Vidaregåande skal fornyast
– Fullføring må være målet
Ved Flora vidaregåande etterlyser rektor ein skule alle kan fullføre. Nestleiaren i Utdanningsforbundet spør om vidaregåande har blitt for lik grunnskulen.
Knut Christian Clausen er rektor ved Flora vidaregåande skule i Florø. Skulen, som har plass til nesten 450 elevar, er ein kombinert skule med studiespesialisering, studieførebuande og yrkesfaglege program. Skulebygget rommar mellom anna klasserom, bibliotek, verkstadar og idrettshallar.
– Oppgåva vår er å få flest mogleg elevar gjennom. Og vi har eit lokalsamfunn som står klare til å ta imot nesten alle. Næringslivet her i Kinn kommune er eksportretta. Hovudnæringane er fiskeindustri, skipsbygging og servicenæring med mellom anna forsyningsbase for oljeindustrien.
Men rektor ser likevel behov for endringar. Elevgruppa er meir mangfaldig enn før, fortel Clausen. Og med stadig fleire eldre innbyggjarar i kommunen vil behovet for fleire folk i helse og omsorg auke.
– Her i Florø samlast elevane frå grunnskulane på éin ungdomsskule. Det betyr at vi på Flora vidaregåande skule rekrutterer nesten heile elevkullet lokalt, i tillegg til elevar frå områda rundt. Vi har elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn og elevar med ulike funksjonsvariasjonar. Somme siktar seg mot universitets- eller høgskuleutdanning, andre vil ta fagbrev eller høgare yrkesfagleg utdanning. Vi har også behov for å tilby enkelte elevar kompetanse på lågare nivå, seier han.
– Eit framtidig fagtilbod må dessutan ta inn over seg kva som skjer på arbeidsmarknaden, men samstundes har skulen eit mykje breiare samfunnsoppdrag enn berre å utdanne den arbeidskrafta som trengst her og no, seier Clausen.
– For oss er det viktig å vere med i planlegginga av kva utdanningstilbod vi skal ha her ved Flora vidaregåande, seier rektor.
– Står overfor eit dilemma
I januar fekk Clausen, som ein av to skuleleiarar frå Vestland fylke, delta på ein dialogkonferanse om framtidas vidaregåande skule. Konferansen vart arrangert av Utdanningsdirektoratet (Udir). Direktoratet har starta arbeidet med å gå gjennom fag- og timefordelinga i vidaregåande opplæring. Det skal utviklast ein ny struktur og eit nytt innhald.
Både studieførebuande utdanningsprogram og fellesfaga i yrkesfaglege utdanningsprogram skal endrast. «Målet vårt er å gi elevane relevant kompetanse for deltaking i samfunn og eige liv, og samstundes førebu dei på krava i høgare utdanning,» skriv Udir. Ifølgje direktoratet si tidslinje skal dei bruke 2025 på å hente inn innspel frå Skule-Noreg. Vårhalvåret 2026 skal det utviklast pilotar. I 2030 skal nye læreplanar vere klare.
Ein av dei som deltek i arbeidet, er Thom Jambak, nestleiar i Utdanningsforbundet. Han representerer forbundet i Nasjonalt råd for studieførebuande utdanningsprogram. Rådet, som består av alle lærarorganisasjonane og to representantar frå Elevorganisasjonen, skal gi Kunnskapsdepartementet råd om utviklinga av vidaregåande skule.
Jambak er spent.
– Vi står overfor eit dilemma. Skal vidaregåande skule vere ein del av det demokratiske, allmenndannande prosjektet – noko dei aller fleste skal gjennom? Eller skal det bli eit skuletilbod der elevar spesialiserer seg med tanke på vidare studiar og yrke?
Han peikar på Lied-utvalet og fullføringsreforma. I 2021 vedtok Stortinget at alle har rett til vidaregåande opplæring heilt fram til den enkelte har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse.
Men framleis er det slik at kvar femte elev ikkje fullfører vidaregåande skule. Og mange av dei som gjer det, er ikkje godt nok førebudde til høgare utdanning eller arbeid.
