Barnehagelærarar må ta i bruk si profesjonelle handlekraft og skape ei motvekt mot bruk til bruk av program i kvardagspraksis, meiner artikkelforfattaren.
Barnehagelærarar må ta i bruk si profesjonelle handlekraft og skape ei motvekt mot bruk til bruk av program i kvardagspraksis, meiner artikkelforfattaren.

Har me behov for ein programstyrt praksis i barnehagen?

Debatt: At standardiserte program som DUÅ har fått fotfeste i nokre barnehagar er urovekkande. Stolar me meir på program enn barnehagelærarane sin unike kunnskap om barns utvikling?

Publisert Sist oppdatert

I mi rolle som utviklings- og samarbeidspartnar frå UH sektoren, i samband med ulike tilskotsordningar, mellom anna regional kompetanseutvikling (ReKomp) i barnehagar, opplever eg å vere del av mykje spennande kompetanseutvikling. I samband med dette arbeidet kjem det fram at nokre barnehagar sine kompetansetiltak og kommunale satsingar for pedagogisk praksis baserer seg på ulike program. Andre barnehagar tek tydeleg avstand frå bruk av program. Program utvikla som spesialpedagogiske verktøy i arbeid mynta på barn med store og omfattande utfordringar i høve åtferd, vert nytta som allmennpedagogisk verkemiddel og verktøy for personalet. Programma vert nytta som grunnlag for kvardagspraksis og premissleverandørar for kvalitet og god handlingspraksis i nokre barnehagar. Eit av programma som skil seg ut i denne samanhengen er «de utrolige årene».

 

Behov for «De utrolige årene»?

«De utrolige årene» (DUÅ) er eit amerikansk program som er utvikla med eit anna føremål enn pedagogisk praksis i barnehagen. Programmet byggjer på ei heilt anna pedagogisk tenking enn den som kjem til uttrykk i sentrale styringsdokument for barnehagen. DUÅ er amerikansk og basert på behaviorisme. Programmet er utvikla for å hjelpe barn og familiar der barna har omfattande og alvorlege åtferds- og reguleringsvanskar, også med tanke på foreldre utan utdanning. Det er urovekkande at nokre barnehagar vel å ta i bruk dette programmet som eit kompetansetiltak for å styrke kvardagspraksis i barnehagen. Utdanna barnehagelærarar har kunnskap og kompetanse til å forme kvardagspraksis i tråd med føringar og verdiar gitt i mellom anna rammeplanen for barnehagen, utan å måtte støtte seg til program som DUÅ. At programmet DUÅ ser ut til å ha fått fotfeste i nokre barnehagar, regionalt og lokalt, med forankring i lokal barnehageleiing, er urovekkande. Bruken kan få uheldige konsekvensar i synet på barn, og dessutan respekt og aksept for barns ulike, varierte og unike åtferdsmønster og veremåtar.

 

Bruk av program i kvardagen

Målet for kvardagspraksis i barnehagen må vere å skape moglegheiter og at alle barn får oppleve sine utrulege år i barnehagen, utan å bli programstyrt. Barn må få mogelegheit til å utvikle seg som sjølvstendige og individuelle menneske som er ulike, med eigenverdi, gjennom leikefellesskap prega av glede, livslyst, meistring, nyfikenheit, kreativitet og utforsking. Dette er overordna prinsipp både i barnehagelova og rammeplanen for barnehagen, som skal danne grunnlaget for kvardagspraksis i alle barnehagar. Slik kan barnehagar ruste barn til å bli aktive aktørar i eige liv og å sjå sin og andre sin eigenverdi og å verdsetje ulikskap. Barnehagelærarar har kunnskap og kompetanse til dette, utan bruk av DUÅ. Bruken av DUÅ kan føre til mindre aksept og respekt for ulikskap og barns individuelle og unike veremåtar. Bruken kan bidra til unødig kategorisering og diagnostisering av naturleg og variert åtferd som noko som er utanfor norma. Bruk av DUÅ i kvardagspraksis kan bidra til auka stigmatisering og snever tolking av normal åtferd. Bruk av DUÅ som pedagogisk verkemiddel i kvardagspraksis står i motsetnad til læringssynet gitt i barnehagelova og rammeplanen for barnehagens innhald. Bruk av DUÅ som pedagogisk verkemiddel i kvardagspraksis legg føringar for ein praksis som også står i motsetnad til krav, forventingar og praksis som er peika på i stortingsmeldinga Tett på – tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage, skole og SFO (Meld. St. 6, 2019-2020).

Alle barn har rett på å bli møtt med respekt og forståing. Barn skal oppleve positiv respons, varm omsorg og positive relasjonar i barnehagekvardagen, som tek i vare deira unike veremåte og varierte handlingsmønster. Dette må prioriterast av handlekraftige og profesjonelle barnehagelærarar. Å skape ein barnehagekvardag og kvardagspraksis med kompetente barnehagelærarar i barnehagen er sjølve nøkkelen for å bidra til at barn får utrulege år i barnehagen.

 

Profesjonell handlekraft

Program som DUÅ er styrt av kommersielle aktørar som tenar gode pengar på at nokre regionar, kommunar og barnehagar kjøper pakkeløysingar og brukar dei ukritisk som universelle tiltak i barnehagen. Barnehagelærarar må ta i bruk si profesjonelle handlekraft og skape ei motvekt til bruk av program i kvardagspraksis. Som barnehagelærar har ein både kunnskap og kompetanse til å møte alle barn sine individuelle åtferdsmønster på andre og meir eigna måtar enn å nytte pakkar som DUÅ. Kjøp av pakkeløysingar og kven som set premissar for kvardagspraksis i barnehagen må lyftast opp og problematiserast av barnehagelærarar. Kommuneleiing må stole på barnehagelærarar sin faglege kunnskap om barn, barns utvikling, deira kompetanse i å leggje til rette læringsmiljøet og utøve ein handlingspraksis i kvardagen som fremjar utvikling og varetek alle barn.

Powered by Labrador CMS