Skriveopplæring under KI går rett til pisis
Debatt: Undervising og eksamen er under ekstremt press frå det digitale.
Omsettingsprogramma blir betre og betre, og KI snik seg inn over alt. Nesten uansett kva vi gjer på pc, får vi tilbod frå ein digital hjelpar som vil gjere livet lettare for oss.
Fram til nyleg var vi til ein viss grad trygge på at elevane sine teksthandsamingsprogram, som Word, er trygge å bruke, både til dagleg og i prøvesituasjonar. Slik er det ikkje lenger, og det er som er eit problem for normaleleven som skal skrive på morsmålet sitt, er ei stor katastrofe for elevar eller deltakarar som har eit anna morsmål enn norsk. Word gjev høve til å lime inn tekst på eit framandspråk, og få teksten omsett til norsk. Strupar ein tilgjenge til nett, trur eg dette vert blokkert, men vi kan jo ikkje halde på med det kvar gong eleven skal skrive noko.
Om ikkje det er nok, har eleven høve til å laste ned digitale ordlister som er uavhengige av tilgang til nett, og då er du like langt. Elevar og deltakarar på vidaregåande nivå har eigne maskiner, og det uråd for oss lærarar å kontrollere kva dei har av slike digitale ordlister.
Vi har no «dumb phones», mobiltelefonar som har berre det mest naudsynte. For å ta vare på restane av skriveopplæringa treng vi kanskje «dumb computers» òg, for å gjere folk smartare. Enkle maskinar med lett regulerbar nettilkopling, og heilt minimalistiske skriveprogram. Dette er faktisk ein god business-ide.
Vi høyrde rykte om at det for alle skriftlege fag skal kome ein «Safe Exam Browser», som isolerer skrivesituasjonen, og kuttar tilgjenge til alt ein måtte ha av juksehjelp på datamaskinen sin. Dette har eg sjølv brukt ved ein eksamen ved HVL, på skuleeksamen, og det fungerte som berre det. Ein kandidat, eit tastatur og ei ordliste på papir gjorde susen. Eg fekk vist det eg kunne, kunne ikkje gøyme vekk mangelen på kunnskap, og enda opp med eit ærleg resultat. Det hastar å få denne løysinga på plass for eksamen i alle skriftlege fag.
Ei lang rekke fag er allereie prioritert for ei trygg eksamensløysing, men ikkje norsk. For den jamne elev med norsk som morsmål er ikkje omsetjing frå morsmål til norsk aktuelt som juksestrategi, det seier seg sjølv. Den gruppa som er gløymt er dei med eit anna språk enn norsk som morsmål. Det er like viktig at deira eksamen er fagleg og juridisk vasstett som alle andre sin.
Ikkje berre det: vi treng dette programmet til kvardags og, slik at vi kan ha skriving på skulen der vi kan vere meir trygg på å få elevane sin nakne kompetanse på bordet. Då kan vi gje tilbakemelding på skrivekompetanse, og ikkje juksekompetanse. Slik som det er no, er vurderingssituasjonen gjennom-korrupt, og vi som ønskjer å vere gode lærarar og førebilete i skriveopplæringa, endar opp som paranoide utgåver av Miss Marple og Bergerac. Og der avslørte eg kor gamal eg er.
Atle Antonsen hadde ein dansk figur som utbraut på dansk «Vi kan ikke lenger forstå hinanden», etter at det danske språk hadde brote saman. Elevens viktigaste arbeidsform, skrivinga, er i ferd med å kollapse, med digitale «bjørnetjenestemenn» på kvar ein skjerm. Lesinga i norsk skole får 1000 millionar til brannslokking, medan skrivinga står i full fyr.
Det er ein akutt situasjon, kvifor vert ikkje det anerkjent og gjort noko med? Alle elevar skal ha eit likeverdig opplæringstilbod og like gyldige vurderingar, men slik er det ikkje slik den teknologiske situasjonen er i dag.