Det kan tyde på at vidaregåande skule i for liten grad er tilpassa elevar med svake faglege resultat. Det kan også tyde på at elevar ikkje får det dei treng for å bli best mogleg studieførebudd.
Så kva endringar vil Jambak helst sjå?
– Eg håpar på nokre gode diskusjonar. Men ein vidaregåande skule som gjer elevane i stand til å møte framtidas krav når det gjeld å sortere viktig informasjon frå uviktig, og samstundes gjer elevane betre førebudde på det som vil møte dei i studiar og arbeidsliv – det vil eg gjerne sjå. Det vil seie at vi må leggje vekt på fagleg fordjuping og det allmenndannande prosjektet.
– Eit spørsmål som blir reist, er kor mykje som skal vere valfritt og kor mykje som skal vere felles.
– Eg trur det må vere ein grad av valfridom, men det kan ikkje vere heilt fritt fram. Dannelsesaspektet er viktig. Vi er nøydde til å bli einige om kva ferdigheiter og kunnskapar som er naudsynte for alle å ha med seg inn i eit studie- og yrkesliv, og kva som berre gjeld for nokre studiar eller yrke.
Fag-baluba
Det kan tyde på at nokre av dagens fellesfag, fag som alle elevar må ha på eit utdanningsprogram, kan forsvinne.
Sist nokon prøvde å fjerne nokre av dei, vart det baluba. Venstres partileiar Guri Melby var kunnskapsminister i 2020 då fullføringsreforma vart lagt fram. Ho lanserte samstundes eit forslag om å kutte i talet på fellesfag – og opprette eit nytt fag: Framtidsfaget.
– Mykje av tida er i dag bunden opp av dei obligatoriske fellesfaga som elevane må ha. Vi vil med denne meldinga setje i gang ein diskusjon om kva fag elevane skal ha i vidaregåande opplæring, sa Melby.
Det lukkast ho med. Faglærarar i historie, naturfag og samfunnsfag argumenterte hardt for sine fag. Til slutt måtte Melby leggje seg flat, og Framtidsfaget vart fort historie. No er det klart for ein ny runde diskusjonar. Nestleiaren i Utdanningsforbundet spår sterke meiningar også denne gongen.
– Ja, det er eg heilt sikker på. Og eg håpar universitetssektoren og fagmiljøa også melder seg på, seier Thom Jambak.
Han oppmodar alle andre som har meiningar om dette til å seie kva dei tenkjer også. Gjerne via lokallaget eller fylkeslaget sitt.
– Det er positivt at alle lærarorganisasjonane og elevane er representerte i det nye rådet. Vi har ein sjanse til å påverke og hindre at vi får ei reform som kjem ovanfrå. Då treng vi at folk engasjerer seg, seier Jambak.
– Og vi må våge å tenkje stort. Eg kan love at eg går inn i dette arbeidet med eit ope blikk og prøver å vere så lite konservativ som eg kan.
Variasjon og valfridom
På Flora vidaregåande skule gjer lærarar og elevar seg tankar om kva som kan eller bør gjerast. Rektor tar oss med til verkstader og klasserom for ein prat med elevar.
Elevane Kristianne Førde Vik og Alfiva Sandal–Skavøy går på Vg1, byggfag. Dei er nettopp ferdige med å lage to benkar som kommunen har bestilt til ein barnehage.
– Benkane har vi laga på to dagar, og vi har bestilling på fleire, forklarar elevane.
På spørsmål om korleis det går i samfunnskunnskap, matte og engelsk, er svaret: – Greitt nok.
Dei stortrivst med å jobbe praktisk. Det gjer Lucas Rouen og Tuva Ringstad òg. Dei sakna slike fag på ungdomsskulen, seier dei. Etter at dei byrja på Flora vidaregåande, er motivasjonen for skulen tilbake.
– Eg berre elskar det, seier Lucas.
Inne på teknologi og industrifag er dei ikkje mindre begeistra. Ein av gutane viser stolt fram korleis han har montert fargerike LED-lys langs kåpa på mopeden. Interessen for dei teoretiske faga er litt meir laber.
