Femåringar skriv både baklengs og spegelvendt. Men skilnaden mellom barnehage og skule ligg i at ingen tok fram raudpennen for å korrigere, skriver Hilde Hofslundengen og Idun A. Husabø

Femåringar som har fått leike med skriving i barnehagen, lærer lettare å lese på skulen

Det viser ny forskning. Men kva er forklaringa på at enkelte barn begynner å skrive før andre?

Publisert Sist oppdatert

I mange år har høgtlesing vore barnehagen sin viktigaste inngang til språket. Færre har lagt opp til utforsking av skriftspråket gjennom skriveaktivitetar for dei eldste ungane. Men i rammeplanen frå 2017 er Utdanningsdirektoratet tydelegare enn før. Barnehagen skal no bidra til at barn «utforskar og gjer seg erfaringar med ulike skriftspråklege uttrykk, til dømes leikeskrift, teikning og bokstavar, gjennom lese- og skriveaktivitetar» (KD, 2017, s. 48).

Et pedagogisk verktøy

Så langt har berre ein norsk barnehagestudie undersøkt effekten av oppdagande skriving (Hofslundsengen, Hagtvet & Gustafsson, 2016). Oppdagande skriving er den første spontane og utforskande skrivinga før formell skrive- og leseopplæring (Read, 1971). I studien deltok 105 femåringar frå tolv ulike barnehagar i eit ti vekers opplegg med oppdagande skriving. Resultata frå barnehage og skule viste at dei barna som hadde delteke i aktivitetane med oppdagande skriving hadde betre fonem medvit (å kunne identifisere og manipulere lydar i ord), dei var godt i gang med skriveutvikling og enkelte hadde begynt å lese. Til jul i fyrsteklasse hadde dei framleis betre resultat på lesing og skriving enn kontrollgruppa. Oppdagande skriving ser med andre ord ut til å vere eit nyttig pedagogisk verktøy i barnehagen.

Kva er oppdagande skriving?

SKRIVELEIK I BARNEHAGEN

  • Ta utgangspunkt i naturlege situasjonar med skriving som alt er der
  • Viss nokon vil ha hjelp, kan du til dømes seie lydane (lydere) saman med dei, framheve lydar i eigen tale, eller be barnet seie ordet sakte og lytte etter lydane. Då gjer du barnet medviten om at språket ikkje berre er innhald, men det er også eit system
  • Leik med ord og lydar slik som «Mitt skip er lasta med». Det er med på å øve fonologisk medvit som barnet treng for å skrive og lese. Eit anna tips er å spørje barnet om kva som er første lyd og kva som er siste lyd i ordet, eller å lage tøyseord
  • Lat ungane skrive akkurat som dei gjer – baklengs, spegelvendt eller med feil staving
  • Unngå å rette på barnet. Spør heller kva barnet har skrive, og skriv under
  • Heng gjerne opp alfabetet i nærleiken av bordet ungane sit ved, gjerne i barnehøgd og med lause bokstavar som kan takast med til bordet
  • Når du les høgt, gje skrifta og bokstavane litt ekstra merksemd, til dømes: «Sjå, der er Lisa sin bokstav!» eller: «For eit langt ord, er det nokon som kan gjette kva det står her?»

Medan dei deltok i studien samla barnehagane femåringane til fire økter i veka. Kvar økt var på 20 minutt. Loggane personalet førte frå skriveøktene gir eit innblikk i ungane sine fyrste forsøk på å skrive. Ei typisk økt handla om at ungane skulle teikne noko dei var glad i, som livretten sin eller ei yndlingsleike. Etterpå kunne dei prøve å skrive ved sidan av kva teikninga viste. Ein annan variant var å skrive ei lita handleliste, ein hugselapp eller eit kort til mamma eller pappa. På den måten vart skriveaktivitetane meiningsfulle, kommunikative hendingar med mykje medverknad.

Barna som hadde delteke i aktivitetane med oppdagande skriving kunne identifisere og manipulere lydar i ord, dei var godt i gang med skriveutvikling og enkelte hadde begynt å lese, viser forskning. Foto: Hilde Hofslundsengen

I loggane dei vaksne førte undervegs, lyser det meistringsglede og samspel lang veg, som når «Lise» hjelper «Karsten» med å finne Len, og er stolt over å bli spurt (Hofslundsengen, 2017). Eit sentralt prinsipp i metoden var at ungane skulle utforske skriving sjølve, og at det ikkje var noko rett eller gale. Femåringar skriv både baklengs og spegelvendt. Dei hoppar over bokstavar og stavar orda feil. Men skilnaden mellom barnehage og skule ligg i at ingen tok fram raudpennen for å korrigere. Dei vaksne si rolle var heller å vise interesse for det barnet ville formidle. Den korrekte stavinga kunne gjerne føyast til, men helst utan kommentarar om barnet sin versjon. På denne måten anerkjende dei vaksne barna som skrivarar:

Nils sa at han ikkje kunne skrive, han kunne berre skrive namnet sitt. Eg oppmuntra han til å leikeskrive. Då smilte han og sette i gang, og han las etterpå det han hadde skrive.

