Utviklingen i snittpoeng på PISA-testene i matematikk, lesing og naturfag.

Kva måler PISA, eigentleg?

Debatt: PISA har likevel blitt ei internasjonal rankingliste med enorm innverknad på skolepolitikken i mange land.

Publisert Sist oppdatert

Utdanningsforbundet sin leiar Geir Røsvoll seier i Klassekampen 1. oktober at lærarorganisasjonen er «kritiske til Pisa og hvordan det brukes». Den nyslåtte doktoren i utdanningsvitskap Simon Malkenes ser PISA som ein sentral del av ei feilslått OECD-inspirert styring av den norske skulen. Men kunnskapsminister Nessa Nordtun vil behalde PISA fordi undersøkinga gir «viktig informasjon om det faglige nivået hos norske elever.» Gjer PISA det?

Den norske skulen som har utvikla seg dei siste tjue åra er sterkt prega av styringssystemet som vaks fram med Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem i skulen (NKVS) frå 2004. Psykometriske målingar og undersøkingar som nasjonale prøver, kartleggingsprøver, skolebidragsindikatorar, elevundersøkingar og internasjonale undersøkingar som PISA, TIMSS, PIRLS og ICCS utgjer saman med eksamen ryggrada i NKVS. Systemet har vakse til eit stort og sprikande batteri av over tretti resultatindikatorar som no årleg kostar minst 2,6 milliardar kroner å drifte.

Med dette er lærarane blitt underlagde eit byråkratisk styringsregime som tek frå dei mykje av den tradisjonelt store profesjonelle autonomien. Mange lærarar opplever testane som kontrollorienterte tidstjuvar i ein hektisk skulekvardag. Frå omkring 2015 har også resultata på dei fleste av indikatorane peikt feil veg. I tjueårsperioden som heilskap står ein i beste fall på staden kvil.

I sentrum av det heile står OECDs PISA-undersøking. Norske elevar skåra som kjent midt på treet i den første PISA-undersøkinga som vart publisert i 2001. Som i mange andre land vart det skapt ei nasjonal forståing av at skulen var i krise. Fleire tiltak vart sette i verk for å forbetre PISA-resultata. Dei viktigaste var opprettinga av Utdanningsdirektoratet i 2004 og innføringa av den kompetansemålsbaserte læreplanen Kunnskapsløftet i 2006. Den skulle bidra til at elevane utvikla OECDs «21st Century Skills».

Skulen skulle no ikkje lenger styrast etter det faglege innhaldet i læreplanane, men etter målstyring av vage kompetansar. PISA ville måle skulerelaterte kognitive ferdigheiter på ein kulturelt nøytral måte for å kunne gjere internasjonale samanlikningar. PISA vart derfor utforma for å måle elevar si «evne til å bruke kunnskap og ferdigheiter i sentrale fagområde og til å analysere, resonnere og kommunisere effektivt når dei stiller, løyser og tolkar problem i ulike situasjonar som kan oppstå i ein matematikk-, lese- eller naturfagleg kontekst.»

Ei tverrfagleg studie av PISA-undersøkinga i 33 OECD-land frå 2022 peikar på at denne definisjonen er veldig lik psykologifaglege definisjonar av IQ. Francesca Borgonovi er éin av fem forskarar bak studien. Ho er Global Professor under British Academy, tidlegare senioranalytikar i OECD (på PISA og «vaksen-PISA» PIAAC), og ho har eller har hatt forskarstillingar ved nokre av verdas fremste forskingsuniversitet som franske Sciences Po, London School of Economics og University of California, Berkeley.

Dei fem meritterte forskarane sin konklusjon er at PISA i større grad måler generelle kognitive evner enn fagspesifikke ferdigheiter.[i] Sidan PISA måler skulerelaterte ferdigheiter som leseforståing, ordforråd, matematiske konsept og talferdigheiter, er det ikkje overraskande at PISA først og fremst har produsert den svært trivielle innsikta at vestlege land for alle praktiske formål skårar ganske likt, at land med dårleg utvikla skulesystem skårar mykje lågare, og at austasiatiske land og regionar, der det å drille og prestere på skuletestar trumfar det meste i elevane sitt liv, slår alle.

PISA har likevel blitt ei internasjonal rankingliste med enorm innverknad på skolepolitikken i mange land. Som kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) sa det i 2016: «Riktig eller uriktig, Pisa-resultatene er med på å definere en regjeringsperiode som vellykket eller mislykket». Og dette på bakgrunn av testar som altså først og fremst måler skulerelaterte kognitive ferdigheiter uavhengig av fag, som ikkje har nokon betydning for den enkelte elev, og som dei kan tullesvare på utan at det får nokon konsekvensar.

I over 20 år har norske politikarar styrt skulen i tru på at PISA-resultata, som Nessa Nordtun seier, gir «viktig informasjon om det faglige nivået hos norske elever.». Kunnskapsministeren har makt og moglegheit til å bryte med denne misoppfatninga.

Teksten er basert på artikkelen «Tests, metrics and the making of the Norwegian school 1950–2025», under publisering i NFR-prosjektet I intelligensens tidsalder – Tester og målingar i historisk perspektiv, Museum for universitets- og vitenskapshistorie, UiO.

[i] Artur Pokropek, Gary N. Marks, Francesca Borgonovi, Piotr Koc, Samuel Greiff,

“General or specific abilities? Evidence from 33 countries participating in the PISA assessments”, Intelligence, Vol. 92, 2022. https://doi.org/10.1016/j.intell.2022.101653

Innlegget ble først publisert i Dag og Tid.