Ein meir praktisk tilrettelagt skule kan styrke læring og trivsel
Debatt: Ein skule med intensjon om likeverd, inkludering og utdanning for alle kan ikkje lenger ignorera at mange unge er teoritrøytte.
Opplæringslova 2023 framhevar nok ein gong at alle elevar skal ha tilfredsstillande utbytte av opplæringa uavhengig av føresetnader, og at alle elevar har rett på eit godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring.
Spørsmålet er om ein skule med hovudtyngda på basisfaga norsk, matematikk og engelsk møter dei ulike føresetnadane og skapar trivsel for alle elevar.
Kvalitetvurdering i utdanningssektoren har sidan 2000 -talet vore prega av resultatmålingar og statistikkar. Kunnskapsministaren viser til at resultat på nasjonale undersøkingar i matematikk, lesing og naturfag er svakare enn tidlegare. Samfunnet krev effektivitet, studiepoeng og produktive unge som gir økonomisk vekst og høge skår i statistikken. Samstundes ser me eit urovekkande skulefråvær, elevar som ikkje trivst i skulekvardagen, og ungdommar som ikkje får fotfeste i arbeidslivet.
Nav sine tal på unge uføre gir grunn til uro. Bjørn Lien i Nav Innlandet (NRK, 2024) viser til at utanforskap kostar samfunnet millionar kvart år. Geir Røsvoll i Utdanningsforbundet seier i Udanningsnytt at at samfunnet invisterar i lærarar med høg kompetanse, og at lærarne må få tillit til å utforma skulen. Rammevilkåra er viktig for ei god tilretteleggjing for alle elevar.
Er vegen vidare for ein inkluderande skule å køyra på med styrking av basisfaga, den tradisjonelle skulen og digitale verktøy? Svaret er nei.
Basisfaga er nødvendige og viktige i eit kunnskapssamfunn, men vegen fram til motivasjonen for lesing og skriving er særs ulik. Nokre glødar for teorifag, andre glødar for praktiske og estetiske fag, og nokre heng med uavhengig av fagområde. Nokre har eit godt støtteapparat rundt seg, andre har det ikkje.
Det er mange omsyn å ta i møte med ei mangfaldig elevgruppe. Rammevilkår som lovverk, retningslinjer, organisering og kompetanse legg føringar for kva som let seg gjera for å kunne skape ein god og variert læringskultur.
Lågt timetal i dei praktiske og estetiske faga, og at halvparten av lærarane som underviser i desse faga manglar formell kompetanse er ei utfordring i dagens skule. Nyutdanna grunnskulelærarar med 5 årig lærarmaster har færre fag, men fleire studiepoeng enn den tidlegare allmennfagslæraren. Ein konsekvens av dagens rammevilkår er at søkjarar med master i kun eitt praktiske og estetiske fag kan bli nedprioritert i skulen, trass høg kompetanse.
Lågt timetal i grunnskulen i kroppsøving, mat og helse, kunst og handverk og musikk kan og gjera skulen mindre attraktiv for denne gruppa. Det kan vidare føre til at at praktiske og estetiske fag vert erstatta av lærarar med liten kompetanse og erfaring på fagområde. Det er tungt å undervisa i musikk og dans om ein opplever å vera «tonedøv» og «taktlaus». Det er avgjerande at læraren har ei forståing for kompetansar i læreplanen for at elevane skal få fagleg utvikling.
Det er ein kjent sak at kvalitet og studiepoeng kostar, og fag som vert vurdert som ubetydlege vert fort nedprioritert.
Kreativitet, samarbeidsevne, haldningar, kompetanse i å lære, etiske vurderingar, demokratisk deltaking er kompetansar det er behov for i framtida (NOU, 2014: 5). Utvikle sjølvstendige, empatiske menneske med gode verdiar, integritet og kritisk tenking er viktig i eit demokratisk samfunn. Anerkjenning av praktisk estetiske fag der det er rom for utvikle sine evne og utfalde seg fysisk og estetisk, kan styrke både utdanning og danningsmandatet til skulen. Tverrfagleg samarbeid krev ei lik verdsetting av teoretisk og praktisk kunnskap i tråd med oppgåver generelt i arbeidslivet.
Meld. St.34 (2023- 2024) og nye rammeplanar for lærarutdanningar gir håp om ei satsing på ein meir praktisk skule. Framtida vil vise om intensjonane stoppar i diverse utval og kommitear. Konkrete tips er å verdsette høg kompetanse i praktiske og estetiske fag på lik linje med basisfaga og gå for ei jamn fordeling av timetalet. Dette er særs viktig på ungdomstrinnet der timetalet i basisfaga går opp, og dei andre ned. Meistringsopplevingar er grunnleggjande for å handtera auka faglege krav vidare i utdanningssystemet.
Ein skule med søkelys på praktiske og estetiske fag kan opne dørar for at fleire barn og unge opplever å ha ein inkluderande skulekvardag med læring og trivsel.