Kjære KS! Kom til klasserommet mitt, så skal eg læra deg noko om retorikk!

Debatt: Det er ikkje elevane som gjer oss slitne, det er dykk: skuleleiarar og skuleeigarar.

Publisert Sist oppdatert

På KS sine heimesider las me ein artikkel om at læraranes arbeidstidsavtale er gått ut på dato. Dei skriv i ingressen at tilbakemeldingane frå skuleleiarar og skuleeigarar er at me må gjera det lettare å byggja laget rundt eleven.

Allereie her har læraren i oss, som Mor Nille, blitt «en sten». Dei skriv mellom anna «Proba Samfunsanalyse på oppdrag fra KS (har) undersøkt hvordan arbeidstidsavtalen praktiseres og vurderes av skoleledere (rektorer) og skoleeiere (kommuner og fylkeskommuner)».

Er det nokon som i det heile har tenkt tanken på å spørja lærarane?

For det fyste så blir det gjentekne gonger i artikkelen skrive kva skuleleiarar og skuleeigarar meiner. Med til saman 19 år i klasserommet på vidaregåande skule (og det er tross alt ikkje så mykje samanlikna med andre) har me framleis til gode at leiarar og eigarar er med oss i klasserommet meir enn på ein observasjon eller to.

Me har då begge fått gode tilbakemeldingar frå dei som har observert oss, og har aldri tenkt at det me gjer i klasserommet saman med elevane, ikkje bidreg til å byggja laget rundt eleven.

Det er me lærarar som er med eleven kvar dag. Som tek telefonen frå både elev og føresette på kveldstid. Som lagar opplegg inn i dei små nattetimar. Og som til og med reiser for å henta ein elev som ikkje greier å koma seg frå ein stad til ein annan.

Så tek me jo sjølvsagt ein diskusjon med eleven om at anten må dei snakka med sine foreldre/føresette, eller så må me gjera det (om eleven er under 18 sjølvsagt). Så difor undrar me oss: Kven er det eigentleg som meiner denne løysninga har gått ut på dato?

For det andre så skriv dei at skulen har endra seg mykje dei siste 20 åra, samstundes som arbeidstidsavtalen har stått på staden kvil. Tja, tenkjer me, me var faktisk elevar sjølv for kring 20 år sidan. Og sjølv om sosiale medium, covid og Foxtrot er nytt, er det aller meste ved det same: Elevar som skal læra noko. Elevar som har dårleg sjølvbilete og som ikkje tykkjer det er kjekt å presentera noko for klassen.

Men det same hadde me. Dei svenske tilstandane hadde kanskje ikkje kome til oss i like stor grad, men me hadde andre bekymringar, som også er veldig like dei foreldra våre hadde som me har til våre barn i dag.

Videre skriv dei at avtalen fungerer til dels ganske greitt – særleg når det gjeld å leggja til rette for dei tradisjonelle undervisningsoppgåvene. Men dei understrek også at avtalen ikkje bidreg til «kollektiv kompetanseutvikling, profesjonsfagleg samarbeid og tverrfaglig samarbeid i laget rundt eleven».

Greitt. Så då er alternativet at me lærarar skal ha veker med færre timar, i byte mot eit lengre arbeidsår (som vil seia mindre avspasering). Vil me då kunna velja å ta ut ferie kor tid som helst på året, slik som i andre yrker? I dette scenarioet kan me jo ta ut ei veke i september, for å få litt igjen av sola på «granca».

Ein av mine kollegaer tek ei veke i desember for å gå på julemarknaden i Tivoli. Mens andre vel å ta alt samla på sommaren. I tillegg skal me då få til dei møta med PPT, andre lærarar, skuleleiarar og miljøpersonell, i det arbeidsåret alle lærarar kan velja sjølv. Er det berre me som ser at dette er heilt urimeleg?