– Eg skjønar ikkje kva vi skal med engelsk og naturfag. Men matte er litt nyttig då, seier ein av gutane på verkstaden.
Vil ha idrett, musikk og gaming
Blant elevane på idrettsfag verkar interessa for teoretiske fag å vere litt større. Tobias Grotle Herstad, Johan Stensvoll Mikkelsen, Njord Norman Leversund og Bahram Abrham Daniel sit på skulebiblioteket. Dei er nett ferdige med fotballtrening. Men også dei skulle gjerne hatt litt fleire fag å velje mellom.
– Hadde eg fått tilbod om musikk, skulle eg stått opp klokka seks kvar dag og gleda meg til å gå på skulen, meiner Bahram.
– Eller gaming, foreslår Johan.
I ei sitjegruppe utanfor rektors kontor er elevane Amanda Gomes Mundal, Annika Sørdal og Victoria Førland opptekne med skulearbeid. Dei går andre året på studieførebuande og planlegg høgare utdanning. Annika meiner dagens kroppsøvingsfag, eitt av fellesfaga, bør endrast.
– Vi elevar har ulik fysisk form og ulike føresetnader for å nå måla i kroppsøvingsfaget. Det blir teke for lite omsyn til dette. Faget bør handle meir om meistring, meiner Annika.
Bøkene som er stabla på bordet, handlar om rettslære og psykologi.
– Det at psykologi er eit nettbasert tilbod, fungerer dårleg. Moglegheitene for fagleg dialog med lærarar og medelevar er ikkje gode nok på nett, seier Annika.
Ho vurderer juss eller lærarstudier.
– Grunnskulen er for akademisert
Blant lærarane ved Flora vidaregåande er det òg mange meiningar. Fleire peikar på at endringane bør skje allereie i grunnskulen. Den er for lite praktisk og variert, seier dei.
– Arbeidslivet treng fleire fagarbeidarar, men i dag dominerer akademisk retning for mykje i ungdomsskulen. Faga der må òg spegle dei yrkesfaglege utdanningsprogramma, seier lektor Arve Grøneng.
Han har sjølv fagbrev som blikkenslagar og dreiv eige firma før han utdanna seg til yrkesfaglærar. I dag er han lektor og underviser i språk og samfunnsfag.
– Er det noko de vil ha meir eller mindre av?
– Tid vil vi ha meir av. For skal meir tid gå til djupnelæring, må mindre tid brukast på noko anna, seier lektor Elina Korssund Andrianopoulos, som underviser i realfag både på studiespesialisering, idrettsfag og yrkesfag.
– Politisk innblanding vil vi ha mindre av, seier Inger Ane Svardal. Ho er òg tillitsvald på skulen for Utdanningsforbundet.
Stor spennvidde mellom elevar
Lærarane er samde om at det store spennvidda mellom elevar er ei utfordring, men permanent nivådeling har dei ikkje sansen for. Dei meiner andre metodar må til, som betre overgang frå ungdomstrinn til vidaregåande og frå vidaregåande til høgare utdanning.
Rektor Knut Christian Clausen meiner fullføring må vere målet. Han legg vekt på at skulen har ei viktig oppgåve i å motverke utanforskap.
– Om vi lagar eit system med kompetanse på eit lågare nivå, må vi halde fram med å ha moglegheit til å fylle på med meir kompetanse seinare, slik at ein ikkje endar opp med ei sluttkompetanse det er umogleg å byggje vidare på, påpeikar han.
– Kan alle elevar bli studieførebudd?
– Kanskje ikkje. Men vi må ikkje leggje så mykje arbeid i å gjere elevar betre studieførebudd at elevane ikkje består eller gjennomfører dei fellesfaga som er ein del av dei yrkesfaglege programområda. Skal vi nå myndigheitene sitt mål om at 90 prosent fullfører, må nokre endringar til. Vi må få ned fråværet, særleg for dei gruppene med størst risiko for falle frå.
