Ole Magnus Dalland framfor den tidlegare arbeidsplassen, Knarvik ungdomsskule i Alver kommune utanfor Bergen.

Lærarar fekk orsaking frå politikarar og kommunedirektør etter 9A-sak

Lærar Ole Magnus Dalland blei skulda for å ha krenka ein elev i 2019. Nokre månadar seinare fekk ein annan lærar i Alver kommune ei slik skulding mot seg. Sist veke fekk lærarane orsaking utan atterhald.

Publisert Sist oppdatert

– Unnskyld, unnskyld, unnskyld!

Dei orda gjekk igjen i innlegg etter innlegg på talarstolen då Alver kommunestyre sist torsdag handsama ein granskingsrapport om saka der to lærarar blei skulda for å ha krenka kvar sin elev med nokre månaders mellomrom i 2019.

Dei to sakene har bakgrunn i den omstridde paragraf 9a-5 i opplæringslova. Der er Avisa Strilen som har omtala saka frå kommunestyremøtet.

Lærarane blei i 2019 omtala anonymt i media. Men i 2021 stod lærar Ole Magnus Dalland fram i Avisa Nordhordland og fortalde at han hadde følt seg dolka i ryggen av rektor og kommunedirektøren. Også lærar Nils Ole Flønes stod etter kvart fram i media. Begge jobba ved Knarvik ungdomsskule i Alver kommune i Vestland.

Kontrollutvalet i kommunen blei først bede om å sjå på saka. Så blei det sett ned eit granskingsutval. Utvalet som konkluderte med å gje lærarane fullt medhald, kom med sin rapport i desember 2022.

Torsdag 23. februar 2023 vedtok eit samla kommunestyre å gje lærarane ei orsaking utan atterhald. Torkil Tveit i advokatfirmaet Sands gjekk gjennom innhaldet i granskingsrapporten, som har vore kjent for politikarane og offentlegheita sidan før jul i 2022.

Rektor fekk kritikk

Til avisa Strilen uttalar Morten Klementsen (uavhengig/Folkepartiet) at hans parti ikkje lenger har tillit til kommunalsjefen.

– Det er på sin plass å retta kritikk til rektor og kommunalsjef for oppvekst i denne saka. Det er ei trist og vanskeleg sak, sa han, og meinte det er ting som tyder på at det er ein fryktkultur i Alver.

Også Ingrid Duesund Fjeldsbø (H) brukte sterke ord: – Eg hadde aldri trudd at kommunen kunne behandla tilsette slik. Her har både rektor, kommunalsjef, HR-avdeling og Utdanningsforbundet vore involvert. Det er heilt utruleg. Eg er rasande og lei meg.

Jostein Hellestveit frå Senterpartiet sa at kommunestyret burde koma med ei orsaking utan atterhald. Det fekk lærarane i eit felles framlegg til vedtak frå Astrid Aarhus Byrknes (KrF).

Også kommunedirektør Ørjan Raknes Forthun fekk sterk kritikk av politikarane. Han hadde ordet eit par gonger i løpet av sakshandsaminga. I innleiinga si sa han blant anna:

– Eg og administrasjonen er opptatt av at vi har ei tryggande behandling av alle personalsaker, og vi jobbar kontinuerleg med å forbetre rutinane våre.

Så la han til: – Sjølvsagt beklagar eg overfor dei to lærarane.

Kommunestyret vedtok torsdag å lage nye retningslinjer og rutinar for at dette aldri skal skje igjen. Det skal i tillegg gjerast ei vurdering av om dei to involverte lærarane skal få erstatning.

LES: – 9A har gjort noe med maktbalansen i klasserommet

Dagen alt endra seg

Lærar Ole Magnus Dalland hadde jobba ved Knarvik ungdomsskule i 14 år da saken fant sted. Ein annan lærar ved same skule blei nokre månader seinere også skulda for å ha krenka ein elev. Han hadde vore tilsett som lærar i kommunen i 28 år.

I mai 2021 skreiv Avisa Nordhordland om kva som hende ein januardag i 2019: Mot slutten av skuledagen ein vanleg fredag, gjorde den erfarne læraren greie for terminkarakteren til ein elev. Eleven skal ha forventa ein seksar i faget til Dalland, men læraren meinte det ikkje var grunnlag for meir enn ein femmar.

– Eleven blei lei seg. Eg prøvde å trøyste så godt eg kunne, men eg kunne jo ikkje endre karakteren, har Dalland tidlegare fortalt til avisa.

Eit par dagar seinare kontakta ein av dei føresette til eleven skulen. Eleven skal ha følt seg krenka i karaktersamtalen med Dalland.

I starten skal læraren ha fått beskjed av rektor på skulen at han ikkje skulle tenke på saka. Nokre veker seinare blei han derimot kalla inn til rektor som skal ha forlanga at Dalland signerte ei skriftleg orsaking for å ha krenka eleven. Læraren ville ikkje be om orsaking til eleven.

– Kan ikke behandle folk slik

Som bakgrunn for at han valde å stå fram rett før kontrollutvalet skulle leggje fram si sak, uttala Dalland til Avisa Nordhordland:

– Ein kan ikkje behandle folk slik kommunen har behandla meg og andre kollegaer. Eg tenker det er på tide at nokon står fram. Eg kan ikkje seie unnskyld for noko eg ikkje har gjort, seier han.

På spørsmål frå avisa om noko kunne vore gjort annleis, svarar Dalland:

– Nei, eg kan ikkje sjå kva det skal ha vore.

I eit møtenotat frå 5. februar 2019 der rektor ved skulen, Dalland og ein representant frå Utdanningsforbundet var til stades, står det følgjande:

«Rektor sitt syn på saka er at om eleven kjenner seg krenka, har Ole Magnus krenka eleven, sjølv om det ikkje var gjort med hensikt. Rektor meiner det er Ole Magnus sitt ansvar, som den vaksne og profesjonelle i saka, å be om orsak slik at alle kan komme seg vidare.»

LES: – Læreren bør være på toppen av hierarkiet i klasserommet

Blei pressa til å ta sluttpakke

– Eg hadde mista all integritet dersom eg hadde signert orsakinga, seier Dalland.

Ørjan Raknes Forthun, som var rådmann då episoden med Dalland fant stad, sa til avisa at han ikkje kunne kommentere personalsaker. Han la til at saka frå kommunen si side var avslutta.

Den andre saka avisa omtala dreidde seg om ein 64 år gammal, no pensjonert lærar, som også var skulda for å ha krenkja ein elev ved skulen. Etter å ha jobba på skulen i 28 år, følte lærar Nils Ole Flønes seg pressa til å godta ei sluttpakke på 770.000 kroner.

– Det var ekstremt nedverdigande og trakasserande, sa Flønes til avisa i 2021, den gang anonymt.

Dalland blei sjukmeldt etter hendinga, og slutta på skulen juni same år. I dag er han lærar ved ein annan skule i kommunen.

– Eg reagerer sterkt på måten kommuneleiinga behandlar dei tilsette på. Arbeidsmiljølova må vere fullstendig gløymt, og dei må ha misforstått opplæringslova heilt, sa Dalland til avisa i 2021.

Powered by Labrador CMS