Så kan me vera samde om ein ting: «43 timer i uka i kombinasjon med et aktivt privatliv og alt mulig engasjement og trening og helgeturer og venninneturer – det går ikke an å ha et slikt liv». Og det er nettopp difor me må halda på denne løysninga, samtidig som me kanskje heller må sleppa litt meir opp: Lærarar skulle i større grad hatt moglegheit til å styra sin eigen arbeidskvardag, så lenge ein er til stades i undervisninga.

Her er det møtetid, pålagte kurs, og detaljstyring frå leiinga som må vika. Men at dette er grunnen for at nokon forlèt yrket etter kort tid, er me ikkje samde i. Me ynskjer heller å snu denne vinklinga.

Kvifor er det så mange som faktisk står i dette yrket heile sin yrkeskarriere? Jo, det er grunna elevane, og at me ser kva vår innsats faktisk har å seia for dei. Å påstå at dagens arbeidstidsavtale er gått ut på dato, er å setja kryssfot på ei heil yrkesgruppe. Og det er ingen av oss tente med, korkje elevane, skuleleiarane, skuleeigarane, eller lærarane sjølv.

KS peiker også på dei tre viktigaste funna. Det fyrste er at ein må ha meir tid til systematisk samarbeid og profesjonsutvikling på skulen. Me som lærarar som er «på gølvet» opplever det motsette: me har nok av tid til dette, men me treng ikkje at de gjer det for oss.

Me klarar fint å samarbeida og driva profesjonsutvikling, men me må gjera det når me treng det, ikkje når de meiner me skal gjera det. For den tida når me nett har hatt heildagsprøvar og har ti-talls tekstar me ynskjer å diskutera med kollegaar, har leiinga bestemt at me skal læra om skriving av IOP. Eller om konsentrasjonsvanskar. Eller om eteforstyrringar. Og alle dei punkta er vel og bra, me vil gjerne læra om det òg – men det er ikkje det som er hovudbestillinga vår.

Me har òg faktisk ganske god kontroll på ein del av desse tinga, særleg gjennom erfaring med elevar, ikkje gjennom kursing. Alt i alt handlar dette om at me treng mindre tvungen tid, ikkje meir.

Og der kjem me faktisk til det andre punktet KS er bekymra for, at me lærarar er slitne. Men det er ikkje elevane som gjer oss slitne, det er dykk: skuleleiarar og skuleeigarar.

Til det siste punktet, om at det ikkje har skjedd ei utvikling innan årsramma sidan 1970-tallet, prøver me å vera litt ungdommelege og seia: Kva så? Sjølv om noko er gamalt, treng det ikkje bety at det ikkje er bra. For å seia som engelskmennene: «If it ain’t broken, don’t fix it». Sjølv om 70-talet for lengst er på fortidas skraphaug, er pønken framleis ikkje daud.

Avslutningsvis så er me usamde med KS sin oppfatning om kva er som er gale med norsk skule. Det er ikkje at me har for mykje fridom, heller ei at skuleåret er styrt av feriar og avspaseringar. Me tykkjer heller at ein skal hylla at læraren står i det, og at så mange blir verande i yrket. Og det gjer me av fleire grunnar, men den viktigaste grunnen er eleven.

Det som er gale, er detaljstyringa, som ei omlegging av skuleåret og arbeidsåret vil føra til. Men det me er mest bekymra for, er retorikken KS nyttar i denne artikkelen. Her finn ein ei saleg blanding av patos-appell og situert kunnskap.

Kva grunnlag har dei for å seia noko som helst om korleis lærarar sjølv oppleverer si eiga arbeidstid og sin eigen arbeidstidsavtale, når det er KS sjølv og skuleeigarar og skuleleiarar som står bak denne såkalla rapporten?

For det er ikkje slik at me trur at KS synest synd om oss fordi me lærarar arbeider meir enn andre yrkesgrupper. 

Me gjennomskodar at dette handlar om økonomi, og på same måte som Mor Nille ikkje vil bli til ein stein, vil ikkje me heller at de skal trekkja konklusjonar ut ifrå feilaktige premiss.