Ingunn Folgerø, rektor ved Bryne vidaregåande skole
Ingunn Folgerø, rektor ved Bryne vidaregåande skole.

Rektor trur på å endre russetida - på eitt vilkår

– Eg trur det går å endre russefeiringa slik kunnskapsministeren  nå legg opp til, men på eitt vilkår, seier rektor ved Bryne vidaregåande skole, Ingunn Folgerø.

Publisert

 Folgerø er og leiar for Lærarprofesjonens etiske råd, og har tru på tiltaka Kari Nessa Nordtun nå vil setje i gong for å dempe russefeiringa. Det er blant anna å nekte ekskluderande plagg om det går ut over skolemiljøet, og det er å flytte russefeiringa til etter eksamen

Trua Ingunn Folgerø har på tiltaka frå statsråden er under ein føresetnad:,

– Flyttinga av russetida til starten av juni må skje over heile landet. Blir det lokale variasjonar vil heile flyttinga kunne rakne, understrekar ho. 

– Men får vi etablert forståinga for at russetida, den er i juni, da vil det gå greit, hell Ingunn Folgerø fram. 

– Heilt enkelt av di mange elevar vil vere interesserte i å delta i feiringa om vi får til ein slik flytting. Frå elevar her på skolen veit eg at mange eigentleg har lyst på ein fest, men som ikkje vil øydeleggje store delar av innsatsen sin på vidaregåande med fullt kjøyr tett oppi eksamen, seier ho.

– Dessutan vil flyttinga få hjelp av ein så enkel ting som varmare ver i juni. Vi må kunne tru at det og vil gjere at fleire deltar. Slike ting vil gjere russefeiringa meir inkluderande. Fleire vil delta, heilt enkelt, seier Folgerø.

– Er det noe lovverk som kan nyttast for å flytte og endre russetida?

– Vi har ikkje stort å slå i bordet med av lovverk i denne saka. Kunnskapsministeren viser til regelverket for psykososialt miljø i skole. Det kan nok gi litt drahjelp når det gjeld ekskluderinga som har fylgt russemarkeringane. Men dette lovverket er ikkje sterkt nok til å skape store endringar. Vi kan til dømes ikkje forby russekle og andre russeeffektar, elevane har rett til å ha på seg det dei vil, seier Folgerø, og hell fram:

– Når det gjeld fråver og ruspåverking har vi berre det vanlege ordensreglementet å halde oss til. I og det at meir og meir av russefeiringa har flytta seg vekk frå skolen er det mye aktivitet vi ikkje har kontakt med. Så det er haldningsendringar, ikkje lover, vi må satse på for å få til endring.

Kommersialisering

– Sterke kommersielle krefter er interessert i heftig og lang russefeiring. Lar dei seg tøyle?

–  Dei kommersielle kreftene har heilt klar vore den viktigaste drivkrafta i den sterke negative utviklinga av russetida. Dei riggar store opplegg med russekle, russebussar, russepubar, russetreff og alle moglege andre russeaktivitetar. Likevel trur eg at om vi klarer å gjere russen trygg på at vi ikkje vil ta frå dei heile russefeiringa, da kan vi klare å få til positive endringar som dei unge vil vere glade for og vere med på, seier Ingunn Folgerø.

Powered by Labrador CMS