Lat born vere born, teorien kjem tidsnok
Debatt: Grunnskulen har fått to ekstra år med undervisningstid, utan å gi elevane meir leik, utforsking eller praktisk læring.
I staden blir dei yngste møtt av teorikrav dei ikkje er modne for, og læreplan og dei vaksne sine ambisjonar tvingar lærarane til å møte ungane som uferdige vaksne i staden for som born, med sine eigne særdrag og kvalitetar. No har vi endeleg ein minister som tek til vitet, og vil gjere kvardagen betre for dei minste i skulen.
I denne samanheng kan det vere relevant å nemne at 21. november hadde Elise Farstad Djupedal disputas ved NTNU. Ho har i doktorgradsarbeidet sitt mellom anna undersøkt utviklinga i timetalet i norsk grunnskule, og kome fram til at dersom ein reknar inn seksårsreforma og påfølgjande læreplanendringar, har den samla undervisningstida auka med om lag to år. Det er eit dramatisk tal, særleg når ein tek i betraktning at denne veksten i timar ikkje har resultert i meir praktisk, utforskande eller skapande undervisning for dei yngste elevane.
Trass i fleire år på skulebenken startar mange elevar framleis i eit skuleslag som er sterkt prega av tidleg «skulifisering»: stillesitjing, teoretiske arbeidsformer og eit vurderingsregime som (kanskje) høver betre for ungdommar enn for born
Stoltvangen for dei yngste, med tidleg innføring av teoretiske element ein stappfull timeplan har ikkje styrka den akademiske interessa eller læremotivasjonen. Om me hadde gitt dei lov til å vere ungar litt lengre – med meir leik, fysisk aktivitet og estetiske fag ville dei sannsynlegvis hatt større appetitt på teoretisk læring når tida er inne.
Eg er glad i, og har undervist i, engelsk, KRLE og samfunnsfag, og det er sjølvsagt at elevar ved slutten av grunnskulen skal ha god kompetanse i alle tre faga. Desse faga er viktige for å forstå verda, kulturen og samfunnet vi lever i. Men eit klokt grep er likevel å gje meir luft til barnetrinnet. Når eg seier «luft», meiner eg både ein meir rommeleg og luftig timeplan og ekte frisk luft. Barn er naturleg disponerte for å lære med sansane og kroppen, og eit skuleliv som legg til rette for dette byggjer grunnmuren for seinare læring.
Då eg var lærar i ungdomsskulen møtte eg altfor mange åttandeklassingar som var lei av skulen, til trass for både praktiske og teoretiske evner. Mange av dei hadde brent mykje av kruttet sitt alt på barnetrinnet, og var særleg utmatta av alle vurderingane. Engelsk, KRLE og samfunnsfag kjem tidsnok; kompetansen skal vurderast ved slutten av opplæringsløpet, ikkje tidlegast mogleg. Håret må få vekse ut før vi klipper det.
Det er òg eit svært konkret og ofte underkommunisert poeng at engelsk er eitt av dei faga der barneskulelærarar samla sett har færrast studiepoeng.
Situasjonen er betre på ungdomstrinnet og særleg i vidaregåande, der engelskfaget tradisjonelt har vore tyngre forankra. For KRLE er situasjonen framleis pinsam dårleg når det gjeld fagkompetanse, både i barne- og ungdomsskulen. Samfunnsfag er eit sorgens kapittel for seg: uklare kompetansekrav, eit diffust og svevande faginnhald, samt ein langvarig tradisjon for at det er eit fag «alle kan ta» for å fylle opp arbeidsplanen. Dette går ut over både kvalitet og retning. Før hadde vi ei viss arbeidsdeling i faget mellom geografi, samfunnskunnskap og historie, men no er det ei suppe. Døme frå læreplanen til 2. klasse (!):
«utvikle
og presentere samfunnsfaglige spørsmål», «reflektere over hvorfor mennesker har
ulike meninger og tar ulike val», «beskrive og gi eksempler på mangfold i
Norge, med vekt på ulike familieformer og folkegrupper, inkludert det samiske
urfolket», «utforske og gi eksempler på hvordan barn kan påvirke beslutninger
og samarbeide om demokratiske prosesser» og «samtale om muligheter og
utfordringer ved digital samhandling».
Dette er et utval av kompetansemål for barn i tallfellinga. At dei skal sleppe å «samtale om muligheter og utfordringer ved digital samhandling», er både humant og ressurssparande.
Eg ser fram til ei mogleg sanering av desse faga på dei lågaste årstrinna. Men dette må følgjast av ein strategisk opptrappingsplan for fagleg styrking seinare i utdanningsløpet. Når elevane først møter desse faga med full tyngde, må dei møtast av lærarar med solid fagkunnskap. Det er viktigare kva kompetanse dei går ut av skulen med, enn å plage dei mest mogleg tidleg i opplæringa.
Kunnskapsministeren peikar på noko heilt sentralt: det å utvikle eit positivt forhold til lesing, skriving og rekning er sjølve fundamentet for læring. Gode grunnleggande dugleikar gjer elevane trygge, meir nysgjerrige og meir sjølvstendige i møte med nytt lærestoff. Dette kjem ikkje gjennom vurderingspress og for tidlege teoretiske krav. Det kjem gjennom rike leseopplevingar, tid til samtale og refleksjon, og eit læringsmiljø som byggjer på meistring og oppleving heller enn måling.
Elevane må få boltre seg i allsidig litteratur: bildebøker, sakprosa, lengre forteljingar, dikt. Dei må trene lesekondis, ikkje gjennom vurdering kvar veke, men gjennom å møte saktekstar og skjønnlitterære tekstar som passar til alderen og utviklinga, og som stimulerer både fantasi, hjarte, innleving og tanke.
Dei må og sleppe å bli utsette for eit kontinuerleg vurderingsmareritt, slik situasjonen dessverre er i dag, er elevane vande med å bli vurderte i alt dei gjer. Det juridiske har teke over for det pedagogiske.
Eg vonar ministeren i tillegg til å slanke timeplanen tek eit oppgjer med denne vurderingskulturen. All denne måletvangen er djupast sett ei mistru til at læring er kjekt og interessant.
Elevane treng å få vere barn, til å lære i sitt tempo, og til å finne gleda i kunnskap. Ja til fjerning av teorifag i barneskulen og ja til at desse faga blir grundig undervist seinare, til elevar som er klare for dei.