Barnehagelæraren må ha kunnskap om leik og opptre på ein måte som fremjar leiken sine vilkår, ved å forma ut det fysiske miljøet på ein måte som inviterer til leikIllustrasjonsfoto: Adobe Stock
Fagartikkel
Når vi diskuterer leik og læring i barnehagen, er ikkje diskusjonen så ny som vi trur
Forholdet mellom leik og læring har vore aktuelt sidan barnehagen si byrjing på 1800-tallet.
Karen IngebjørgDraugsvollSPESIALPEDAOGG I Øygarden kommune
PublisertSist oppdatert
Annonse
Barn sin rett til leik finn vi innskriven i FN sin barnekonvensjon,
artikkel nr. 31. Det er i dag aukande satsing på læring og tidleg innsats i
sentrale styringsdokument (Utdanningsdirektoratet, 2017) for barnehagen. Fleire
uttrykkjer bekymring for at læringstrykket i barnehagen aukar. Det kan vera
lett å tenkja at debatten kring leik og læring er av nyare tid, men historisk
er ikkje det å sjå barnehagen som ein læringsarena så nytt (Jansen, 2014, s.
29). Artikkelen syner korleis forholdet mellom leik og læring har vore aktuelt
sidan barnehagen si byrjing, med referanse til Friedrich Frøbel og Maria
Montessori.
Annonse
Annonse
Frøbel og den frie leken
Friedrich Frøbel (1782–1852) er for mange kjent som
grunnleggjaren av den moderne barnehagen på midten av 1800-talet og var den
første som bringa leiken inn som ein sentral del av pedagogikken, ved å kopla
han til arbeid (Greve et al., 2014, s. 19–21). Frøbel ønskte å gje barn eit
godt grunnlag til dei begynte på skulen. Vaksne skulle vera aktive i samspel
med barna, utfordra dei gjennom samtale og instruksjon i samband med det han
kalla for «lekegaver» (Jansen, 2014, s. 29; Johansson, 2004), eller pedagogisk
materiell, som vi kan kalla det i dag.
Dagens debatt kring leik og læring handlar òg mykje om kor
stor innblandinga til den vaksne skal vera. Om barnehagelæraren ikkje er medviten
på dette spørsmålet og korleis vi møter barn som leikar, er det fare for at
leiken vert redusert til eit middel for læring. Det er likevel for enkelt å
hevda at leik og læring ikkje kan sjåast i samanheng. Då viser vi ikkje omsyn
til at det faktisk skjer mykje verdifull og spontan læring når barn leikar (sjå
bl.a. Veslemyr, 2014; Olofsson, 1993; Utdanningsdirektoratet 2017, s. 20–21;
Øhman, 2012). Dette er læring vi som vaksne på sidelinja kan erkjenne at skjer,
sjølv om barna berre leikar for å leika.
Ved å ikkje sjå leik og læring i samanheng viser vi ikkje
omsyn til den viktige rolla barnehagelæraren spelar. Barnehagelæraren må stelle
seg aktiv til barn sin leik, som er ein grunnleggjande og viktig del av barn
sine liv. Vi skal ikkje alltid delta aktivt i leiken, men barnehagelæraren må
vere tilgjengeleg for barna ved å støtte, inspirere og oppmuntre dei i leiken
(Utdanningsdirektoratet, 2017, s. 20–21). Barnehagelæraren må ha kunnskap om
leik og opptre på ein måte som fremjar leiken sine vilkår, ved å forma ut det
fysiske miljøet på ein måte som inviterer til leik.
Frøbel såg òg føre seg ei aktiv vaksenrolle. Barnet skulle
ikkje overlatast til ein «la-det-skure»-pedagogikk, eller til ein pedagogikk
der vaksne «fyller» barna med kunnskap (Johansson 2004, s. 261). Den vaksne
skulle samspela saman med barna, veksle mellom sjølv å visa veg og la barna
visa vegen (Greve et al., 2014, s. 18–20).
