Lærarar fekk app-varsel om vald

Elevar og lærarar ved Tegnérskolen i Säffle i Sverige låste seg inne i klasseromma i halvanna time tirsdag etter dei fekk varsel om vald gjennom ein app.

Publisert Sist oppdatert

Stefan Kozari sto i klasserommet ved den vidaregåande skolen og underviste da han fekk ein alarm på ein tryggingsap på datamaskinen. Det er Vi Lärare, bladet til fagrørsla Sveriges Lärare, som melder dette.

Varselet var at han måtte låse klasserommet. Etter ein og ein halv time kunne han låse opp igjen.

Grunnen til at Kozari og dei andre lærarane ved skolen fekk varsel om at dei måtte låse seg inne saman med elevane var eit stort slagsmål i skolegarden, melder fleire svenske media.

Politiet fekk alarm rundt 13.35 om slagsmål blant eit trettital personar i skolegarden. Slagsmålet eskalerte og fleire, også vaksne, kom til.

Ifølgje Vi Lärare var det truleg bråk under en fotballkamp i helga som var katralysatoren for slåsskampen. Tre personar vart skadde, ifølgje politiet.

Rektor ved skolen Gustav Hagerskog, seier til Sveriges Television at skolen vi vere stengt onsdag. Han vil vurdere disiplinærtiltak.

Powered by Labrador CMS