Ein nedsett ordenskarakter eller åtferdskarakter kan også virke lite motiverande for eleven, eller bli som eit stempel vidare, og føre til ei stigmatisering av «kjekke» og «mindre kjekke» elevar, skriv Yvonne Sjåstad. Foto: fotolia.com

«Kor viktig er vurdering av orden og åtferd? Burde det ha meir eller mindre plass i skulen?»

«Det er viktig med god orden og åtferd for vidare utdanning», «framtidig arbeidsgivar vil sjå på din orden og åtferd», kjende sitat for mange elevar frå lærarar og foreldre. Men kor viktig er orden og åtferd eigentleg når alt kjem til alt? Og om det er så viktig, burde det ikkje då ha meir fokus i skulen?

Publisert Sist oppdatert

Kva står i lova?

Dette innlegget er også publisert i Yrke nr. 4/2016

Faglig kompetanse.  Til å byrja med skal vi sjå på kva som står om vurdering i «Forskrift til opplæringslova». I skulen er ein god vurderingspraksis i fag eit fokus. Frå åttande klasse blir elevane vurdert med talkarakter i ulike fag, i form av formativ og summativ vurdering. Talkarakter settast med karakter 1-6, der karakter 1 uttrykker svært låg kompetanse i faget, medan karakter 6 uttrykker at eleven har, som forskrifta beskriv; «…framifrå kompetanse i faget».

 

Orden og åtferd

Samtidig som elevanes kompetanse i faget blir vurdert, skal ein i dag også vurdere orden og åtferd. Tilbake da eg gjekk på ungdomskulen, fekk vi høyre at god orden og åtferd var viktig for vidare utdanningsløp og at det på vidaregåande var viktig med god orden og åtferd med tanke på vegen vidare i arbeidslivet. Dette tolkar eg var fordi orden og åtferd sei noko om oss som menneske, våre eigenskapar og kvalitetar, kanskje nesten i større grad enn karakterane? I «Forskrift til opplæringslova» står det at vurdering av orden hos eleven er knytt til om han/ho er forberedt til undervisinga, har med det han/ho treng, er punktleg, har gode arbeidsvanar og god arbeidsinnsatsen.

Vurdering i åtferd blir målt opp mot korleis eleven ter seg ovanfor medelevar, lærarar og andre tilsette. Det blir ikkje gitt talkarakter i orden og åtferd, men karakterane god (G), nokså godt (NG) eller lite godt (LG). Når eleven skal vurderast i orden og åtferd skal det gjerast ut frå ordensreglementet til den enkelte skulen, som regulerer elevens rettigheiter og plikter på skulen. Ved fare for standpunktkarakter NG eller LG skal elev og/eller føresette varslast skriftleg. Ved karaktersetting i orden og åtferd kan ein ikkje stryke slik som i faglig kompetanse, men det gir likevel eit utslag, kanskje i verste fall eit slags stempel som «ein umulig elev»?

 

Elevanes personlege kompetanse

Vidare vil eg drage fram noko av det som står i teorien om personleg kompetanse, sidan det er nettopp det som blir vurdert i orden og åtferd. Skau skriv at personleg kompetanse omhandlar korleis vi er som person, aleine eller i samspel med andre menneske. Det handlar om våre grunnleggande verdiar, haldningar og væremåte. Dette i samsvar med det som blir vurdert i orden og åtferd. Ekelund skriv at viktigheita av denne personlege kompetansen er vesentlege for yrkesutøvarar innan omsorgsyrker, nettopp fordi ein sjølv er den viktigaste brikka i yrkesutøvinga.

Elevar på Vg1 helse- og oppvekstfag har alle valt ei utdanning som fører til yrker der ein arbeidar tett på andre menneske, der dei er den viktigaste brikka som bidreg til ein god kvardag for den enkelte gjennom yrkesutøvinga. Personleg kompetanse er derfor ein viktig del av kompetansen elevane bør inneha, eller utvikle gjennom utdanninga. Men kva kvalifikasjonar består den personlege kompetansen av? Ekelund skriv i si bok om nøkkelkvalifikasjonar. Desse nøkkelkvalifikasjonane består av; «…evne til omsorg og empati, respekt for menneskeverdet, samarbeidsferdigheter, evne til kommunikasjon og etisk bevissthet». Her kan vi sjå ein samanheng mellom Skau sin beskriving av personleg kompetanse, og Ekelund sin beskriving av nøkkelkvalifikasjonar.

Verdiar og haldningar er ein del av oss som ikkje er så synlege, men dei kjem til syne gjennom dei mellommenneskelege relasjonane våre. Verdiane er nært knytt opp til vår kultur, og i lys av dette er vi alle forskjellige. Væremåten mot andre menneske gjenspeglar vår grad av omsorg, empati, respekt, vilje til å kommunisere og samarbeide med andre.