Når nokon var usikre, viste barnehagelæraren korleis dei kunne gå fram:

Elsa starta i dag med skribling, men ville at eg skulle skrive under. Eg modellerte og beskreiv kva eg gjorde: «Då seier eg ordet godteri og lagar lang fyrste lyd. Ggggodteri. Så lyttar eg til kva lyd som er fyrst. Kva bokstav har den lyden?» Etter nokre bokstavar ville Elsa gjere det sjølv.

Veger opp for heimemiljø

Heime kan det vere stor skilnad på kor mykje dei vaksne les høgt for ungane og støttar dei i språkutviklinga før dei byrjar på skulen. I ei ny studie (Hofslundsengen, Gustafsson & Hagtvet, 2018) har vi sett nærare på korleis nettopp dette språklege heimemiljøet påverkar barnehagebarns tidlege skriving. Studien viste, kanskje ikkje overraskande, at barn med ressurssterke foreldre blir lest meir for. Dette har mykje å seie for språkutviklinga og kor klare ungane er for å lære å skrive og lese. Dermed får enkelte barn eit forsprang, medan andre heng etter alt frå starten.

Første steg

Denne artikkelen har stått på trykk i Først steg nummer 2 2019

Eit anna interessant funn frå studien var at skriving heng så tett saman med barnet sitt medvit om fonema, altså lydane i språket. Nokre av femåringane som deltok i studien kunne mange bokstavar, men dei var lite medvitne om fonem, og difor ikkje kunne skrive eller lese. Til dømes skreiv Elias namnet sitt heilt korrekt, men han kunne ikkje skrive IS. Han kunne ikkje bruke bokstavane funksjonelt til å skrive med.

Ta med alle ungane

Samla viser funna at både heimemiljø og språklege ferdigheiter påverkar kven som begynner å skrive tidleg. I Norge går meir enn ni av ti barn i barnehagen (SSB, 2018). Det gir eit glitrande utgangspunkt for å stimulere interessa for språk før skulestart, både gjennom lesestunder og oppdagande skriving. Som barnehagelærar kan ein altså gjere ein forskjell gjennom å ta med alle ungane i gruppa på språkfremjande aktivitetar – også dei som ser ut til å ville noko anna. Vi veit nemleg at dei som får minst språkleg stimulering heime ofte viser minst interesse for bøker og skrift (Burgess, Hecht & Lonigan, 2002). Difor må barnehagen ta ansvar for å gje barna dei språkerfaringane dei treng i ei barnehagepedagogisk form.

LITTERATUR

Burgess, S. R., Hecht, S. A., & Lonigan, C. J. (2002). Relations of the home literacy environment (HLE) to the development of reading-related abilities: A one-year longitudinal study. Reading Research Quarterly, 37(4), 408-426. doi: 10.1598/RRQ.37.4.4.

Hofslundsengen, H. (2017). «Mediering av oppdagande skriving i barnehagen» i Bjørhusdal, Eli og Budal, Ingvil Brügger (red.). Nynorsk med dei minste, s. 151-167. Oslo: Det Norske Samlaget.

Hofslundsengen, H., Gustafsson, J. E., & Hagtvet, B. E. (2018). Contributions of the home literacy environment and the underlying language skills to preschool invented writing. Scandinavian Journal of Educational Research, 1-17. DOI: 10.1080/00313831.2017.1420686

Hofslundsengen, H., Hagtvet, B. E., & Gustafsson, J. E. (2016). Immediate and delayed effects of invented writing intervention in preschool. Reading and Writing, 29(7), 1473-1495. DOI: 10.1007/s11145-016-9646-8.

KD. (2017). Rammeplan for barnehagen. Henta frå https://www.udir.no/globalassets/filer/barnehage/rammeplan/rammeplan-for-barnehagen-bokmal2017.pdf

Read, C. (1971). Pre-school children’s knowledge of English phonology. Harvard Educational Review, 41(1), 1-34.

SSB. (2018). Barnehager. Henta frå https://www.ssb.no/utdanning/statistikker/barnehager

Powered by Labrador CMS