NYSGJERRIG: Når ein snakkar om barnehagen som danningsarena kjem ein veldig langt om ein fangar opp og tek omsyn til barna sine perspektiv og interesser, skriv artikkelforfattaren

Fagartikkel

Me må diskutere danning i barnehagen

Danning i barnehagen er langt meir enn god bordskikk og gode manerar. Det er også å leggje til rette for barnas utforsking og nysgjerrigheit.

Publisert Sist oppdatert

Danning er eit svært spennande omgrep som ofte vert nemnt i same andedrag som barnehagen, og det er ikkje uvanleg at barnehagen vert omtalt som ein god og viktig danningsarena. Likevel må det kunne seiast at danning er eit uklårt omgrep som kan vere vanskeleg å forstå. Danning er likevel eit omgrep barnehagetilsette skal kjenne til, då det står i barnehagelova og rammeplan for barnehagen at barnehagen skal fremje danning (barnehagelova, 2005, § 1; Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 21).

LES OGSÅ: Hva vi mener er barns beste, endrer seg stadig

Eit utfordrande omgrep

Pålerud (2013) skriv at det er utfordrande å definere omgrepet danning, og at det må sjåast som eit omfattande omgrep (s. 161). Om ein skulle ville prøve å definere omgrepet danning gjennom teori, så er det ein god start å nemne danning sine røter i det tyske nyhumanistiske omgrepet bildung, som betyr danning på tysk (Aase, 2005, s. 22). Ein kunne også valt å nemne korleis danning kan sporast heilt tilbake til den greske antikken og omgrepet paideia (Doseth, 2011, s. 13). Sjølv om det er absolutt nyttig kunnskap, så vert det vanskeleg at alle som jobbar i barnehage, skal vite noko om dette.

LES OGSÅ: Da Emil (5) fikk pinnefekte 38 dager på rad under koronapandemien, skjedde det noe

Lettare å forstå omsorg, leik og læring

I rammeplanen kan ein sjå at i tillegg til danning, så er leik, omsorg og læring nokre sentrale omgrep, jamfør Kunnskapsdepartementet (2017, s. 19–22). Hadde ein nemnt leik, omsorg og læring til barnehagetilsette, så ville alle visst kva det går ut på i barnehagekvardagen. Hadde ein nemnt det til menneske som ikkje jobbar i barnehage (eller utdanningssystemet), så ville dei aller fleste visst kva dei tre nemnde omgrepa går ut på. Sjølvsagt ville ikkje alle menneske hatt den same kompetansen som barnehagetilsette, men dei ville hatt ei forståing av dei nemnde omgrepa. Om ein hadde spurt mange menneske om kva danning betyr, så kan det godt hende ein hadde fått til svar at det handlar om god bordskikk (folkeskikk). Rønning (2013) har ein liknande hypotese der ho trur mange forbind danning med at ein har tileigna seg gode manerar (s. 60). Dei som jobbar i barnehage, har som oftast litt meir kunnskap om danning enn det, men mange synest nok det er utfordrande å forstå omgrepet danning.

Om ein spør tilsette i barnehagen: «Korleis bidreg du til god omsorg?», så ville dei tilsette kanskje svart at dei trøystar barna, ser alle barna, hjelper dei med stell og passar på at dei har gode nok klede på seg. Dei tilsette ville med all sannsyn kunne komme med veldig mange gode eksempel på korleis dei bidreg til god omsorg for barna. Hadde ein derimot spurt korleis dei tilsette i barnehagen bidreg til og legg til rette for danning, så ville det nok fort vorte meir usikre og halvveges svar. Det er heller ikkje så rart, for som Pålerud (2013, s. 163) skriv, så er det ikkje særleg enkelt å måle om ein har bidrege til barnas danning.

Danning og oppdraging

For meg som har lest ein del teori om danning, så er det særleg éin ting eg personleg slit med å forstå når eg les barnehagelova og rammeplanen. Korleis kan oppdraging verte fullstendig fjerna frå dei nemnde dokumenta, og faktisk verte direkte erstatta av danning?

Ifølgje Steinsholt & Øksnes (2013, s. 17) har det vorte argumentert for at danningsomgrepet er så omfattande at det inneber omgrepet oppdraging. Dette synet vert ikkje delt av dei to nemnde forfattarane. Dei påpeiker at oppdraging ofte vert sett som at ein påverkar nokon i ei bestemt retning, for eksempel til å passe inn i sosiale forventningar, medan danning hovudsakleg refererer til prosessen der eit individ sjølv dannar seg (Steinsholt & Øksnes, 2013, s. 18). Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg at oppdraging er ein del av barnehagekvardagen, men ifølgje barnehagelova og rammeplanen skal dette falle inn under omgrepet danning, noko som ikkje er i samsvar med Steinsholt & Øksnes (2013) sitt syn på forskjellen mellom danning og oppdraging (s. 17–18). Med eit googlesøk eller ved å lese om danning i fagbøker kan ein sjå at synet til Steinsholt & Øksnes vert delt av fleire. Når barnehagetilsette då veit at danning har erstatta oppdraging, men vert fortalt at danning og oppdraging ikkje er det same, så vert det sjølvsagt forvirrande. Eg har fått høyre fleire gonger: «Danning er berre eit finare ord for oppdraging, sant?»

