joggesko
ungdom
utenforskap

Skolar slepp ikkje inn elevar med joggebukse

Tysk foreldreleiar meiner alle skolar bør ha ein kleskode som skal gjelde i alle forbundslanda.

Publisert Sist oppdatert

Det er framfor alt kle som er fillete eller kle som kan bli oppfatta som upassande eller dekkjer for lite av kroppen, som leiaren i foreldrerådet Christiane Gotte vil ha skolen med på å stoppe. Ho meiner dei som kjem slik på skolen må få beskjed om å gå heim og kle seg skikkeleg før dei kjem tilbake,  ifølgje fjernsynsstasjonen ZDF.

Dette vil særleg vere ei lette for mødrene, ifølgje Gotte. Dei vil sleppe unna morgon-diskusjonane om passande kle.

ZDF melder at det alt er skolar som ikkje slepp elevane inn om dei har på seg joggebukse.

Både Tysk Lærarforbund (Deutcher Lehrerverbans) og Forbundet for utdanning og oppseding (Verband Bildung und Erziehung) er likevel tydeleg i mot framlegget frå leiaren i foreldreorganisasjonen.

– På grunn av vår historie er vi i Tyskland opptatt av at folk skal vere sjølvmyndige og ta eigne avgjerder. Da kan vi ikkje ha reglar for kor lang ei t-skjorte skal vere, heiter det frå Tysk Lærarforbund. Frå Forbundet for utdanning og oppseding heiter det i kommentaren at klesreglar og skoleuniform ikkje vil dekke over sosial skilje

Powered by Labrador CMS