Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag
Foto: Kristianne Marøy
KrF må vere tru mot sidemålskarakteren
Debatt: – Å ha ein eigen karakter i sidemål viser at bokmål og nynorsk er like viktige språk i Noreg.
Før stortingsvalet
for fire år sidan sa eg med bakgrunn i stortingsvalprogrammet: «KrF har
alltid vore ein trygg og solid støttespelar for nynorsken, og det er partiet òg
denne gongen.» No er eg meir usikker.
Eit mindretal i programkomiteen vil rokke ved sidemålet sin plass
i skulen. Landsmøtet denne helga skal ta stilling til ein dissens om ein heilt
grunnleggjande del av sidemålsordninga: korleis elevane blir vurderte, i dag
gjennom eigen karakter i skriftleg sidemål. Det er avgjerande viktig at
landsmøtet slår fast at elevane skal få vurdert kompetansen sin i sidemål, og
at dette skal synleggjerast på vitnemålet.
Å ha ein eigen karakter i sidemål viser at
bokmål og nynorsk er like viktige språk i Noreg. Det er ei konkret og tydeleg
stadfesting av språkleg likestilling. Å fjerne karakteren vil sende eit signal
om at sidemålet tel mindre – og slik svekkje både likestillinga og respekten
for mindretalsspråket nynorsk. Eigen karakter i sidemål styrkjer også sjølve
opplæringa. Når elevane får ei sjølvstendig vurdering i sidemål, får dei betre
tilbakemelding på utviklinga si, og opplæringa blir meir strukturert og
forpliktande – både for lærarar og elevar. Det aukar læringsutbyttet og
motiverer elevane til å gjere ein innsats. Dette er særleg viktig i ein
karakterstyrt skulekvardag.
KrF skriv i programutkastet sitt at «et språk i
mindretallsposisjon har et vanskeligere utgangspunkt enn et språk som benyttes
av flertallet. Det må derfor være en prioritert oppgave å løfte nynorskens
status som bruksspråk, og fjerne hindringer som nynorskbrukere møter.» Dette
viser at KrF forstår at det er ulike vilkår for dei to språka våre – og at det
krev politisk handling å jamne ut forskjellane.
Difor håpar Mållaget at KrF ikkje svekkjer sidemålsordninga i same
programmet og med det skrotar sidemålsordninga slik vi kjenner henne. Om noko,
bør ordninga forbetrast. Vi veit mykje om kva som skal til for å auke
kompetansen i og haldningane til nynorsk: tidleg start med sidemål slik læreplanane ynskjer, betre og meir engasjerande undervisning og lærarar som
kjenner seg trygge på å undervise i og på nynorsk.
Alt ligg til rette for at KrF framleis kan vere ein nøkkelalliert
for nynorsken i norsk politikk. Det er særleg viktig om det blir eit borgarleg
fleirtal. Men då må landsmøtet våge å stå på mindretalet si side – og ikkje
svekkje eit av dei viktigaste verkemidla for språkleg likestilling i skulen.