Diskusjon og refleksjon

Til trass for forvirringa rundt danning og oppdraging må me i barnehagen som Pålerud (2013) skriv, reflektere og diskutere rundt omgrepet danning i samband med kvardagen barna har i barnehagen (s. 163). I rammeplanen står det mellom anna at me som barnehagetilsette skal bidra til danning gjennom å støtte og oppmuntre barnas utforsking og nysgjerrigheit for verda (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 21). Då kan me som barnehagetilsette diskutere og reflektere over korleis me kan leggje til rette for dette. Dette spørsmålet må ein stille seg gjennom heile barnehagekvardagen, og det finst mange potensielle «svar». Ein kan for eksempel prøve å bidra til barnas utforsking og nysgjerrigheit gjennom måling, song, teikning, leiker, blomstrar, sandkasser, bøker, dyr og andre barn og menneske.

Det meiningsfulle for barna

Pålerud (2013) skriv «… den aller viktigste lærings- og danningsarenaen i barnehagen er de relasjoner og aktiviteter som barna opplever som meningsfulle» (s. 168). Det stemmer godt overeins med at Kunnskapsdepartementet (2017) skriv under delen om danning i rammeplanen at «Personalet skal …. legge merke til, anerkjenne og følge opp barnas perspektiver og handlinger» (s. 21). Noko av det som vert viktig i ein danningssamanheng, er at ein fangar opp det som er meiningsfullt for barna, og følgjer opp deira perspektiv. Slik kan ein også leggje til rette for barnas utforsking og nysgjerrigheit. Det må poengterast at det ikkje handlar om å halde barna i ei komfortsone, i ei danningssamanheng vert det også viktig å utfordre og støtte barna til å møte «det nye».

Danning på fleire måtar

Når ein reflekterer og diskuterer over kva som bidreg til god omsorg, så finst det svært mange svar. Det er ikkje éin ting som bidreg til god omsorg, det er samansett av mange handlingar, og slik må ein også tenkje med danning. Det er ikkje éin måte ein kan bidra til danning på, det finst fleire måtar. Når ein snakkar om barnehagen som danningsarena, kjem ein veldig langt om ein fangar opp og tek omsyn til barna sine perspektiv og interesser, og då både på individ- og fellesskapsplan. For det står nettopp i rammeplanen at kvardagen skal vere full av allsidigheit, variasjon og tilpassing til både det enkelte individ og til heile barnegruppa (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 19).

Ynskjer diskusjon

Danning er så mykje meir enn det som står i denne artikkelen, men eg håpar dette kan vere ein artikkel som får fram refleksjon og diskusjon rundt omgrepet danning i barnehagen. Som Steinsholt & Øksnes (2013) skriv, det finst ikkje berre éi tilnærming til danning i barnehagen (s. 19).

Litteratur

Aase, L. (2005). Skolefagenes ulike formål – danning og nytte. I K. Børhaug, A.-B. Fenner & L. Aase (Red.), Fagenes begrunnelser: Skolens fag og arbeidsmåter i danningsperspektiv (s. 15–28). Bergen: Fagbokforlaget.

BarnehagelovA. (2005). Lov om barnehager (LOV-2005-06-17-64). Henta frå https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2005-06-17-64

Doseth, M. (2011). Paideia – selve fundamentet for vår forståelse av dannelse. I K. Steinsholt & S. Dobson (Red.), Dannelse: Introduksjon til et ullent pedagogisk landskap (s. 13–37). Trondheim: Tapir akademisk forlag.

Kunnskapsdepartementet. (2017). Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. Henta frå Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver nynorsk (udir.no)

Pålerud, T. (2013). Didaktikk for en demokratisk barnehage. Bergen: Fagbokforlaget.

Rønning, G. S. (2013). Rammeplan for barnehagen, hva så? (2. utg.). Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Steinsholt, K. & Øksnes, M. (2013). Innledning. I K. Steinsholt & M. Øksnes (red.), Danning i barnehagen: Perspektiver og muligheter (s. 13–19). Oslo: Cappelen Damm Akademisk.

Powered by Labrador CMS