Lærar brukte karaktersetting som protest

Alle elevane til ein lærar i Göteborg fekk beste karakter

Publisert

Bakgrunnen for dei høge karakterane var ein lønnskonflikt. Arbeidsgivar hadde brukt dårlege resultat for elevane som argument for årleg lønnsutvikling for læraren. Det er avisa Expressen som skriv om dette.

Mellom 300 og 350 elevar har fått høgaste karakter, ifølje avisa.

Læraren meldte sjøv frå til skoleleiinga.

– Eg orkar ikkje meir løgner og dobbeltmora, alle får karakteren A frå meg. Slutt, skreiv læraren til skoleleiinga, som svarte med ei åtvaring.

Powered by Labrador CMS