Ill.foto: Pixabay
Søkjarflukt frå lærarutdanningar i Danmark
Søkartala til barnehagelærarutdanninga i Danmark har gått ned med 26 prosent sidan 2019. Søkarane til lærarutdanningane har gått ned med 12 prosent på same tid.
Dei samla
søkjartala til høyere utdanning i Danmark auka med fem prosent frå i fjor
til i år. Lærarutdanninga gjekk opp med to prosent, altså godt under den
gjennomsnittlege auken. Pedagogutdanninga, som i Danmark omfattar både
barnehagelærarutdanning og utdanning retta mot skolefritidsordningar og
fritidsklubbar, gjekk ned med fire
prosent. Det er Danmarks Radio som melder dette.
Velferdutdanningane
er eit samlenamn på utdanningane til lærar,
sjukepleiar, sosialrådgivar og høgskoleutdanningane mot barnehage og
fritidsordningar. Sidan 2019 har søkjartala til desse utdanningane gått ned med
28 prosent. Dei lågaste søkjartala var i fjor.
– Eit katastrofeår, seier leiar ved Danske profesjonshøgskolar Camilla Wang til Danmarks Radio
Men tala
for i år er berre litt høgare enn fjoråret.
– Dette er
utdanningane vi har bygd heile velferdssamfunnet opp rundt, seier ho.
Ifølgje
Camilla Wang ser dei unge på arbeid i velferdsyrka som ei blindgate utan sjanse
til avansement. Profesjonshøgskolen arbeider difor med å styrke det faglege
ambisjonsnivået. Men ei oppfatting av dårlege lønns- og arbeidsvilkår er også
ein grunn til at velferdsyrka ikkje er attraktive, meiner Wang.
Les meir: Danmarks Radio