Den norske barnehagetradisjonen har i stor grad vore bygd på
tolkingar og praktisering av Frøbel-tradisjonen. Den frie leiken har vore i
fokus, men det er verdt å merka at sjølv om Frøbel var oppteken av den frie
leiken, så var leiken under ein streng struktur. Barnehagen sitt utemiljø
skulle vera prega av bestemte bed til blomar og plantar, tileigna det enkelte
barnet og med nøye tilviste plassar der leik kunne føregå, for å læra omsorg
for naturen og heile skapingsprosessen. Og dei erfaringane og den læringa barn
tileignar seg gjennom interaksjon med omgjevnadane, var viktig for Frøbel
(Greve et al., 2014, s. 21, 139). Tanken om å leggja til rette for læring
gjennom leik har med andre ord vore aktuell sidan Frøbel si tid.
Barnehagelæraren har ei viktig rolle i møte med barn sin
leik. Vi skal ikkje invadere leiken, men skapa rom for at han kan oppstå og
utvikla seg. I tillegg må vi støtta barna når leiken stoggar opp. Refleksjon
over barnehagelæraren si rolle som vaksen i møte med barn sin leik er naudsynt
for å kunna balansera direkte innblanding og støtte på ein god måte.
Om barnehagelæraren ikkje er medviten om korleis vi møter barn som leikar, er det fare for at leiken vert redusert til eit middel for læring, skriv barnehagelærar Karen I. Draugsvoll.Illustrasjonsfoto: Adobe Stock
Montessori om barns behov
Maria Montessori (1870–1952) fekk interesse for
småbarnspedagogikk gjennom arbeidet med psykisk utviklingshemma barn. Ho var
lege og baserte arbeidet sitt på observasjon av det enkelte barnet. Som Frøbel
hadde også ho stor respekt for barnet, men ho stod for ei anna retning innan
pedagogikken og var ikkje i like stor grad oppteken av den frie leiken (Greve
et al., 2014, s. 24–26).
Det pedagogiske materiellet skulle tilpassast det enkelte
barnet sine behov, og vi ser eit større spenningsmoment til leiken sin plass i
barnehagen og pedagogen si rolle. Medan Frøbel var oppteken av barn sin eigen
leik, la Montessori vekt på barn si læring gjennom arbeid (Greve et al., 2014,
s. 26; Pramling Samuelsson og Carlsson, 2009, s. 31–34). Med arbeid meiner ho
leiken som er den forma for aktivitet barn lærer gjennom (Signert, 2004, s.
427). Koplinga mellom leik og læring var sentral.
Barna skulle ifølgje Montessori ha eigenaktivitet i form av
konsentrert arbeid med utgangspunkt i spesialkonstruert, didaktisk materiell, i
eit godt tilrettelagt miljø. Pedagogen skulle vera ein del av det pedagogiske
landskapet, veksla mellom å vera ein aktiv deltakar når barna trong det, og
meir passiv observatør når barna arbeidde med det tilrettelagde og
sjølvinstruerande materiellet. Pedagogen skulle skapa interesse hjå barna, gje
dei tid til å arbeida (leika), og dessutan prata med barna om det dei hadde
gjort, for å gjera dei medvitne på det dei har kunnskap om (Pramling Samuelsson
og Carlsson, 2009, s. 31–32; Signert, 2004, s. 427). Ei aktiv vaksenrolle var
med andre ord sentral – som hjå Frøbel.
Som Frøbel ønskte ikkje Montessori ein
«la-det-skure»-pedagogikk der barna vert overlatne til seg sjølv, eller ein
praksis der vaksne «fyller» barna med kunnskap, noko som er i tråd med
rammeplanen sine føringar:
I barnehagen skal barna oppleve eit stimulerande miljø som
støttar opp om lysta til å leike, utforske, lære og meistre. Barna skal få
bruke heile kroppen og alle sansar i læringsprosessane sine. Barnehagen skal
bidra til læringsfellesskap der barna skal få bidra i eiga og andre si læring.
(Utdanningsdirektoratet 2017, s. 22).
I rammeplanen vert det lagt til grunn at barnehagelæraren
skal ha ei aktiv vaksenrolle i møte med barn sin leik og deira læreprosessar,
utan å vera styrande. Dagens debatt kring leik og læring kan difor koplast til
både Montessori og Frøbel sine tankar.
