– Grunnen til at mange unge vel eit yrkesfagleg utdanningsprogram, er ofte at dei er leie av teorifag. Nokre tek eit anna førsteval enn dei elles ville ha gjort om dei må flytte på hybel, seier Ann Karin Sandal ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: fotolia.com

Førsteamanuensis meiner elevane vel yrkesfag på for tynt grunnlag

Ofte vel ungdomsskuleelevar eit yrkesfag på eit for tynt grunnlag. Samarbeid mellom skuleslaga i ulike kommunar for å rettleie elevane skjer truleg for tilfeldig, meiner Ann Karin Sandal ved Høgskulen på Vestlandet.

Publisert Sist oppdatert

Rundt rekna ein tredel av yrkesfagelevane fell frå og fullfører dermed ikkje opplæringa. Berre 40 prosent av elevane fullfører på normert tid. Ifølge Ann Karin Sandal kan ei av årsakene vere at ungdomsskuleelevane veit for lite om yrkesfaga når dei skal inn i vidaregåande opplæring.

Dette forklarar ikkje alt, og det er mange årsaker til fråfall frå yrkesfaga. Sandal seier ungdomsskulelevane ikkje alltid får god nok rettleiing om kva som ventar dei i vidaregåande opplæring.

Sandal er førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning, Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal. I 2014 tok ho doktorgraden på temaet Elevperspektiv på utdanningsval. Ho har undersøkt grunnlaget for korleis ungdomsskulelevar vel.

– Grunnen til at mange unge vel eit yrkesfagleg utdanningsprogram, er ofte at dei er leie av teorifag. Nokre tek eit anna førsteval enn dei elles ville ha gjort om dei må flytte på hybel, seier Sandal til Yrke.

– Alle elevar vel oftast ut frå sine fritidsinteresser, når vi ser på kva interesser har å seie for valet deira, seier ho.

 

Sosiale forholda

I tillegg er erfaringar med eigne praktiske ferdigheiter, den enkeltes bevisstheit om eiga meistring av kroppsleg og skapande arbeid, og den enkeltes framtidsperspektiv på arbeidsmarknaden, med på å bestemme kva slags vidaregåande opplæring guten eller jenta søker seg til. Men framleis vel dei utan å ha god kjennskap til kva fag dei møter på yrkesfag, og utan å ha god kjennskap til at dei skal arbeide vidare med mange såkalla teorifag, det vil seie fellesfag.

– Ei undersøking viser at svært få elevar relaterer faga i ungdomsskulen, som matematikk, naturfag, norsk eller engelsk, med yrkesfaga i vidaregåande opplæring, seier Sandal. – Dei få elevane som faktisk ser nytta av faga i ungdomsskulen for ei framtidig utdanning i eit praktisk yrke eller handverk, er også dei elevane som er bestemte og tydelege i vala sine, ifølge den same undersøkinga.

 

 

Negativt val

For mange ungdomsskuleelevar blir valet av eit yrkesfag eit negativt val i den forstand at det ikkje er eit positivt, det vil seie eit ønska val – igjen fordi elevane ikkje veit kva dei vil, og ikkje får god nok rettleiing. Dei treng å vite meir om yrkesfaga, men dei veit at dei ikke vil gå på studieforberedande.

– Fagleg sterke elevar vurderer både studieforberedende og yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande, medan dei fagleg svake ikkje ser andre moglegheiter enn ei yrkesfagleg utdanning, seier Sandal. Ho meiner at for dei fagleg svake ligg det her eit grunnlag for nederlag i vidaregåande skule.

Det blir ofte ytre-motiverte val. Guten vel det same som kameraten, eller fordi det er dette dei næraste vidaregåande skulane kan tilby. Eller mor og far seier nei til eit val som inneber eit liv på hybel. Det blir ikkje så ofte indre-motiverte val, det vil seie val ut frå ei genuin interesse for faget. Her er det ifølge Sandal ikkje samsvar mellom det ho kallar rasjonaliteten i skulesystemet, med ei tenking prega av det lineære, og ein ungdomsalder prega av usikkerheit, søking og utprøving.

 

Utdanningsval

Ungdomsskulen fekk faget «utdanningsval» i 2008. Faget er meint å hjelpe elevane til å velje betre ved overgangen til vidaregåande skule. I 2012 kom Rapport 28/2012: Utdanningsvalg som fag og utfordring på ungdomstrinnet frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU). Rapporten viser at Vg1-/10. trinn-elevar med lågt karaktergjennomsnitt og Vg1-elevar med minoritetsbakgrunn er mest fornøgde med faget «utdanningsval».

Men rapporten viser også at faget framstår som uklart og diffust for mange elevar, som til dømes ikkje ser samanhengane i avsnitt som «Om egne valg» og «Min framtid».             

Ungdomsskulelærarane er også kritiske til faget, dei meiner blant anna at det krev for mykje sjølvrefleksjon som elevane ikkje er modne nok for. 

Sandal peikar på det rapporten seier om blant anna manglande kompetanse i skulen: – Eg trur mykje av grunnlaget for utfordringar i overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande opplæring, og svakt grunnlag for å velje, ligg der. Lærarane kan fortsatt for lite om yrkesfag og om ulike yrke.

– Faget «utdanningsval» inneber å gi elevane relevant rettleiing. Skjer dette?

– Ut frå det eg høyrer rundt om i mitt fylke og nabofylka (vestlandsfylka, journ.s merk.), ser det ut til at skulane samarbeider meir no om overgangen enn tidlegare. Men det verkar òg som at det er forskjellar mellom kommunar og ulike ungdomsskular sin kontakt med vidaregåande skule, så det kan tyde på at arbeidet kan hende er lite systematisert. Det dreiar seg meir om lokale avtalar mellom skular.

Sandal seier ho har tru på faget, men ho meiner kompetansen til dei som skal formidle faget må aukast, i tillegg treng faget meir differensiering for å fange opp ulike behov hos elevane, og det trengs meir hospitering og kontakt med arbeidslivet enn i dag.

– Det siste er kanskje det mest verdifulle for elevane, samstundes som det per i dag er minst utvikla, seier Sandal.

 

 

Fleire fullfører

– Fleire enn før fullfører den vidaregåande opplæringa, også innan yrkesfaga, enn før, seier teamleiar i skule, Kenth Rune Teigen Måren, i opplæringsavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Men har faget «utdanningsval» æra for det? Han er usikker på kva grunnskular og kommunar fyller faget med, og derfor usikker på om ein høgare gjennomføringsprosent i vidaregåande opplæring kjem takka vere faget. Teigen Måren seier til Yrke at fylkeskommunen har gjennomført ei rekke tiltak for å betre gjennomføringa blant yrkesfagselevane, som nettverkssamarbeid mellom skulane og det lokale næringslivet, dialogmøte med kommunane om grunnopplæringa, og tett oppfølging av skulane og praksis i klasserommet.

 

Ønsker strammare retningslinjer

– Faget «utdanningsval» blir praktisert ulikt frå skule til skule og frå kommune til kommune, sier Rose Mari Skarset, seksjonsleiar i utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ho seier likevel at såkalla karriererettleiing i grunnskulen er eit satsingsområde i fylket.

Ho skulle gjerne sett at retningslinjene for faget var strammare enn dei er i dag, blant anna med timeplanfesting og med strengare kompetansekrav til lærarane som skal bruke faget.

Når dei kjem til vidaregåande skule, er yrkesfagelevane ifølge Skarset likevel godt fornøgde med den rettleiinga dei får, og meir fornøgde enn elevane på studieforberedande utdanningsprogram.

 

Powered by Labrador CMS