi står på krava våre?

Les også: Dette handler streiken i PBL-barnehagene om

Powered by Labrador CMS