 

Sjølvregulering

«Ludvigsen-utvalet» har sett nærmare på om karakterane i orden og åtferd burde avskaffast etter at forsking tyder på at det blir ein slags stempling av elevane, i staden for stimulering for kompetanseutvikling. Rege tek fram at i ungdomstida er evna til sjølvregulering i ei utfordrande fase for ungdommen sidan mange ikkje tenker på konsekvensane, men lever i augeblikket. Sjølvregulering er ein del av relasjonskompetansen til elevane, om korleis vi samhandlar med menneska vi møter i vår yrkessamanheng. Sjølvregulering handlar om at vi må vere villige til, og ha evne til å skape vårt liv/identitet i samhandling med andre og samfunnet rundt oss. Røkenes og Hanssen skriv at «Mennesket blir sett på som en aktiv medskaper til sitt eget liv». Når ein ser slik på det er kanskje ikkje karakter i orden og åtferd hensiktsmessig for ungdommen.

Når eleven som skal være aktiv, å skape sin identitet, men stadig blir trua med nedsett orden eller åtferd på grunn av sine haldningar, verdiar eller væremåte kan det gi negative konsekvensar. Rege viser også til at sjølvregulering er viktig for den faglige delen i skulen. Så i ytterste konsekvens, om vi begrensar elevanes sjølvregulering ved bruk av karaktersetting i orden og åtferd kan det gi negativ verking også på den faglige delen. Dette kjem i konflikt med vårt mål med vurderinga som er å gi eleven noko å jobbe framover med, ikkje å begrense eleven. Vygotsky sin proksimale utviklingssone beskriv dette ved at vi gir eleven mål som er litt, men ikkje for langt utanfor hans/hennar rekkevidde, og vi som lærarar skal vere der å støtte dei mot målet.

 

Framtidas skule

Vidare kom det i «NOU 2015:8 Fremtidens skole» fram at karaktersetting i orden og åtferd kan bli brukt som ein sanksjon, i staden for eit virkemiddel for å støtte elevens utvikling. Vurdering i orden og åtferd handlar om at lærar, og ofte eit utval ulike lærarar skal vurdere elevanes personlege kompetanse og eigenskapar som er nemnde ovanfor. Dette kan skape ujamnheiter både på grunn av tidligare nemnt ungdomstid med lite sjølvregulering og lita konsekvenstenking blant ungdommen.

Men vi må også vere bevisst vi som lærarar, og vår personlege kompetanse, våre verdiar, haldningar og væremåtar kan påverke elevane, og dermed gi utslag på deira væremåte. På grunn av dette kan korleis vi vurdere orden og åtferd bli veldig ulikt når vi ikkje har noko meir konkret og forhalde oss til. I «NOU 2015:8 Fremtidens skole» kjem det fram at ved fornying av læreplanverket bør dialog om utvikling av orden og oppførsel vurderast i ein samanheng med vurdering i faga.

 

Ein refleksjon rundt vektlegging av personlege eigenskapar

Vidare vil eg ta med ein tanke eg har gjort meg sjølv, i ein prosess med jobbsøking. I dei aller fleste stillingsannonser står det; «Personlege eigenskapar blir vektlagde». Rundt dette har eg forsøkt å reflektere over kva personlege eigenskapar som er viktig for ulike yrker. Søker du på politihøgskulen står der ei lang liste med personlege eigenskapar du må ha, men eg kan ikkje hugse å ha sett ei slik liste for mi utdanning. Eg har heller ikkje sett ei slik liste når eg har våre ute som lærarstudent, ei liste over personlege eigenskapar eg skal sjå etter hos elevane, fordi dei skal vurderast i desse. Når ikkje noko slikt ligg til grunn, korleis skal vi få til ei rettferdig vurdering med karakter G, NG, LG.

Er det merknadane for mobilbruk og banning i timen som skal avgjere om karakteren blir nedsett eller ikkje? Om det er slike kriterier vi i dag bedømmer karaktersetting i orden og åtferd samsvarar ikkje dette med formålet som står i «Forskrifta til opplæringslova».

 

Ny tenking nødvendig?

Uansett kva måte vi vil bruke for å forme elevane sine personlege eigenskapar i framtida er det viktig at vi gjer dei beviste sine styrker og svakheter. «Den generelle delen av læreplanen» sei det at eleven gjennom opplæringa skal bli rusta for livets oppgåver, og å meistre utfordingar saman med andre. Om vi sluttar og vurdere orden og åtferd med eigen karakter må vi sjå om vi kan få inn vurderinga av det aktuelle området elles i læreplanen til dei enkelte faga.

