Alle kan sjå oversida av bringebærblada, men det krev eit barn for å oppfatte det som er på baksida, seier høgskolelektor Hilde Alme

Ferdigproduserte oppskrifter avgrensa barna si moglegheit til å påverke kvardagen

Debatt: Eit barn som undersøker ei bringebærbusk og finn sniglehus under blada, er viktig sjølv om det er utanfor måla i planen du kan krysse av.

Publisert Sist oppdatert

Som vaksne hugsar vi kanskje fridomen og gleda vi kjende i møte med ein gult lite sniglehus, der naturen eller parken baud oss på ein bit av verda. Men i dag pregar vegger, dører og ferdigtenkte pedagogiske opplegg i barnehagen det som skal førebu barna på livet ute i samfunnet.

Historisk og kulturelt, ber vi alle på haldningar og handlemåtar det er vanskeleg å kome ut av i møte med barn. Med eit bestemt syn på kunnskap, fell vi ofte i freisting for å sjå barn berre som noko vi skal forme. Men barna er og unike individ med tankar og rettar, som byr oss innspel frå ei verd vi ikkje kjenner. Omsorg, skjerming frå val dei ikkje er klare for, må sjølvsagt liggje til grunn.

Stoppa ved bringebærbuskene

Saman med personale og barn i naturen har eg utvikla pedagogiske opplegg og teke initiativ til å starte opp to naturavdelingar. Opplegga er omtalt i fagboka «Barnehage på naturleg vis, med rammeplanen og hjarte som kompass» (2010). 

Naturen vart eit levande rom der barna, naturen og personale kom med innspel ein utvikla i fellesskap. Unike barneidentitetar, eigenskapar og innspel «bretta seg ut» i dette samspelet. Fokus, stad og kva dei ulike naturelementa skulle vere, vart avgjort av barna. Dei var og med å utvikle praksisen i naturen og nytta eigen råderett. Vi såg at deira sjølvstende og engasjement var sentralt inn mot plantar, dyr og skaping av leik. Derfor stoppa naturavdelinga ved bringebærbuskene på barna sine signal denne føremiddagen.

Oppdaga sniglehus

Barna hadde oppdaga små sniglehus under bringebærblada, dei ville ha med vidare. Samtalen barna imellom fortalde meg at dette hadde dei kjent til lenge. Ved at personalet unnlèt å leggje faste føringar for turen, kunne dette skje. Barna vart «sjefsutforskarar», fanga i undring og samspel med personale. 

Tidlegare nytta vi faste planar i naturen, men eg erfarte då at barna fekk mindre medverknad . Overvekta av struktur og ferdigproduserte «oppskrifter» avgrensa barna si moglegheit til å påverke kvardagen. Gradvis modna tanken om at dei måtte få delta i større grad. Dei var fritt tenkande og unike og burde få påverke fellesskapet i møte med omsorgsfulle og kompetente personale med tid og rom. 

I eit forskingsprosjekt saman med førsteamanuensis Monika A. Reime undersøkte vi derfor seks naturbarnehagar og barna si deltaking der. 20 barn og 30 ansatte deltok . Vi fann at personale avstod generelt frå å skape aktivitet i barnegruppa, men deltok i barns eigne initiativ i naturen. Barna blei sett som ein del av teamet (Alme & Reime, 2021).

Å få ta del med eigen kunnskap

I artikkelen Lekende endringsagenter i bærekraftige barnehager skildrar Grindheim, Bakken, Gislefoss, Hauge og Heggen (2020) fire pilarar som må vere til stades for å sjå noko som berekraftig, den økologiske, sosialt kulturelle, økonomiske og den for berekraftig styresett. Bringebærbuska og sniglane kan knytast til økologi og samanhengar i naturen. Sosialt og kulturelt kan knytast til det å kjenne til og høyre til i naturen, vere stolt over eigen identitet. 

Det økonomisk element ser vi ved at barna erfarer sniglar og bringebærbuskar som verdiar som ikkje blir målt i pengar. Berekraftig styresett ser vi ved at barna viser veg til sniglane under blada. Berekraft handlar om inkluderande institusjonar på alle nivå, omtalt i FNs berekraftsmål 16. Og «alle nivå», vil og innebere naturgruppa i barnehagen. Barna kunne her formidle kunnskap, dei kjente til, som var ny for personalet.

Barn tenker annleis

Marianne P. Heggen, professor i berekraft ved Høgskulen på Vestlandet, har saman med tre andre forskarar undersøkt barn sin leik i natur. Her kjem det fram at barna tenker annleis og møter verda på ein anna måte med sine initiativ. 