Ny kurs for barnehagen
Lov om barnehagar av 1975 innleia ein ny fase for
barnehagen. I 1996 fekk barnehagen sin første rammeplan, med tydelege føringar.
Ti år seinare skjedde det nok ei kurs-
endring med ny barnehagelov og ny rammeplan. Barnehagen skulle nå vera «en
pedagogisk verksemd» (Jansen, 2014, s. 27), ei endring som har vorte ført
vidare i rammeplanen av 2017.
Kursendringa er interessant. Barnehagelæraren skal ikkje
lenger berre leggja til rette for at noko kan skje mellom barn når dei leikar,
vi skal òg vera ein sentral aktør saman med barna i leiken (Jansen, 2014, s.
27). Endringane i norsk barnehagepolitikk er i tråd med eit nyare syn på barn
og barndom, som ser barnet som subjekt og sjølvstendig deltakar i eige liv.
Parallelt med kursendringa er det mange som uttrykkjer
bekymring for at læringstrykket i barnehagen aukar. Det vert åtvara mot
internasjonale tendensar i land som ønskjer å gjera barnehagen til eit tiltak
for å styrkja sin posisjon i det globale kunnskaps- og konkurransesamfunnet
(Tveter Thoresen i Jansen, 2014, s. 28). Debatten er viktig i ei tid der
presset om produksjon og presisjon – helst dokumentert – er gjeldande (Jansen,
2014, s. 28).
Kva er målet med læring?
Vi treng ein diskusjon kring føremålet med læring i
barnehagen og barnehagelæraren si rolle i møte med leiken, for å ikkje køyra
over han og unngå at leiken vert gjord om til eit middel for noko anna. For er
tankar om læring i barnehagen noko som først kom med den endra kursen i den
politiske debatten, eller har det alltid vore rom for læring i diskusjonar
kring kva barnehagen skal vera? Historisk stod både Frøbel og Montessori for ein
pedagogikk der læring var i sentrum, der forholdet mellom leik og læring var
diskutert, og der rolla til den vaksne var sentral.
Kan hende handlar læring i barnehagen om noko anna enn i
skulen? Barnehagelæraren må reflektera over kva som er målet med barn sine
læringsprosessar. Barnehagen har tradisjonelt vore ein omsorgsinstitusjon, og
systematisk arbeid med læringsaktivitetar er relativt nytt. Barnehagelæraren må
møta det anteke nye fokuset på læring med openheit, utan at barnehagen
nødvendigvis skal vera som skulen.
Annonse
Litteratur
Greve, A., Jansen, T.T. og Solheim, M. (2014). Kritisk og
begeistret. Barnehagelærernes fagpolitiske historie. Bergen, Fagbokforlaget.
Jansen, T.T. (2014). Barnehagen – ved et veiskille. I: M. og
T. Pålerud (red.). Barnehagelærer – fag og politikk. Bergen, Fagbokforlaget,
revidert utgave.
Johansson, J.A. (2004). Friedrich Wilhelm August Fröbel:
Fritt tänkande och samhandlande barn. I: K. og L. Løvlie. (red.). Pedagogikkens
mange ansikter. Pedagogisk idéhistorie frå antikken til det postmoderne. Oslo,
Universitetsforlaget.
Veslemyr, O.F. (2014). Lek som mangfold. I: T.H. (red.). På
spor etter lek. Lek under moderne vilkår. Bergen. Fagbokforlaget.
Olofsson, B.K. (1993). Lek for livet. Observasjoner og
forsking om barns lek. Oslo, Andersen & Butenschøn.
Pramling Samuelsson og Carlsson, M.J. (2009). Det lekende,
lærende barnet i en utviklingspedagogisk teori. Oslo, Universitetsforlaget.
Signert, K. (2004). Maria Montessori: Läkaren som blev
pedagog. I: K. og L. Løvlie. (red.). Pedagogikkens mange ansikter. Pedagogisk
idéhistorie frå antikken til det postmoderne. Oslo, Universitetsforlaget.
UTDANNINGSDIREKTORATET (2017). Rammeplan for barnehagen.
Innhald og oppgåver.
ØHMAN M. (2012). Det viktigste er å få leke. Oslo, Pedagog.