Når eg ser på kompetansemåla på helse- og oppvekstfag innan programfaga nemnast både elevens holdning, væremåte, empati og kommunikasjonsevne som viktige faktorar. Her vurderer vi allereie mange av dei punkta som skal vurderast i orden og åtferd. Kanskje er vurderinga i orden og åtferd overflødig?

 

Avslutting

Som nyutdanna lærar er det vanskeleg for meg å konkludere med kva som er best eller verst i dette tema. Talkarakter i fag gir ei større ramme for forbetring for elevane, og er kanskje meir konstruktivt enn når vi sett karakter for orden og åtferd. Eg ser eit potensiale i at vi kan vurdere kriteria som «Forskrift for opplæring» omtaler for orden og åtferd i andre fag, meir knytt opp mot arbeidssituasjon i staden for oppførsel på skulen. Ein nedsett ordenskarakter eller åtferdskarakter kan også virke lite motiverande for eleven, eller bli som eit stempel vidare, og føre til ei stigmatisering av «kjekke» og «mindre kjekke» elevar. Men samtidig har eg autorisasjon som hjelpepleiar og arbeidserfaring innan helseyrket, og veit kor viktig den personlege kompetansen er i vårt arbeid.

Vi må vere gode medmenneske, ha god kommunikasjonsevne, ja alt som eg nemnde tidligare. Med utgangspunkt i eigne erfaringar som hjelpepleiar vil eg påstå at alle desse er viktig nøkkelkompetanse som eg vil sjå etter hos elevane. Gjennom arbeidet med denne artikkelen har eg gjort meg opp mange tankar kring vurdering av orden og åtferd.

Desse tankane vil eg ta med meg i framtida som yrkesfaglærar, der eg vil vere meir bevisst denne vurderinga, og etter kvart gjere meg opp ei meir bestemt meining sjølv. Samtidig håpar eg at du som har tatt deg tid til å lese denne artikkelen, vil tenke gjennom problemstillinga for framtida, så kanskje vi får ein betre og klarare vurderingspraksis i orden og åtferd.

 

  • Yvonne Sjåstad er yrkesfaglærer på helse- og oppvekstfag

 

Litteraturliste

Ekelund, T. (2007) Yrkesdidaktikk for grunnutdanning i helse- og sosialfag. Om bevisstgjøring av yrkesvalg og utvikling av nøkkelkvalifikasjoner. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Imsen, G. (2005) Elevens verden. Innføring i pedagogisk psykologi. 4. utg. Oslo: Universitetsforlaget.

Kunnskapsdepartementet (2015) NOU:2015:8 Fremtidens skole. Fornyelse av fag og kompetanser. Tilgjengelig frå: http://nettsteder.regjeringen.no/fremtidensskole/files/2015/06/NOU201520150008000DDDPDFS.pdf  (Henta 03. februar 2016).

Kunnskapsdepartementet (2006) Forskrift til opplæringslova. Tilgjengelig frå: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-23-724/KAPITTEL_4#KAPITTEL_4  (Henta 29. januar 2016).

Orvik, A. (2015) Organisatorisk kompetanse. Innføring i profesjonskunnskap og klinisk ledelse. 2. utg. Oslo: Cappelen Damm AS.

Rege, M. (2015) Karakterer i orden og oppførsel. Tilgjengelig frå: http://nettsteder.regjeringen.no/fremtidensskole/2015/03/12/karakterer-i-orden-og-oppforsel/  (Henta 03. februar 2016).

Røkenes, O. H. og Hanssen, P-H. (2002) Bære eller briste, kommunikasjon og relasjon i arbeid med mennesker. 3. utg. Bergen: Fagbokforlaget.

Skau, G. M. (2005) Gode fagfolk vokser: personlig kompetanse i arbeid med mennesker. Oslo: Cappelen akademisk.

Utdanningsdirektoratet (2014) Ordensreglement Udir-8-2014. Tilgjengelig frå: http://www.udir.no/Regelverk/Finn-regelverk-for-opplaring/Finn-regelverk-etter-tema/Laringsmiljo/Ordensreglement-Udir-8-2014/?read=1  (Henta 05. februar 2016). 

Utdanningsdirektoratet (2011) Generelle delen av læreplanen. Tilgjengelig frå: http://www.udir.no/Lareplaner/Kunnskapsloftet/Generell-del-av-lareplanen/  (Henta 03. februar 2016).

Utdanningsdirektoratet (2006) Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag. Tilgjengelig frå: http://www.udir.no/kl06/hsf1-01/Hele/  (Henta 03. februar 2016).

Powered by Labrador CMS