Er vi nok merksame på kva vegar barna kan tilby av kunnskap i sitt sanselege og spontane engasjement? Er ei løysing å lette litt på trongen til å kontrollere det som skal undersøkast? spør forfattarane. Det må gis rom for at barna får vere annleis i verda, slik at vi ikkje går glipp av denne alternative måten å sjå på verda, seier dei. Det sanselege og spontane engasjementet ved bringebærbuska hadde blitt ein løyndom, om ikkje personalet hadde gitt slepp på trongen til å kontrollere innfallet.

Henry D. Thoreau, var ein amerikansk filosof på 1800-talet som i boka Walden uttalar at temming av utdanninga gjer at frie og naturlege læringsformer er forlate. Men vi er og natur, ånd og villskap med håp, innfall og idear vi bør utvikle, uttalte Thoreau. 

Barna må slik få utvikle det unike utover etablert kunnskap, dei er meir enn objekt som skal fyllast med alt som har vore. Gi dei startposisjonen der dei kan skape i samspel med omgivnadane, som å undersøke bringebærblad, dyrke eigne innfall og idear. 

Dette er viktige situasjonar i eit berekraftsperspektiv, fordi dei har barnets engasjement og vegen til eit inkluderande læringsmiljø i seg (FN-s Berekraftsmål 4). Eit barn som «berre» undersøker ei bringebærbusk og finn ut at det lever små gule sniglehus under blada, er viktig sjølv om det er utanfor smale mål i planen du kan krysse av. Ved håp og innfall skaper og opplever barna kunnskap saman som blir noko mykje større enn ferdigproduserte didaktiske opplegg som utelét hovudpersonane.

Livsglede og kunnskap

Kunnskap skal og formidlast, men for mange ferdige løysingar kan verte eit stort tap for «barna sine erfaringar, interesser, synspunkt og initiativ», som vi skal ta utgangspunkt ifølgje barnehagen sin rammeplan. Blir alt innhald pålagt og kontrollert av andre, vert det lite engasjerande. 

Tida er overmoden for å anerkjenne livsgleda som del av inngangsport til kunnskap. Inngangsportar personalet må dyrke saman med barna, for å vareta motivasjonen og få betre innsikt i deira alternative kunnskapsoppleving. Krafta i kunnskap vil bli svekka og mangelfull i fråvær av barnet sitt blikk og syn på utforsking. 

Barna er unike med sine særtrekk og interesser, har evna til å kombinere oppleving, fantasi og kreativitet med ufarga tankar frå ei «ferdigtenkt verd»..

Som pedagog har eg som andre barnehagetilsette erfart at leik, glede, utforsking, indre motivasjon og barn sine bidrag kjem som konsekvens av at barna får vere med å avgjere kva vi skal gjere. 

Mange norske barnehagar har kultur for å sleppe barna til på si leike-, undrings- og kunnskapsferder, der dei blir små borgarar i eit berekraftig samfunn, som tilfører fellesskapet, kulturen og kunnskapen noko nytt. Bringebærblada og singlane er døme på «barneviten» vi er ukjend med. Her deltek barna, skaper ein prosess som gjer dei sjølv i stand til å meistre framtida, ikkje berre kvalifisert for morgondagen.

Å få erfare uventa resultat

Historia om sniglane slutta forresten ikkje ved at barna plukka dei med seg. På naturleikeplassen arrangerte dei snigelløp og ville ha sniglane til å bevege seg rett fram mot eit mål. Men her vart vi alle overraska, for sniglane tok seg heller oppover ein avbarka furustokk. Resultatet av planlagt handling vart til noko større.

Legg til den alternative barnekunnskapen som kan løfte oss sjølve og verda vidare. Gi barna trygge og omsorgsfulle rammer der dei sjølve kan erfare livet og lære av det. Alle kan sjå oversida av bringebærblada, men det krev eit barn for å oppfatte det som er på baksida.

Litteratur

Alme, H., & Reime, M.A. (2021). Nature kindergartens: a space for children’s participation. Journal of Outdoor and Environmental Education, 24(2), 113–131.

Grindheim, L. T. (2020). Beyond uniform reproduction: Exploring children’s imaginative play through the lenses of their teacher. Contemporary Issues in Early Childhood, 21(1), 58–69. 

Grindheim, L.T, Bakken, Y, Gislefoss, T, Hauge, K.H, Heggen, M.P (2020). Lekende endringsagenter i bærekraftige barnehager. I L.T Grindheim og G. Aaserud (Red.) (2020) Barnehagelæraren ein verdibyggar. (s. 89-104). Fagbokforlaget

Heggen, M. P., Jickling, B., Morse, M., & Blenkinsop, S. (2022). Where the Children Are. In Pedagogy in the Anthropocene: Re-Wilding Education for a New Earth (pp. 87-104). Cham: Springer International Publishing.

Thoerau, H. D (2018) Walden. Livet i skogen. Oslo: Pax forlag A/S.

 

Powered by Labrador CMS