Skriving med KI endrar formålet med skrivinga
Debatt: – Tilgangen på generativ kunstig intelligens og skrivemodellar gjer skriving til noko anna enn det var før.
Med enkle tastetrykk kan ein få produsert lange, flotte tekstar. Men å skrive handlar ikkje berre om å produsere tekst.
Å skrive er også ein måte å tenke på. Skriving kan vere ei eiga lærings- og erkjenningsform, og ein måte å vekse inn i eit kunnskaps- og danningsfellesskap.
Generative språkmodellar som chat-GPT, Claude og Copilot er som vi veit statistikk. Dei vel ut neste ord i teksten basert på frekvensar i tekstar dei har blitt trent på. Dei veit ingenting sjølv, dei skriv på bakgrunn av sannsynlegheit og frekvens.
Treningsmaterialet som ligg bak språkmodellane, speler inn på kva modellane tenker at du bør ha med i teksten din: Korleis bør du formulere problemstillinga di, kva for moment bør du ta med, kva for ord bør stå i kva for rekkefølge og kva for synonym bør du variere teksten med.
Mektige verktøy
Språkmodellane er mektige verktøy når ein skriv. Dei er kjempegode på å lage tekstsamandrag, på rettskriving og på trekke ut hovudpunkt i ein tematikk. Dei er også gode på å omformulere tekst, og dei skriv raskt. Dette gjer det lett å produsere ein tekst når ein treng han.
Modellane er i stadig utvikling, og er fantastiske hjelpemiddel til sitt bruk. Utdanningsinstitusjonane, min eigen institusjon inkludert, oppmodar studentane til å bruke desse verktøya. Sjølvsagt gjer studentane seg då bruk av dei.
Men skriving med generative språkmodellar er noko anna enn skriving utan slike modellar, og dei har (foreløpig) nokre svakheitar (og nå legg eg til sides alle vurderingar om straumforbruk, opphavsrett, problem med treningsdata osv.).
Språkmodellane er eit nytt verktøy vi foreløpig ikkje meistrar heilt. Til dømes burde dei eigentleg vere knallgode på å reformulere avsnitt ein sjølv har skrive utkast til. Ein kan likevel raskt oppleve at teksten hamnar på eit anna stilnivå enn ein sjølv føler seg heime i: Teksten blir på sett og vis for fin, for avansert eller for akademisk.
Er stilnivået i endring?
På norsk har akademisk stil ikkje vore å skrive så avansert som råd. Særleg på nynorsk har vi hatt eit enkelt, klart stilideal. Dette kan vere i endring. Stilnivået språkmodellane legg seg opp mot, er meir kronglete, med lengre, meir innfløkte setningar. Dermed kan ein oppleve at stilen i det eine avsnittet i ein tekst kan skilje seg sterkt frå det neste avsnittet.
Språkmodellane er foreløpig ikkje like opptrente i alle typar tekst, og kan dermed ikkje gjere om alle typar tekst til same tekstlege nivå. Dermed kan t.d. skrivemåten i teoridelen av masteroppgåva skilje seg på uønskte måtar frå analysedelen, og heilskapen blir skadelidande.
Relativt enkle poeng i tekstar kan bli pakka inn i litt for store akademiske ord. Det blir ikkje samsvar mellom det studentane finn ut, og språket dei bruker til å beskrive det på.
Mange ber språkmodellane om synonym til teksten sin. Teksten kan då få for mange akademiske ord og synonym, berre for variasjonens skuld. Ein er slettes ikkje garantert at ordet er det beste valet i denne samanhengen. Det kan t.d. vere kvardagsord som også kan brukast som fagord, eller fagord, som bør ha ei definert tyding, blir brukt for kvardagsleg og upresist.
Studentar fortel at dersom dei bruker språkmodellar til å forbetre eigen tekst, kan dei oppleve at dei ikkje stoler på sine eigne skriveferdigheitar: Teksten språkmodellen kjem med, er så mykje betre enn eins eigen. Det er litt trist når eigen stilsans og eiga formuleringsevne ikkje er god nok.
Enklare feil, som skrivebotane sikkert lærer seg å unngå etter kvart, er å finne adekvate kjelder. Foreløpig kan dei «hjelpe» studentane til å finne perifere eller irrelevante kjelder. Dei heilt spinn hakkande gale eller hallusinerte kjeldene ser vi heldigvis ikkje så mykje av med nyare språkmodellar.
Etter kvart som modellane blir flinkare, vil desse barnesjukdommane bli mindre, og dei språkmodell-unnfanga tekstane bli betre.
Skriving som tenking
Likevel er dei framleis ei side ved KI-assistert skriving som vi må vurdere: Kvar blei det av skriving som tenking?
Når lærarar tidlegare gav skriveoppgåver, ønskte ein at elevar og studentar gjennom skrivinga fordøydde kunnskapen dei hadde fått. Prosessen viste studentane ideelt sett kva dei ikkje visste eller ikkje hadde forstått. Dei lærte å formulere kunnskapen sin tilpassa eit publikum og utvida eiga formuleringsevne og eige ordforråd.
I denne til tider seige prosessen lærte studentane å bli skrivarar, dei lærte faget sitt og dei lærte kva som skal til for at ein tekst skal vere god. I tillegg lærte dei å tenke fag. Gjennom kvaliteten på språk, tekst og tenking viste studentane fram eigne ferdigheiter. Dei produserte ikkje berre ein tekst, men viste fram korleis dei forstod det dei skreiv om.
Den endra skriveprosessen
Nå er skriveprosessen annleis. Viss ein treng ein tekst, skriv ein instruksar til ein passande språkmodell. Instruksen må så justerast og finslipast for å få språkmodellen til å produsere teksten slik at ein blir nøgd. Skrivekunst blir altså kunsten å lage gode instruksar til teknologien. Og så må ein framleis kunne lese kritisk for å kunne vurdere om teksten ein får ut, er den teksten ein ønskar.
Eg trur at vi mistar noko med denne måten å sjå skriving på. Etter mitt syn handlar skriving om mykje meir enn tekstproduksjon. Det handlar om å file og pusse på tekst, gruble på kva som er den beste måten å framstille eit stoff på og fundere på kva for moment ein bør ha med. Ein må forstå stoffet for å kunne skrive slik at det best gjev meining for lesaren. Dette gjer samstundes at ein lærer faget betre. Det viktigaste ved skrivinga – for skrivaren – er den tenkinga, læringa og erkjenninga som ligg før og i tekstproduksjonen.
Viss vi meiner at skriving er ein måte å lære på, bør vi ta inn over oss at skriving med generative språkmodellar gir oss ei anna form for læring. Generativ kunstig intelligens og språkmodellar er komne, og studentane bør lære å nytte dei fornuftig og etisk rett. I tillegg bør vi vurdere om ikkje langsam, gamaldags, uassistert skriving også har noko for seg.