Clausen er uroa over tolkinga av fråværsgrensa som kom hausten 2025. Han meiner ho kan gjere det vanskelegare for skulane å jobbe med gjennomføring for elevar med fysiske og psykiske helseutfordringar, noko som kan gi ein stor samfunnskostnad på sikt.
– Opplæringssektoren brukar store summar på arbeidet med gjennomføring. Det gir grunn til uro at elevar med dokumentert fagleg kompetanse kan miste retten til karakter, på grunn av grensa, og få forseinka oppstart i arbeidslivet, meiner han.
Meir mangfaldige elevgrupper
Svardal meiner utdanningsmyndigheitene må endre grunnskulen dersom dei skal lukkast med ny struktur og nytt innhald i vidaregåande. Det manglar ikkje på tilbakemeldingar frå lærarar og forskingsmiljø på at det er for lite leik, for lite praktisk læring, for mykje akademisering og for lite tid til for stort fagleg omfang, peikar ho på.
– Elevgruppene har blitt meir mangfaldige. Det gjer at det er fleire omsyn å ta innanfor dei rammene skulen har. Det er òg problematisk at alle elevar er forventa å gå gjennom det same lærestoffet på same tid, og til slutt skal testast i det same på eksamen. Særleg minoritetsspråklege med kort butid som ikkje har den same faglege bakgrunnen eller språklege grunnlaget, treng mykje tilrettelegging for å lukkast, meiner Svardal.
– Når vi krev at alle elevar skal gjennom det same på same tid, har vi laga ei ramme som er uverdig for mange elevar. Dette er eit døme på politisk styrte avgjerder som gir lite meining, seier ho.
Lektor og avdelingsleiar Ingunn Selås, som underviser i kroppsøving, meiner elevar på yrkesfag bør få starte første året i vidaregåande med norsk som yrkesfagleg fellesfag i staden for engelsk. Det vil gjere det enklare for elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn, meiner ho.
På spørsmål om dagens vurderingssystem, med sine ulike testar og prøver, styrer for mykje av undervisninga og derfor bør endrast, ser lærarane på kvarandre: – Vanskeleg spørsmål, er svaret.
– Vi diskuterer karaktersetjing, karakterinflasjon, kor mykje innsats skal telje, korleis vi gir elevar tilbakemeldingar, seier Selås, som tenkjer at endringar bør kunne diskuterast.
– Eksamen styrer kanskje for mykje, seier. Svardal og fleire nikkar.
Kan høgare utdanning endrast?
Nokre av lærarane meiner det hadde vore lurt å fjerne ein del teori i starten på eit yrkesfagleg løp. Andre fryktar at elevane då vil få meir å ta att seinare. Men moglegheita til å ta påbygg bør bestå, meiner lærarane på Flora vidaregåande. For på denne skulen er elevar som tek påbygg motiverte for å utdanne seg vidare, anten på fagskule eller i universitets- og høgskulesektoren.
– I høgare utdanning seier dei at elevane ikkje klarer å skrive lange tekstar lenger, det er KI som skriv for dei. Elevane er for dårleg studieførebuande. Ferdig snakka, seier Clausen.
Han meiner debatten må kome seg over i eit spor der vi snakkar om kva eigenskapar vi legg i det å vere studieførebudd. For han handlar det om sjølvstende, uthald, utforskartrong og allmenndanning.
Clausen kastar inn ein ny brannfakkel. Han meiner reint poengbasert inntak til høgare utdanning bør supplerast med andre vurderingar av kompetanse, slik at fokuset i vidaregåande opplæring kan vere meir på læring og metodar som førebur til høgare utdanning, enn høgast mogleg karaktersnitt.
Om dei kompetansemålstyrte læreplanane bør bytast ut, er lærarane usikre på. Dei ser både fordelar og ulemper med dagens planar.
– Kanskje må vi tilbake til starten på arbeidet med siste læreplanrevisjon, der vi fann fram til kva som er kjerneelementa i faga? seier rektor.
På Flora vidaregåande er debatten langt frå over.